Déjà vu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Déjà vu (fransk for allereie sett) er ei nemning for ei kjensle av at ein tidlegare har opplevd noko ein i røynda opplever for første gong.

Omgrepet vart første gongen bruka av franskmannen Emile Boirac i boka hans L'Avenir des sciences psychiques. Kjensla av déjà vu blir følgt av ei sterk kjensle av attkjenning, og ofte ei underleg eller nifs stemning.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]