Hopp til innhald

Cyathea dealbata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cyathea dealbata
Cyathea dealbata
Cyathea dealbata
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karsporeplanter Pteridophyta
Klasse: Bregnar Polypodiopsida
Underklasse: Polypodiidae
Orden: Cyatheales
Familie: Cyatheaceae
Slekt: Alsophila
Art: Cyathea dealbata A. dealbata
Vitskapleg namn
Alsophila dealbata

Cyathea dealbata er ei ei middelstor trebregne som er stadeigen (endemisk) på New Zealand. Bregna er nasjonalplanten til New Zealand.

Cyathea dealbata kan heita silver-fern ('sølvbregne') eller silver tree fern ('sølvtrebregne') på engelsk og kaponga eller pongamaori.[1]

  • Polypodium dealbatum G. Forster, 1786
  • Cyathea tricolor Colenso, 1883
  • Alsophila tricolor (Colenso) Tryon, 1970

Planten kan veksa seg over ti m høg (men kan ein sjeldan gong opptre som krypplante). Kruna er tett, og bregneblada kan verta om lag fire m lange. Dei har ein sølvkvit farge på undersidene og lysare grøn på oversidene. Denne klåre, sølvaktige fargen har gjort dei nyttige som markørar langsetter stiar, så ein kan sjå å gå i mørke. Skjella er mørkt brune, og er ofte vridde og glinsande.

Utvikling og vokster

[endre | endre wikiteksten]

Cyathea dealbata kom til New Zealand relativt seint, under pliocen[2] (kring 5-1,8 millionar år sidan). Bregna finst på dei newzealandske øyene og på Chatham Islands i aust, mest i nærleiken av tørrare skogar og i open krattskog. Ho er kjend for å veksa godt i vel drenert humus, og når ho først har slått rot, greier ho gjerne tørrare vokstervilkår. Ho veks best i ly frå vind, og bør vernast mot frost. Sølvbregna veks ikkje på skogbotnen under dei tette krunene til utvaksen skog.

Sølvbregna i bruk

[endre | endre wikiteksten]
Koruspire
  1. Maoriordet ponga (IPA:'poŋa) er eit låneord i newzealandsk engelsk som ei uspesifikk nemning på trebregner. Engelsktalande uttalar vanlegvis ordet som punga (IPA:'pʌŋə).
  2. Stuart Parsons; et al. (2006). Biology Aotearoa. Pearson Education New Zealand. ISBN 1 877268 00 3. {{cite book}}: Explicit use of et al. in: |forfattar= (hjelp)


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Cyathea dealbata