Döda fallet

Koordinatar: 63°03′14″N 16°31′05″E / 63.054°N 16.518°E / 63.054; 16.518
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Döda Fallet)
Döda fallet
dal
Döda fallet om hausten.
Land  Sverige
Del av Indalsälven
Kart
Döda fallet
63°03′11″N 16°31′04″E / 63.053091021418°N 16.517785309195°E / 63.053091021418; 16.517785309195
Wikimedia Commons: Döda fallet

Döda fallet er eit tørrlagd stryk i Ragunda kommun aust i Jämtland i Sverige.

Indalsälven rann tidlegare gjennom den 25 km[1] lange Ragundasjön, og så like ut i eit høgt stryk som då vart kalla Gedungsen eller Storforsen. Det var eit av dei mest imponerande fossefalla i Sverige med eit samla fall på 35 meter og ei stor vassføring.

På 1700-talet vart det vanleg med tømmerfløyting i området, men Storforsen var eit stort hinder der tømmeret vart skadd eller øydelagd. Magnus Huss, òg kjend som Vildhussen, starta derfor i 1793 ein kanal for å gå om fossen. I løpet av dei neste åra vart kanalen bygd. Kanalen vart grave ut i laus sand og grus, avsetninga frå isbrear, og sanden fall stadig attende i kanalen. For å få vaska bort sanden, demde dei opp ei lita elv i nærleiken, og kvar gong dei opna demninga, vaska vatnet med seg sanden. Vårflaumen 1796 var derimot uvanleg stor, og vatnet grov med seg det lause elvefaret, som raskt vart erodert. Dette førte til at heile Ragundasjön vart tømd for vatn på berre fire timar natt til 7. juni 1796 og ei 15 meter høg flodbølgje vaska nedover elva. Dette førte til store skadar nedover i elva, men ingen mista livet. Alle sedimenta som vart vaska bort enda opp ved utløpet til Indalsälven og Sundsvall-Härnösand lufthamn vart sidan bygd på desse avsetningane.

Den tørrlagde Storforsen vert i dag kalla Döda fallet og er i dag eit naturreservat og ein av dei store turistmåla i kommunen. Kvart år vert det halde eit spel til minne om det som skjedde våren 1796.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ragundasjön». Wikipedia (på svensk). Henta 23. juni 2012. 

63°03′14″N 16°31′05″E / 63.054°N 16.518°E / 63.054; 16.518