Département d'outre-mer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Département d'outre-mer (oversjøisk departement) er ei nemning på nokre av Frankrike sine landområde i andre verdsdelar enn Europa.

I samband med grunnlova av 1946 for den fjerde franske republikken, vart dei franske koloniane Guadeloupe, Martinique og Fransk Guyana i Karibia og Réunion i Indiahavet départements d'outre-mer (på norsk: oversjøiske département) eller DOM.

Saint-Pierre og Miquelon vart eit DOM i 1976, men statusen vart endra til collectivité territoriale i 1985.

Som ein integrert del av den den franske republikken er alle oversjøiske département representert i den franske nasjonalforsamlinga og senatet. I tillegg vel dei eigne medlemmer til Europaparlamentet og nyttar valutaen euro.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]