Karpefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cyprinidae)
Karpefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Rafinesque, 1810

Karpefamilien (Cyprinidane) er ein stor familie karpefisk som lever i ferskvatn, stundom brakkvatn, over heile verda (naturleg i Nord-Amerika, Eurasia og Afrika). I Noreg er familien mellom anna representert gjennom mort, ørekyt, karpe, karuss og karpe. Familien omfattar 2010 kjende artar fordelt på 210 slekter.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Karpane har ikkje tenner framme i kjevane, men delar opp maten sin med fleire radar svelgtenner. Leppene er som regel tynne, og dei fleste artane er overbitte.

Den største arten i familien er kjempebarben, som kan bli over 2,5 m lang. Mange artar vert derimot ikkje større enn 5 cm. Den minste fiskearten i verda, som heiter Danionella translucida og når ei makslengd på 12 mm, er ein cyprinid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Karpefamilien