Dåfjorden i Karlsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°1′16.648″N 19°20′39.037″E Dåfjorden er ein fjord på nordsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 11 km sørvestover til bygda Dåfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp på kvar side av Dåvøya gjennom Karasundet i vest og Hestholmsundet i aust. Langs vestsida finn ein gardane Steinnes, Vassbotn og Vatnan, og på austsida av fjorden Håkaby, Sakariasbukta, Langstrand, Rydningen, Steinvollen og Vinterneset.