Cut the Rope
Cut the Rope | |
Utviklar(ar) | ZeptoLab |
---|---|
Plattform(er) | Android, iOS, Microsoft Windows, Nintendo 3DS |
Utgjeving | Originalutgåve 1. oktober 2010 Holiday Gift Desember 2010 Experiments August 2011 Time Travel 17. april 2013 Cut the Rope 2 19. desember 2013 (iOS) 28. mars 2014 (Android) My Om Nom 18. desember 2014 (iOS) Cut the Rope: Magic 17. desember 2015 |
Sjanger | Hjernetrim |
Spelemodus | Einspelar |
Cut the Rope er ein serie av fysikkbaserte hjernetrimspel utvikla av russiske ZeptoLab. Spela i serien har vorte utgjevne på fleire plattformer og einingar, og består av det opphavlege Cut the Rope (2010) utgjeve av Chillingo, Cut the Rope: Holiday Gift (2010), Cut the Rope: Experiments (2011), Cut the Rope: Time Travel (2013), Cut the Rope 2 (2013 iOS; 2014 Android), My Om Nom (2014 iOS; 2015 Android) og Cut the Rope: Magic (2015).
Målet i Cut the Rope-spela er å mate ein liten grøn skapning, kalla Om Nom, med godteri medan ein samlar inn stjerner. Per mai 2015 hadde Cut the Rope-spela vorte lasta ned meir enn 600 millionar gonger[1] og passerte ein milliard nedlastingar i 2018.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Cut the Rope maker ZeptoLab grabs 10M downloads for King of Thieves (updated)». www.zeptolab.com (på engelsk). Henta 8. februar 2020.
- ↑ «About company. ZeptoLab». www.zeptolab.com (på engelsk). Henta 27. mars 2018.