César Franck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
César Franck

Statsborgarskap Det forente kongeriket Nederlandene, Belgia, Frankrike
Fødd 10. desember 1822
Liège
Død

8. november 1890 (67 år)
Paris

Yrke komponist, organist, musikkpedagog, pianist, lærar
Språk fransk
Ektefelle Félicité Saillot Desmousseaux
Nettstad http://www.cesar-franck.org/
César Franck på Commons

César Auguste Jean Guillaume Hubert Franck (10. desember 18228. november 1890) var ein belgisk pianist, organist og komponist.

Franck blei fødd i Liège. Far hans hadde store ambisjonar for han, og ville at han skulle bli konsertpianist. Han studerte ved konservatoriet i Liège før han begynte ved Pariskonservatoriet i 1837. I 1842 drog han til Belgia for ein periode, men drog tilbake til Paris i 1844 og blei der resten av livet sitt.

César Franck ved orgelet

Franck var ein god pianist, og gjorde snart mange konsertturnar. Likevel var det orgelet som skulle bli arbeidsplassen, og han blei tilsett som organist i St. Clotilde-kyrkja i 1858, noko han held fram med resten av livet. Frå 1872 og livet ut var han òg orgelprofessor ved Paris-konservatoriet. Blant elevane hans var Vincent d'Indy, Ernest Chausson og Henri Duparc. Som organist var han særleg kjend for sin store improvisasjonskunst, og det er på grunnlag av berre 12 større orgelverk Franck av mange vert rekna som historia sin største orgelkomponist etter Bach.

Mange av Franck sine verk utnyttar ei «syklisk form» (bruk av same tema i fleire satsar av eit verk). Musikken hans er ofte kontrapunktisk kompleks, med eit harmonisk språk som er lett romantisk, med noko innverknad frå Richard Wagner.

Francks popularitet kviler i stor grad på nokre få verk komponert i slutten av levetida; særleg symfonien (1886–88), dei «symfoniske variasjonane» for piano og orkester (1885), Preludium, koral og fuge for solopiano (1884) og ein sonate for fiolin og piano (1886).

Det siste verket han fullførte (og eitt av hans største) er koral nr. 3 i a-moll. Franck døydde i 1890 og blei gravlagt på Cimetière du Montparnasse i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: César Franck
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: César Franck