Czesław Miłosz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Czesław Miłosz
Czeslaw MIlosz 2 ap.tif
Fødd 30. juni 1911
Šeteniai
Død

14. august 2004
Kraków

Czesław Miłosz på Commons

Czesław Miłosz (30. juni 191114. august 2004) var ein polsk poet, prosaforfattar og omsetjar av litauisk opphav som i 1980 fekk Nobelprisen i litteratur for at han «med kompromisslös klarsyn tolkar människans utsatthet i en värld av starka konflikter.»[1][2] Han snakka fleire språk, men dikta på polsk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Miłosz var fødd i Šeteniai i Litauen i dåverande Tsar-Russland, i ein polskspråkleg familie. Han fekk si vidaregåande utdanning i Vilnius, og studerte juss ved Universitetet i Vilnius. Han gav ut si første diktsamling som student, 22 år gammal. Etter denne utdanninga vann han ei statleg stipend for å studera litteratur i Paris.[3]

Seinare arbeidde Czesław Miłosz ei tid i lokal og nasjonal polsk radio. Han arbeidde ved den nasjonale kringkastaren då Tyskland invaderte Polen i 1939, og engasjerte seg i motstanden mot nazistane. Miłosz høyrde makteslaust massakren av jødane i Warszawaghettoen i 1943, noko han seinare skildra i dikt. Året etter var han vitne til øydelegginga av den polske hovudstaden etter Warszawa-opprøret.[3]

Etter krigen blei Czesław Miłosz utnemnd til diplomat, sjølv om han ikkje tilhøyrde kommunistpartiet. Han hoppa av til Frankrike i 1951.[3] I 1960 flytta Miłosz til USA, og i 1970 blei han amerikansk statsborgar. Han blei professor i slaviske språk ved University of California i Berkeley i 1961.[4]

Miłosz vende tilbake til Polen etter at kommunismen fall.[3] Han døydde i Krakow.

Czesław Miłosz i Kraków desember 1998
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1980

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Issadalen. Aschehoug, 1981.Dolina Issy, 195?
  • I løsildens æra. Dikt i utval ved Ole Michael Selberg ; norsk omdikting ved Paal Brekke. Aschehoug, 1981
  • Det trellbundne sinn. Aschehoug, 1981. Zniewolony umysł, 1953
  • Erobringen av makten. Oktober forlag, 1983. Zdobycie Władzy, 1953
  • Poesien som vitne, Charles Eliot Norton-forelesningene 1981-82. Document forlag, 1993
  • Bidrag i antologien Polen forteller. Bokklubben, 1991

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «who with uncompromising clear-sightedness voices man's exposed condition in a world of severe conflicts.»
  2. Nobeltildelinga 1980
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Anderson, Raymond H. (August 15, 2004), Czeslaw Milosz, Poet and Nobelist Who Wrote of Modern Cruelties, Dies at 93, http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=9800E5DC123FF936A2575BC0A9629C8B63, henta 12. juni 2016 
  4. «Czeslaw Milosz - Biographical». nobelprize.org (Nobel Prize Media). http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/literature/laureates/1980/milosz-bio.html. Henta 2014-06-04. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Czesław Miłosz