Curved Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Curved Air

OpphavLondon i England
Aktiv1970–1973, 1974–1976, 1984, 1988, 1990, sidan 2008
SjangerProgressiv rock
Tilknytte artistarSisyphus, The Police, Sky
PlateselskapWarner Bros., Deram, BTM
Tidlegare medlemmer

Curved Air er ei engelsk progressiv rockegruppe skipa i 1970[1] av musikarar frå ein blanda bagrunn, inkludert klassisk musikk, visesong og elektronisk musikk. Resultatet var ei blanding av progressiv rock, folkrock og fusion med klassiske element. I lag med High Tide og East of Eden, var Curved Air blant dei første rockebanda etter It's a Beautiful Day, The Flock og the United States of America som brukte fiolin.[2] Curved Air gav ut åtte studioalbum, der dei tre første nådde topp 20 i Storbritannia. Dei fekk ein hitsingel med «Back Street Luv» (1971), som nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart.[3]

Bandhistorie[endre | endre wikiteksten]

Sisyphus[endre | endre wikiteksten]

Gruppa utvikla seg ut av bandet Sisyphus,[4] som spelte ein av sine tidlege konsertar i ballsalen på Leith Hill Place i Surrey for eit maskeradeball. [5] Bandet vart skipa avDarryl Way (som studerte fiolin på Dartington College og Royal College of Music) og Francis Monkman som studerte ved Royal Academy of Music.[6][7] Då han gjekk og kikka i ein musikkforretning, vart Monkmann interessert av lyden Way laga då han samstundes testa ein forsterka fiolin, og dei to kom i snakk.[8] Dei oppdaga at dei hadde mykje til felles og i 1969 inviterte dei pianisten Nick Simon, som i lag med bassisten Rob Martin og trommeslagaren Florian Pilkington-Miksa, fullførte besetninga i Sisyphus.[6] Monkman sa seinare: «Darryl og Nick likte godt Spirit. Ein kan sei at dei var ei inspirasjonskjelde for Curved Air».[6] Mange av dei tidlege Curved Air-songane var skrivne for Sisyphus, som «Young Mother in Style» og «Screw».[6]

Sisyphus fekk hyre som akkompagnement for det nye skodespelet til Galt McDermott, Who the Murderer Was, ved Mercury Theatre i Notting Hill Gate, der dei sat i orkestergrava.[2] Mark Hanau, som var aspirerande bandmanager på den tida, såg showet og ønskte å bli manager for Sisyphus. Han meinte at Sonja Kristina, ein lovande visesongar han hadde sett på scenen i London under musikalenHair,[9] var den manglande ingrediensen i gruppa. Den 1. januar 1970 kontakta Hanu ho gjennom songaren og impresarioen Roy Guest. Ho lytta til ein kassett av musikken til bandet og vart imponert.[10] Med Kristina i bandet og Nick Simon på veg ut, vart Sisyphus omvandla til Curved Air, kalla opp etter albumet A Rainbow in Curved Air av den samtidige komponisten Terry Riley.[2] Namnet indikerte at Monkman, som hadde spelt på den første framføringa i London av In C, var stor fan av Riley.[6] Den nye stilen til bandet kom raskt til syne og det fem mann store Curved Air var i gang med Sonja Kristina som både frontkvinne og sexsymbol.[9][11]

Frå starten til slutten[endre | endre wikiteksten]

Etter ei rekkje intense øvingar i heimen til Martin i Gloucestershire,[12] drog bandet ut på ein turné i Storbritannia, som vart godt motteken. På eit tidspunkt var dei oppvarmingsband for Black Sabbath.[13] Bandet turnerte med sin eigen lydteknikar, Shaun Davies (seinare produsent for bandet til Way etter Curved Air band, Wolf), som gjorde at dei fekk ein betre lydmiks på scenen enn andre grupper, med uvanlege kombinasjonar av instrument. Faren til Shaun, Guy Davis, laga pleksiglasfiolinane som Way, og seinare Jobson, brukte.[14] Plateselskapa kjempa om å få Curved Air i stallen sin,[14] and og sommaren 1970 fekk Curved Air kontrakt med Warner Bros., og vart det første britiske bandet i stallen deira.[2] Bandet fekk eit mykje omtalt forskot på 100 000 pund[15] og debutalbumet deira Air Conditioning kom ut i november. Det vart det første kommersielt tilgjengelege biletplata som vart gjeven ut som LP i Storbritannia.[5] Albumet nådde åttandeplassen på UK Albums Chart,[16] og singelen «It Happened Today» kom ut før albumet. John Peel plukka opp bandet og dei spelte fleire gonger på radioprogrammet til Peel og «Implosion»-hendingar på Roundhouse.

Bassisten Rob Martin slutta på grunn av ei skade i handa og vart erstatta av Ian Eyre. Bandet gav ut «Back Street Luv», som nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart og vart den mest suksessrike singelen til bandet til då.[16] Second Album nådde 11. plassenpå albumlista. Ein singel, som ikkje var på noko album, «Sarah's Concern», selde heller dårleg.[2]

Bandet drog på tre turnear i USA og bygde ein trufast tilhengjarskare der.[11] I løpet av dei stadige turneane vart trommeslagaren Pilkington-Miksa sjuk og seint i 1971 og fleire månader framover vart han erstatta av Barry de Souza (Lou Reed, Jeff Beck, Kate Bush), som bandet kjende frå før. Det var DeSouza som spelte med Curved Air i 1971 på det tyske fjernsynsshowet Beat Club, der dei framførte «Back Street Luv».[6] Seint i 1971 vart Sonja Kristina med Faces, Soft Machine, Marc Bolan og David Bedford for eit juleshow på BBC Radio.[9]

7. mai 1971 var Curved Air oppvarming for B.B. King og Johnny Winter på ein konsert i New Orleans.

Då det tredje albumet skulle lagast vart det store musikalske usemjer i bandet. I følgje eit intervju Sonja Kristina gjorde med Cherry Red i 2007 var Monkman fascinert av overtonar og naturlege harmoniar, og «den andre lidenskapen hans var og er jamming... verkeleg 'lang der ute', kosmisk rockejamming. Og det er ikkje Darryl i det heile... Han er ein særs disiplinert perkusjonist og likar at ting er presist og så utsøkt som mogeleg. Medan Francis er heilt den andre vegen. Han vil berre spele og ting berre kjem ut av kosmos».[10] Monkman forklarte «I røynda respekterer Darryl og meg kvarandre, men me er ikkje samde om det meste. Og me fekk det aldri heilt til å skrive songar i lag. Eg ønskte å få mitt første «episke» verk saman, så ein splid oppstod mellom oss då me spelte inn Second Album. Faktisk var senteret aldri heilt solid etter Rob slutta».

Denne delinga gjekk att i arrangementa av songar på Second Album og Phantasmagoria. Side A på begge albuma bestod av musikk komponert av Darryl Way, medan side B bestod av komposisjonar laga av Monkman, utan at dei to samarbeidde noko særleg. Medan bandet var i studio hamna dei i pengetrøbbel. Monkman sa seinare «Eg hugsa augneblinken då Clifford Davis, manageren vår etter Mark Hanau, fortalte kva me måtte gjere for å gå i null. Me kjende oss utbrende.» Mot slutten av 1972 var Monkman i følgje seg sjølv eit «nervevrak» og på randa av eit fysisk og psykisk samanbrot.[6] Han måtte gå med øyrepluggar på London Underground og gjekk til naturopat tre gonger i veka.

Phantasmagoria vart spelt inn med bassisten og gitaristen Mike Wedgwood, som erstatta Eyre.[17] Albumtittelen kom frå Lewis Carroll-diktet med same tittel. Albumet kom ut i april 1972 og nådde tjuandeplassen i Storbritannia.[16]

Curved Air vart oppløyst og Way skipa Darryl Way's Wolf, Pilkington-Miksa vart med i bandet til Kiki Dee og Monkman vart studiomusikar og spelte mellom anna seinare i supergruppa Sky.

Det nye Curved Air[endre | endre wikiteksten]

Sonja Kristina og Mike Wedgwood hadde hatt eit godt arbeidsforhold og skipa eit nytt band med Kirby Gregory (elektrisk gitar), Eddie Jobson (klaverinstrument, fiolin) og Jim Russell (trommer). Jobson hadde kome frå eit band kalla Fat Grapple, som hadde vore eit av oppvarmingsbanda til Curved Air.[9] Dei nye musikarane førte med seg ein meir direkte rockeenergi og med det unge vedunderbarnet Eddie Jobson, som var inspirert av Curved Air, heldt dei på ein stil med klassisk blanding. Etter forslag frå manageren Clifford Davis, heldt dei fram å bruke namnet Curved Air etter å ha fått godkjenning og støtte frå bandmedlemmane som hadde slutta.

Kristina sa seinare: «Det eg ønskte å gjere med bandet på den tida var å få meir rock inn i biletet, og gitarpelinga til Kirby engasjerte meg verkeleg  – han var verkeleg vill. Og Jim var på same måten, ein særs solid rocketrommis. Mike og eg hadde veldig lyst å halde fram, og det var manageren vår Clifford Davis som sa at det var betre for forretningane om me fortsette å kalle bandet Curved Air. Så me heldt namnet og følgde det same mønsteret som før, som eit låtskrivarband. Alle i det nye bandet bidrog med materiale utanom Jim Russell, som eigentleg ikkje var låtskrivar. Før det hadde me hovudsakleg berre Darryl og Francis, meg eg hadde òg fått nokre av mine eigne songar inn.[9] Der dei tre første albuma til Curved Air alle hadde gått inn på topp 20 i Storbritannia, selde det nye albumet deira, Air Cut,[18] for dårleg til å kome inn på lista.

Ikkje lenge etter det kom ut, vart Eddie Jobson spurt om å erstatte Brian Eno i Roxy Music,[19] så Kirby Gregory og Jim Russell slutta alle i gruppa for å skipe Stretch. Sonja Kristina spelte inn eit demolydband for Warner Brothers, men dei avslutta.[9] Desse demoane vart sidan gjevne ut som ein del av Lovechild. Mike Wedgwood vart med i Caravan.[2]

Sameining[endre | endre wikiteksten]

I 1974 saksøkte Chrysalis bandet. «Me hadde brote kontrakten deira etter råd frå Clifford Davis, som sa me kunne bevis at dei ikkje hadde handla i vår interesse, men på den tida var han ikkje lenger manageren vår!» forklarte Monkman. For å betale ei enorm meirverdiavgift,[20] kom delar av gruppa saman att i september 1974 (Kristina, Way, Monkman og Pilkington-Miksa) for ein tre veker lang turné i Storbritannia,[5] sett saman av manageren til Darryl Way, Miles Copeland III. Dette forstyrra det nye bandet til Way, Stark Naked and the Car Thieves, og sidan Curved Air trengde ein bassit, tok Way med seg bassisten i det nye bandet sitt, Phil Kohn.

På denne turneen spelte Sonja Kristina ut rolla som sexsymbol i Curved Air på langt meir dramatisk vis enn tidlegare. I tida mellom bandet var oppløyst og den nye turneen hadde ho arbeidd som croupierPlayboy Club i London[9] og kom attende på scenen med Curved Air kledd i gjennomsiktige blonder, fjør og perler.[10]

Eit konsertalbum og ein singel vart spelte inn under dei tre vekene turneen varte, og dei klarte å betale skatterekninga. Etter gjelda var bestalt, såg ikkje Monkman og Pilkington-Miksa noko grunn til å bli verande i bandet, så Curved Air vart oppløyst ein tredje gang på like mange år.[20]

Stark Naked, the Car Thieves og Curved Air[endre | endre wikiteksten]

Darryl Way ønskte å halde fram Curved Air med Sonja Kristina. Way henta inn to medlemmar til frå «Car Thieves», gitaristen Mick Jacques og trommeslagaren Stewart Copeland.[20] No kom fleire medlemmar frå denne besetninga frå Stark Naked and the Car Thieves enn Curved Air .[20] Med Darryl Way i styringa,[13] drog dette nye bandet ofte i den same klassiske og folkemusikkbaserte retninga som originalbandet hadde gjort og spelte no klassiske Curved Air-songar på konsertane sine. Men kjernen i stilen stod i pop, rhythm and blues og hardrock. Miles Copeland III, som framleis tente som manager for gruppa, sette dei på sitt eige selskap, BTM.[21]

Bandet drog i gang ein europeisk turné, som starta dårleg.[20] Way, som var ein notorisk perfeksjonist,[10][22] vart utolmodig med bandkollegaene sine, særleg den unge trommeslagaren Copeland.[20] Så på eit eller anna tidspunkt berre fall brikkene på plass for bandet, og dei vart raskt populære og eit ettertrakta konsertband.[20]

Studioarbeidet deira var derimot ei anna soge. Phil Kohn slutta og bandet klarte ikkje å erstatte han i tide for innspelinga for Midnight Wire, og måtte bruke gjestemusikarar til å spele både bass (John G. Perry) og klaverinstrument (Peter Wood). Norma Tager, ein ven av Kristina, skreiv tekstar til songane.[9] Kohn vart seinare erstatta av Tony Reeves,[5] tidlegare i Colosseum og Greenslade, men innspelingane for både Midnight Wire og Airborne i 1976 var dyre og særs stressande for alle involverte.[20] Ingen av albuma - i tillegg til «Desiree», ein singel frå Airborne – klarte å nå listene.

Way var misnøgd med at BTM Records ikkje klarte å marknadsføre Curved Air skikkeleg og slutta.[20] Sjølv om Alex Richman frå Butts Band steppa inn på klaverinstrument,[7] tapte bandet det som i røynda var leiaren deira. Den siste utgjevinga til denne besetninga var ein versjon av «Baby Please Don't Go» og sjølv om dei heldt utselde konsertar, gjekk heller ikkje denne innspelinga inn på listene. Etter fleire månader mista dei dampen og Curved Air gjekk stille i oppløysing. Copeland skipa The Police, Reeves gjekk attende til arbeidet som produsent og spelte i det halvprofesjonelle bandet Big Chief i lag med Jacques, og Kristina og Way satsa begge på solokarriere. Kristina og Copeland heldt eit tett personleg forhold og gifta seg i 1982.

Mellomtida[endre | endre wikiteksten]

Curved Air var som gruppe stort sett inaktive dei neste tre tiåra, medan det kom ut samleplater no og då. I 1984 spurte Darryl Way Sonja Kristina om å syngje på ei av soloplatene hans. To av songane, «Renegade» og «We're Only Human», kom ut på singel under namnet Curved Air. Eit tredje spor, ein coverversjon av «O Fortuna», vart gjeven ut som eit solospor av Sonja Kristina på B-sida til «Walk on By», men vart trekt attende etter protestar frå Carl Orff-buet.[9] Ein annan song, «As Long as There's a Spark», vart opphavleg spelt inn av Way og Kristina, men gjeven ut som eit solospor av Darryl Way, der Way sjølv song vokoal. Way og Kristina følgde desse innspelingane med ein kort turné i 1988, igjen under namnet Curved Air.[2]

I 1990 gav den originale kvartetten med Kristina, Way, Monkman og Pilkington-Miksa ein enkel konsert i London, med Noden's Ictus som oppvarmingsband.[9] Denne konserten vart innspelt og gjeven ut som Alive, 1990 i 2000.[2]


Etter denne eine konserten, sette gitaristen Mike Gore i gang ei rekkje jammar der tre av fem frå det originale Curved Air var med: Monkman, Pilkington-Miksa og Martin.[23] I 1991 vart fleire av desse jammane innspelte og til slutt gjeven ut som eit soloalbum av Monkman kalla Jam i 2002.

Etter 2008[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 2008 kom bandet saman att.[24][25] Den 4. mai 2008 kom det ei melding i Curved Air Yahoo Group, der Kristina fortalte at den nye besetninga kom til å bli ho sjølv, Darryl Way (fiolin), Florian Pilkington-Miksa (trommer), Andy Christie (gitar) og Chris Harris (bass). Francis Monkman, som opphavleg vart avbilda med Kristina, Way og Pilkington-Miksa for sameininga, forlet prosjektet. «Uheldigvis hadde han ikkje same visjonen som resten av oss for korleis me skulle møte det nye prosjektet og var ikkje villig til å inngå kompromiss», sa Way.[13] Den nye besetninga spelte i Sør-England, Italia og Malta i 2008.

I 2008 kom plateboksen Reborn ut med 12 nyinnspelte Curved Air-songar og to nye songar («Coming Home» og «The Fury»).[26] To gamle songar, «Melinda» og «Elfin Boy», vart omarbeidde og produserte av Marvin Ayres.[13] Fredag 13. juni spelte Curved Air på Isle Of Wight-festivalen[27] til generell positiv respons.[28]

For nokre konsertar i Japan i januar 2009 vart gitaristen Kit Morgan erstatta av Christie.[29] Den 9. august 2009 var Eddie Jobson vikar for Darryl Way på ein enkel konsert i Chislehurst.

Curved Air på scenen på The Borderline i London i februar 2018.

Eit konsertalbum med innspelinga frå den førre britiske turneen deira, Live Atmosphere, kom ut 2. april 2012.

Way kunne ikkje spele konsertane deira i oktober 2009 og Robert Norton (klaverinstrument) og Paul Sax (fiolin) vikarierte for han. Denne besetninga (Kristina, Pilkington-Miksa, Harris, Morgan, Sax og Norton) fortsette å spele konsertar som Curved Air fram til 2013, då Kirby Gregory kom attende og erstatta Kit Morgan på gitar. Dei spelte nokre konsertar i Storbritannia før dei spelte inn eit nytt studioalbum, North Star, som kom ut 17. mars 2014. Dei spelte ti konsertar på våren for å marknadsføre albumet.

Den 4. september 2015 spelte Curved Air ein spesialkonsert på Under The Bridge i London for å markere 45-årsjubileet for utgjevinga av Air Conditioning. Albumet vart spelt i sin heilskap for første gongen. Med seg på scenen fekk dei Darryl Way for «Vivaldi» og to andre songar. Ian Eyre spelte bass på «Back Street Luv».

Kit Morgan kom attende til bandet i november 2016 og erstatta igjen Kirby Gregory, men slutta i august 2018 på grunn av ryggproblem, så den tidlegare Purson gitarist George Hudson spelte med bandet for første gongen. Florian Pilkington-Miksa slutta i november 2017 og vart erstatta av Andy Tween.

I 2019 kom Kirby Gregory attende på gitar i staden av Hudson, og Grzegorz Gadziomski erstatta Paul Sax på fiolin.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Sonja Kristina – vokal (1970–1976, 1984, 1988, 1990, sidan 2008)
  • Chris Harris – bass (sidan 2008)
  • Robert Norton – klaverinstrument (sidan 2009)
  • Andy Tween – trommer (sidan 2017)
  • Grzegorz Gadziomski - fiolin (sidan 2019)
  • Kirby Gregory – gitar (1972–1973, 2013–2016, sidan 2019)
Tidlegare medlemmar
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal, gitar, trommemaskin (1970–1972, 1974–1976, 1984, 1988, 1990, 2008–2009)
  • Francis Monkman – klaverinstrument, gitar (1970–1972, 1974, 1990)
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer (1970–1972, 1974, 1990, 2008–2017)
  • Rob Martin – bassgitar (1970; erstattar 1990)
  • Ian Eyre – bassgitar (1970–1971)
  • Mike Wedgwood – bassgitar, vokal, gitar (1971–1973)
  • Eddie Jobson – klaverinstrument, fiolin (1972–1973; erstattar 2009)
  • Jim Russell – trommer (1972–1973)
  • Phil Kohn – bassgitar (1974–1975)
  • Stewart Copeland – trommer (1975–1976)
  • Mick Jacques – gitar (1975–1976)
  • Tony Reeves – bass, klaverinstrument (1975–1976)
  • Alex Richman – klaverinstrument (1976)
  • Andy Christie – gitar (2008–2009)
  • Kit Morgan – gitar (2009–2013, 2016-2018)
  • Paul Sax – fiolin (2009–2019)
  • George Hudson - gitar (2018-2019)
Vikarierande musikarar

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

Januar 1970 – april 1970 April 1970 – seint 1971 Seint 1971 – seint 1972 Seint 1972 – sommare 1973
  • Sonja Kristina – vokal
  • Rob Martin – bassgitar
  • Francis Monkman – klaverinstrument, gitar
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Sonja Kristina – vokal
  • Francis Monkman – klaverinstrument, gitar
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Ian Eyre – bassgitar
Andre medverkande
  • Barry de Souza – trommer (vikarierte for Pilkington-Miksa - 1971)
  • Sonja Kristina – vokal
  • Francis Monkman – klaverinstrument, gitar
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Mike Wedgwood – bassgitar, vokal, gitar
  • Sonja Kristina – vokal, akustisk gitar
  • Mike Wedgwood – bassgitar, vokal, gitar
  • Eddie Jobson – klaverinstrument, fiolin
  • Kirby Gregory – gitar
  • Jim Russell – trommer
Sommaren 1973 Sommaren 1973 – september 1974 September 1974 – desember 1974 Seint 1974 – tidleg 1975
  • Sonja Kristina – vokal, akustisk gitar
  • Mike Wedgwood – bassgitar, vokal, gitar
  • Eddie Jobson – klaverinstrument, fiolin

Disbanded

  • Sonja Kristina – vokal
  • Phil Kohn – bassgitar
  • Francis Monkman – klaverinstrument, gitar
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Sonja Kristina – vokal
  • Phil Kohn – bassgitar
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Stewart Copeland – trommer
  • Mick Jacques – gitar
Tidleg 1975 – seint 1975 Seint 1975 – seint 1976 Seint 1976 1976–1984
  • Sonja Kristina – vokal
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Stewart Copeland – trommer
  • Mick Jacques – gitar
  • Sonja Kristina – vokal
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Stewart Copeland – trommer
  • Mick Jacques – gitar
  • Tony Reeves – bass
  • Sonja Kristina – vokal
  • Stewart Copeland – trommer
  • Mick Jacques – gitar
  • Tony Reeves – bass
  • Alex Richman – klaverinstrument

Disbanded

1984 1984 – september 1990 September 1990 September 1990 – tidleg 2008
  • Sonja Kristina – vokal
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, gitar, trommemaskin

Disbanded

  • Sonja Kristina – vokal
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Francis Monkman – klaverinstrument, gitar
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer

Disbanded

Tidleg 2008 – januar 2009 Januar 2009 – oktober 2009 Oktober 2009 – oktober 2013 Oktober 2013 – november 2016
  • Sonja Kristina – vokal
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Andy Christie – gitar
  • Chris Harris – bass
  • Sonja Kristina – vokal
  • Darryl Way – fiolin, klaverinstrument, korvokal
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Chris Harris – bass
  • Kit Morgan – gitar
Andre medverkande
  • Eddie Jobson – klaverinstrument, fiolin (vikar for Way – august 2009)
  • Sonja Kristina – vokal
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Chris Harris – bass
  • Kit Morgan – gitar
  • Robert Norton – klaverinstrument
  • Paul Sax – fiolin
  • Sonja Kristina – vokal
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Chris Harris – bass
  • Robert Norton – klaverinstrument
  • Paul Sax – fiolin
  • Kirby Gregory – gitar
November 2016 - november 2017 November 2017 - august 2018 August 2018 - Ssptember 2019 Sidan oktober 2019
  • Sonja Kristina – vokal
  • Florian Pilkington-Miksa – trommer
  • Chris Harris – bass
  • Robert Norton – klaverinstrument
  • Paul Sax – fiolin
  • Kit Morgan – gitar
  • Sonja Kristina – vokal
  • Chris Harris – bass
  • Robert Norton – klaverinstrument
  • Paul Sax – fiolin
  • Kit Morgan – gitar
  • Andy Tween – trommer
  • Sonja Kristina – vokal
  • Chris Harris – bass
  • Robert Norton – klaverinstrument
  • Paul Sax – fiolin
  • Andy Tween – trommer
  • George Hudson – gitar
  • Sonja Kristina – vokal
  • Chris Harris – bass
  • Robert Norton – klaverinstrument
  • Andy Tween – trommer
  • Grzegorz Gadziomski – fiolin
  • Kirby Gregory – gitar

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Listeplassering Kommentar
UK
[30]
US DE CH
[31]
AT
1970 Air Conditioning 8
1971 Second Album 11
1972 Phantasmagoria 20
1973 Air Cut
1975 Midnight Wire
1976 Airborne
2014 North Star Studioalbum med sju nye songar, tre omarbeidde Curved Air-songar og nokre coverversjonar.

Andre album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Listeplassering Kommentar
UK
[30]
US DE CH
[31]
AT
1975 Curved Air – Live
1976 The Best of Curved Air compilation
1990 Lovechild samling av demoar spelt inn i 1973, nokre av dei av Curved Air
1995 Live at the BBC Innspelingar frå 1970, 1971 og 1976
2000 Alive, 1990 Konertopptak frå 1990
2008 Reborn Nye innspelingar av songar frå dei første fem studioalbuma.
2010 Retrospective Samling frå 1970–2009, inkludert tre spor av MASK
2012 Live Atmosphere Konsertalbum

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Listeplassering Kommentar
UK
[30]
US DE CH
[31]
AT
1971 It Happened Today
What Happens When You Blow Yourself Up
Vivaldi
Warner Bros. Records WB 8023 (Storbritannia)
1971 Back Street Luv
Everdance
4 Warner Bros. Records
1972 Sarah's Concern
Phantasmagoria
Warner Bros. Records K 16164 (Storbritannia)
1974 Back Street Luv (re-issue)
It Happened Today (re-issue)
Marie Antoinette
Ultra – Vivaldi
Warner Bros. Records K 16412 (Storbritannia) 4-spors EP
1975 Back Street Luv (konsertopptak)
It Happened Today (konsertopptak)
Deram Records DM 426 (Storbritannia)
1976 Desiree
Kids to Blame
BTM Records SBT 103 (Storbritannia)
1976 Baby Please Don't Go
Broken Lady
BTM Records SBT 106 (Storbritannia)
1984 Renegade
We're Only Human
Pearlkey Records PK 07350 (Storbritannia)
– oppført som Curved Air '84

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Curved Air at». Progarchives.com. Henta 9. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Thompson, Dave. Allmusic Curved Air Biography.
  3. «Curved Air UK Charts». Official Charts Company. Henta 9. april 2020. 
  4. C.Keyes personal communication
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Brennan, Mark (1995). «Curved Air». In Midnight Wire [CD booklet]. Repertoire Records.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 «Francis Monkman». Arkivert frå originalen 10. august 2009. Henta 9. april 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Darryl Way». Arkivert frå originalen 23. juli 2010. Henta 9. april 2020. 
  8. Curved Air. Masters from the Vaults: Curved Air. [DVD]. Intense Gmbh. 
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 «Sonja Kristina». www.curvedair.com. Arkivert frå originalen 25. november 2012. Henta 9. april 2020. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «Cherry Red TV interview». Cherry Red Records. Henta 9. april 2020. 
  11. 11,0 11,1 Vernon Joynson. «Curved Air». The Tapestry of Delights – The Comprehensive Guide to British Music of the Beat, R&B, Psychedelic and Progressive Eras 1963–1976. Henta 9. april 2020. 
  12. James, Bill (May 2008). «Interview: Sonja Kristina». 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 «Curved Air interview». Let It Rock. 2008. Arkivert frå originalen 28. februar 2021. Henta 10. april 2020. 
  14. 14,0 14,1 Welch, Chris (April 2011). «Curved Air – Airconditioning». In Airconditioning [CD booklet]. London: Blue Mountain Music.
  15. Colin Larkin. «Curved Air». The Encyclopedia of Popular Music. Henta 9. april 2020. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 131. ISBN 1-904994-10-5. 
  17. «Phantasmagoria - Curved Air». AllMusic. Credits. Henta 9. april 2020. 
  18. François Couture. «Air Cut - Curved Air». AllMusic. Henta 9. april 2020. 
  19. Wynne, Richard. (1998) Mike Wedgwood interview Arkivert 10. august 2011 ved Wayback Machine., curvedair.com.
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 20,5 20,6 20,7 20,8 Sutcliffe, Phil & Fielder, Hugh (1981). L'Historia Bandido. London and New York: Proteus Books. ISBN 0-906071-66-6. Pages 15–16.
  21. Sutcliffe, Phil (1993). «Stewart Copeland: A Population Statistic». In Message in a Box: The Complete Recordings (pp.10–12) [Boxed set booklet]. A&M Records Ltd.
  22. Welch, Chris (1973). In Canis Lupis [sleeve notes].
  23. Wynne, Richard (2002). In Jam [sleeve notes].
  24. «Curved Air at Reverbnation». Reverbnation.com. Henta 9. april 2020. 
  25. Ticket News, Vernon, CT «Curved Air reunites and hits the road.»
  26. Reborn. www.progarchives.com
  27. Curved Air Arkivert 2012-03-13 ved Wayback Machine.. www.isleofwightfestival.com
  28. Jeff Perkins Curved Air. Reborn Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.. 17 Jan 2009
  29. «The official Curved Air website». Curvedair.com. Arkivert frå originalen 1. september 2009. Henta 9. april 2020. 
  30. 30,0 30,1 30,2 «The Official Charts Company – Curved Air». Official Charts Company. Henta 9. mai 2009. 
  31. 31,0 31,1 31,2 «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». hitparade.ch. Henta 9. mai 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]