Dâmbovița
Dâmbovița | |||
elv | |||
Dâmbovița i Mănești, Dâmbovița fylke
| |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 837 km² | ||
Renn gjennom | București | ||
Lengd | 286 km | ||
Kjelde | Făgărașfjella der elvane Valea Vladului og Boarcășu renn saman | ||
• høgd | 2 100 moh. | ||
Munning | Argeș i București | ||
Dâmbovița 45°29′54″N 24°56′14″E / 45.498333333333°N 24.937222222222°E | |||
Kart over Dâmbovița
| |||
Wikimedia Commons: Dâmbovița River |
Dâmbovița er ei elv i Romania. Ho startar der elvane Valea Vladului og Boarcășu renn saman i Făgărașfjella. Frå her renn ho sørover og gjennom București før ho munnar ut i Argeș etter 258 km, nær Budești, i Călărași fylke. Dâmbovița fylke er kalla opp etter elva.
Dâmbovița i București
[endre | endre wikiteksten]I fleire hundreår var Dâmbovița den viktigaste drikkevasskjelda til București. Det var fleire vassbrønnar, men det meste av vatnet i București vart distribuert av vassberarar.[1]
I gamle soger frå București vert vatnet i Dâmbovița omtalt som «søtt», og sjølv på byrjinga av 1700-talet omtalte Anton Maria del Chiaro elva som «lett og rein». Mot slutten av hundreåret voks byen og elva vart forureina. Derfor trong ein akveduktar for å føre reint vatn til byen. Dei tidlegaste akveduktane vart bygd under fyrst Alexander Ypsilantis.[1]
Det vart bygd mange vassmøller langs Dâmbovița, dei fleste av dei eigd av fyrsten, klostera eller bojarar.
Dâmbovița hadde tidlegare to sideelvar i București:
- Dâmbovicioara, på høgresida, som truleg rann i området der gata Sființii Apostoli ligg i dag.
- Bucureștioara, som rann frå eit tjern der Grădina Icoanei i dag er.
I tillegg var det ei grein av elva kalla Gârlița, som forma øya Ostrovu.
Dâmbovița førte ofte til flaum i București, særleg på den lågare venstrebreidda. Etter storflaumen i 1775 gav Ypsilantis ordre om å byggje ein kanal for å hindre eller minske framtidige flaumar. I 1813 avgjorde fyrst Jean Georges Caradja at elveleiet skulle reinsast.[1] Delen av elva som renn gjennom hovudstaden vart kanalisert to gonger, først i 1883 (for å hindre flaum) og så seint i 1970-åra i samband med ombygging av sentrumsområde og bygginga av București Metro.
Det har aldri vore mogeleg med skipsfart på Dâmbovița, men det vart gjort mislukka forsøk med båtar på elva i 1902.[2]
Tidleg i historia si eksisterte det eit par bruer over Dâmbovița i București. I dag er det om lag eit dusin bruer over elva i hovudstaden.
Byar og landsbyar
[endre | endre wikiteksten]Elva renn gjennom følgjande byar og landsbyar i Romania:
- Dragoslavele
- Malu cu Flori
- Cândești
- Vulcana-Băi
- Voinești
- Mănești
- Dragomirești
- Lucieni
- Nucet
- Contești
- Lungulețu
- București
- Plătărești
- Vasilați
- Budești
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Kanalisering av Dâmbovița i București
-
Dâmbovița i București, akvarell av Amedeo Preziosi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dâmbovița River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ştefan Ionescu, Bucureștii în vremea fanarioților, Editura Dacia, Cluj, 1974. p.28-30
- Florian Georgescu et al. Istoria Orașului București, Muzeul de Istorie a Orașului București, 1965.
- Trasee turistice - județul Argeș [1]
- Trasee turistice - județul Dâmbovița [2]
- Trasee turistice - județul Ilfov [3]