Curtis Mayfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Curtis Mayfield
Curtis Mayfield.png
Mayfield på nederlandsk fjernsyn i 1972
Fødd3. juni 1942(1942-06-03)
FødestadChicago, Illinois i USA
Død26. desember 1999 (57 år)
DødsstadRoswell i Georgia i USA
OpphavUSA
Aktiv1956–1999
Sjanger
Instrument
  • Vokal
  • piano
  • klaverinstrument
  • gitar
Stemmetypekontratenor
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar-låtskrivar
  • gitarist
  • plateprodusent
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Grammy Legend Award

Curtis Lee Mayfield (3. juni 194226. desember 1999) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og plateprodusent, og ein av dei viktigaste musikarane bak soul og politisk afroamerikansk musikk.[1][2] Han fekk først suksess med The Impressions under borgarrettsrørsla seint i 1950- og 1960-åra, og arbeidde seinare som soloartist.

Mayfield var fødd i Chicago i Illinois og byrja musikkarrieren i eit gospelkor. Han flytta til North Side, der han møtte Jerry Butler i 1956, 14 år gammal, og vart med i vokalgruppa The Impressions. Som låtskrivar vart Mayfield kjend som ein av dei første musikarane som skreiv om samfunnssaker i soulmusikken. I 1965 skreiv han «People Get Ready» for The Impressions, som var eit døme på den meir politiske låtskrivinga hans. Songen er rangert på 24. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene,[3] og songen fekk mange andre prisar.

Etter Mayfield slutta i The Impressions i 1970 for å foksuere på solokarrieren, gav han ut fleire album, som filmmusikken til blaxploitation-filmen Super Fly i 1972. Filmmusikken var kjend for dei samfunnsmedvitne tekstane som hovudsakleg hadla om byminoritetar og kriminalitet, fattigdom og dopmisbruk. Albumet vart rangert på 72. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]

Mayfield vart lam frå nakken og ned etter at han fekk noko lysustyr ovr seg under ein konsert i Wingate Field i Flatbush i Brooklyn i New York den 13. august 1990. Trass i dette fortsette han karrieren som plateartist og gav ut eit siste album, New World Order i 1996. Mayfield vann ein Grammy Legend Award i 1994 og ein Grammy Lifetime Achievement Award i 1995, og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, som medlem av The Impressions i 1991, og igjen i 1999 som soloartist. På same vis er han innlemma to gonger i Grammy Hall of Fame. Han døydde av komplikasjonar frå diabetes i 1999, 57 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Curtis Mayfield Arkivert November 23, 2006, ved Wayback Machine. Henta 24. februar 2018.
  2. «Soul icon Curtis Mayfield dies», BBC News, 27. desember 1999: «Credited with introducing social comment to soul music». Accessed 24. februar 2018.
  3. «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 24. februar 2018. 
  4. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 24. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Curtis Mayfield