D'Urville Island på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
d'Urville Island
Lokalt namn: Rangitoto Ki Te Tonga
D'Urville Island og Tasman Bay.
D'Urville Island og Tasman Bay.
Geografi
NZ-D'Urville I.png
Stad Cooksundet
Koordinatar 40°50′S 173°52′EKoordinatar: 40°50′S 173°52′E

Areal 150 km²
Lengd 35 km
Breidd 10 km

Høgaste punkt Takapōtaka / Attempt Hill[1] (726 moh.)

Administrasjon
Land New Zealand New Zealand
Demografi
Folketal 52 (2006)

d'Urville Island er ei øy i Marlborough Sounds ved nordkysten til SørøyaNew Zealand. Ho har fått namn etter den freanske oppdagaren Jules Dumont d'Urville. Arealet er om lag 150 km², og ho er den åttande største øya på New Zealand, og har kring 52 permanent busette.[2] Øya vert administrert under Marlborough District Council.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har ei falda kystlinje, slik det ofte er tilfelle med øyer som er danna av framspring i ein nedsokken elvedal (ria). Ho strekkjer seg om kring 35 km nordaust/sørvest, og er litt over 10 km brei på det meste. Austkysten av øya er relativt jamn, om trent på midten ligg den vesle halvøya d'Urville Peninsula. Vestkysten er derimot kjenneteikna av tre større innløp: Port Hardy i nord, Greville Harbour i midten og Manuhakapakapa i sør. Talrike mindre øyer ligg utanfor kysten, den største av desse er Stephens Island, som ligg 3 km utanfor det nordlegaste punktet på d'Urville Island, Cape Stephens. Det høgaste punktet på øya, Takapōtaka / Attempt Hill, 726 moh., ligg nær midtpunktet, like aust for Greville Harbour. Dei fleste av innbyggjarane på øya bur nær austkysten, der dei er mest i ly, og der busetnadane Patuki og Mukahanga ligg nær nordspissen av øya.[3]

Maorinamnet på øya er Rangitoto Ki Te Tonga. Dei lokale iwiane er Ngāti Koata og Ngāti Kuia.

French Pass[endre | endre wikiteksten]

Øya er skild frå Sørøya av det farlege sundet French Pass, kjent blant maoriar som Te Aumiti, som sjøen passerer gjennom med ein fart på opptil 8 knop ved kvart tidevatn. Fleire malstraumar ligg nær denne passasjen. D'Urville undersøkte sundet i fleire dagar i 1827, og skada skipet sitt då han segla gjennom.[2]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Lufttrafikk[endre | endre wikiteksten]

Ei lita flystripe, driven av Department of Conservation, ligg ved Moawhitu, nær Greville Harbour. Flyselskapet Pelorus Air har flygingar til d'Urville Island frå Picton, Wellington og Paraparaumu.[4]

Båttrafikk[endre | endre wikiteksten]

Eit båtsamband med små ferjer vert drive av d'Urville Island Getaway mellom French Pass village og busetnaden Kapowai. Det er også båttaxi mellom d’Urville Island Wilderness Resort ved Catherine Cove og French Pass.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Malcolm McKinnon (2015). «Marlborough places - Western Sounds». Henta 9. juni 2017. 
  2. 2,0 2,1 Gerard Hindmarsh (2006). «Discovering D'Urville». Heritage New Zealand. Arkivert frå originalen 11. mai 2011. Henta 10. juni 2017. 
  3. Reed New Zealand atlas (2004) Auckland: Reed Publishing. Map 61 ISBN 0790009528
  4. http://www.pelorusair.com/flight-prices/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]