Al-Malikiyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dêrika Hemko)
Al-Malikiyah
المالكية
by
Mot nordaust
Kallenamn: ديريك
Land  Syria
Guvernement Al-Hasakah guvernement
Distrikt Al-Malikiyah-distriktet
Høgd 500 moh.
Koordinatar 37°10′N 42°08′E / 37.167°N 42.133°E / 37.167; 42.133
Folketal 26 311  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 052
Kart
Al-Malikiyah
37°10′41″N 42°08′25″E / 37.178055555556°N 42.140277777778°E / 37.178055555556; 42.140277777778
Wikimedia Commons: Al-Malikiyah

Al-Malikiyah (arabisk المالكية, Al Mālikiya, gammalsyrisk ܕܪܝܟ, Dayrik, kurdisk Dêrika Hemko) er ein liten by i Syria og det administrative senteret i Al-Malikiyah-distriktet. Distriktet dannar det nordaustlege hjørnet i landet. Byen ligg kring 20 km vest for Tigris som definerer trippelpunktet mellom Syria, Tyrkia og Irak. Byen er etnisk mangfaldig, slik Al-Hasakah guvernement er. Byen er busett av assyrarar, arabarar, kurdarar, og armenarar. I 2004 var folketalet 26 311.[1]

Al-Malikiyah, som er namngjeven etter ein syrisk offiser Adnan al-Malki, vert òg kalla Dayrik ein assyrisk referanse til eit kloster. Dei opphavlege innbyggjarane i byen er assyrarar som sporar ætta si attende til mange tyrkisk landsbyar (Tur Abdin) som innbyggjarane flykta frå til Syria etter fyrste verdskrigen.

Den nordlege halvdelen av byen er hovudsakleg busett av muslimske kurdarar, i den sørlege halvdelen kristne. Som det økonomiske senteret i distriktet pendlar mange til byen frå dei kringliggande landsbyane og byane. Det har vore ei dramatisk urban utvikling i Al-Malikiyah dei nyare åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]