Daudehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dødehavet)
Daudehavet
hebraisk ים המלח, arabisk البحر الميت
innsjø
Utsyn over Daudehavet frå Israel over til Jordan
Land  Israel,  Jordan
Del av Jordandalen, grensa mellom Israel og Jordan, Jordan-Palestine border, Israel–Palestine border
Tilsig Jordanelva
Utløp ingen
Nedslagsfelt 41 650 km²
Høgd 427 muh.
Koordinatar 31°30′N 35°30′E
Lengd 50 km [1]
Areal 600 km²
Volum 114 km³
Kystlengd1 135 km
Innsjøtype Endorheisk
hypersalt
Kart
Daudehavet
31°31′15″ N 35°29′4″ E
Wikimedia Commons: Dead Sea
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Daudehavet er ein salt innsjø som ligg i Jordandalen ved utlaupet av Jordanelva med om lag like store delar i Israel og Jordan. Daudehavet er kjent for sitt salthaldige vatn og som det lågaste naturlege overflatepunktet på jorda. Daudehavet er 306 meter djupt og den djupaste hypersalte innsjøen i verda. Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011), er han òg ein av dei saltaste sjøane i verda. Han er 9,6 gonger saltare enn havet.[3] Det høge saltinnhaldet gjer at det ikkje lever dyr i sjøen, og dette har gjeve opphavet til namnet. Daudehavet er 50 km lang og 15 km breitt på det breiaste.[1] Overflata ligg i dag om lag 427 muh.,[4] mens den historiske normalen er 395 muh.

Satellittbilete av Daudehavet.

Daudehavet har tiltrekt seg turistar i tusenvis av år. I Bibelen søkte kong David tilflukt her. Det var òg ein av dei første kurbadstadane (for Herodes den store), og fleire produkt er henta frå området, som salvar for egyptisk mumifisering til kalium for gjødsling. Folk har òg nytta salt og mineral frå Daudehavet til å lage kosmetikk og urteposar.

Sjøvatnet i Daudehavet har ein tettleik på 1,240 kg/l, slik at ein flyt særs lett.[5][6]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det hebraiske namnet på Daudehavet er Yām ha-Melaḥ (ים המלח), som tyder 'saltsjøen'. Eit anna hebraisk namn er יָם הַ‏‏מָּוֶת, Yām HaMā́weṯ, «Daudehavet». I Bibelen vert Daudehavet kalla Saltsjøen, Arabahsjøen og Austsjøen. Namnet Daudehavet har ikkje vore nytta i Bibelen.

Det arabiske namnet på Daudehavet er al-Bahr al-Mayyit ( البحر الميت), som tyder nettopp 'Daudehavet'. Eit mindre vanleg arabisk namn er Baḥrᵘ lūṭᵃ (arabisk بحر لوط, 'Lotsjøen'). Eit anna historisk namn på arabisk var Zoarsjøen, etter den nærliggande byen i Zoʼar i bibelsk tid. Grekarane kalla han Asfaltites.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Daudehavet er ein endorheisk innsjø som ligg i Jordandalen og er geologisk forma av Daudehavsforkastinga (DST). Dette har gjeve forkastingslinjer som flyttar seg sidevegs mot venstre langs den tektoniske plategrensa mellom den afrikanske plata og den arabiske plata. Ho går mellom den austanatoliske forkastinga i Tyrkia og nordenden av Raudehavsrifta i havet utafor sørenden av Sinai. Det er her vassdraget Øvre Jordanelva/Genesaretsjøen/Nedre Jordanelva endar.

Jordanelva er den einaste store vasstilførsla til Daudehavet, i tillegg til fleire bekkar og mindre elvar som renn til tider av året og dannar små dammar og kvikksand ved breidda.[7] Det er ingen elvar som renn ut av Daudehavet.

Det kjem særs lite regn i området, kring 100 mm i den nordlege enden og berre kring 50 mm i den sørlege enden i løpet av eit heilt år.[8] Det tørre klimaet kring Daudehavet kjem av området ligg i regnskuggen av Judeafjella. Høglandet aust for Daudehavet får meir nedbør enn sjølve Daudehavet.

Med eit saltinnhald på 34,2 % (i 2011) er Daudehavet ein av dei saltaste sjøane i verda, etter Lake Vanda i Antarktis (35 %), Assalsjøen i Djibouti (34,8 %), lagunen Garabogazköl i Kaspihavet (opp til 35%) og somme hypersalte tjern og innsjøar i McMurdo Dry Valleys i Antarktis (som Don Juan Pond (44 %)).

Vest for Daudehavet stig Judeafjella bratt opp og er mykje lågare enn fjella i aust. Langs sørvestsida av innsjøen ligg ein 210 meter høg halittformasjon kalla «Har Sedom».

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Det finst to motstridande hypotesar om korleis den låge høgda i Daudehavet oppstod. Den eldste hypotesen er at han ligg i ein sann riftsone, ei forlenging av Raudehavsrifta, eller Riftdalen frå Aust-Afrika. Ein nyare hypotese går ut på at Daudehavsbasseng har oppstått som følgje eit «overstegsdiskontinuitet» langs Daudehavsforkastinga, som har skapt ei forlenging av skorpa med påfølgjande subsidens.

For kring 3,7 million år sidan var området under vatn som ein del av Middelhavet. Vatnet kom inn ei smal, krokete bukt som geologane kallar Sedomlagunen, som var knytt til sjøen via det som i dag er Jezreeldalen. Avleiringane i Sedomlagunen[9] vart etter kvart 2,5 km tjukke.

For kring 2 millionar år sidan steig landområdet mellom Riftdalen og Middelhavet så mykje at havet ikkje lenger flaut inn i området. Den lange lagunen vart då omgjeven av land. Seldomlagunen strekte seg frå Genesaretsjøen i nord til ein stad 50 km sør for den noverande sørenden av Daudehavet, og dei innsjøane som fanst her sidan, vart aldri så stor som dette. Huladalen var aldri ein del av desse innsjøane eller bukta fordi han ligg høgare.

Den første førhistoriske innsjøen som følgde Seldomlagunen har fått namnet Amorasjøen, etterfølgd av Lisansjøen og til slutt Daudehavet.[9] Vassnivået og saltinnhaldet i desse sjøane kan ha stige og falle som ein effekt av tektonisk fall av dalbotnen, og på grunn av klimavariasjonar. Då klimaet vart tørrare, krympa Lisansjøen inn og vart saltare, og Daudehavet er den siste resten av denne innsjøen.[9][10]

I førhistorisk tid samla det seg enorme mengder sediment på botnen av Amorasjøen. Sedimenta var tyngre enn saltavleiringane og tvang saltet oppover til det som i dag er Lisanhalvøya og Har Sedom (på sørvestsida av innsjøen). Då botnen av Daudehavet fall ytterlegare på grunn av tektoniske krefter, vart saltet på Lisan og Har Sedom verande att som høge klipper (sjå saltdom).

Frå 70 000 til 12 000 år sidan var vassnivået i innsjøen 100 til 250 meter høgare enn i dag. Denne sjøen, Lisansjøen, fluktuerte kraftig, og var på sitt høgaste for kring 26 000 år sidan, noko som indikerte at klimaet då var særs vått i Det nære austen.[11] For kring 10 000 år sidan, fall vassnivået i innsjøen kraftig, truleg lågare enn i dag. Dei siste tusen åra har innsjøen fluktuert kring 400 meter, med nokre store fall og stigingar. Dette kan ha vore knytt til seismiske hendingar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Daudehavet gjer at det er solrikt og tørt året rundt. Det kjem mindre enn 50 mm nedbør i året i sør, og sommartemperaturane ligg i snitt mellom 32 og 39 ºC. Vintertemperaturen varierer i snitt mellom 20 og 23 ºC. På grunn av høgare lufttrykk, har lufta noko høgare oksygeninnhald (3,3% om sommaren og 4,8% om vinteren) samanlikna med oksygentettleiken ved havnivå.[12][13] Lufttrykket ved Daudehavet vart målt til 1061 til 1065 hPa.[14] I snitt er det 192 dagar i året med temperaturar over 30 ºC.[15]

Vêrdata for Daudehavet
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 26,4 30,4 33,8 42,5 45 46,4 47 44,5 43,6 40 35 28,5 47
Gjennomsnittleg maks °C 20,5 21,7 24,8 29,9 34,1 37,6 39,7 39 36,5 32,4 26,9 21,7 30,4
Gjennomsnittleg min °C 12,7 13,7 16,7 20,9 24,7 27,6 29,6 29,9 28,3 24,7 19,3 14,1 21,9
Lågast målte °C 5,4 6 8 11,5 19 23 26 26,8 24,2 17 9,8 6 5,4
Gjennomsnittleg nedbør mm 7,8 9 7,6 4,3 0,2 0 0 0 0 1,2 3,5 8,3 41,9
Gns. dagar med regn 3,3 3,5 2,5 1,3 0,2 0 0 0 0 0,4 1,6 2,8 15,6
Gns. luftfukt (%) 41 38 33 27 24 23 24 27 31 33 36 41 32
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[16]


Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire små busetnader nær Daudehavet. Desse er Ein Gedi, Neve Zohar og dei israelske busetnadane i Megilot regionale kommune: Kalya, Mitzpe Shalem og Avnat. Det finst eit naturreservat i Ein Gedi, og fleire hotell ved Daudehavet ligg i sørvestenden ved Ein Bokek nær Neve Zohar. Motorveg 90 går nord til sør langs den israelske sida i totalt 565 km frå Metula ved den libanesisk grensa i nord til sørenden ved den egyptiske grensa nær hamnebyen Eilat.

Miljøtrussel[endre | endre wikiteksten]

Etter at vasstanden dei siste åra har gått sterkt ned, består Dødehavet no av to heilt separate delar. Tidlegare var det ei halvøy ved Al-Lisan. No er det turt land heile vegen. Berre eit lite bekkelaup er igjen og sørgjer for eit lite tilsig til den sørlege delen. I den nordlege delen er djupna opptil 400 meter, mens det i den sørlege berre er 4 meter.

Israel og Jordan søkjer internasjonal støtte til eit prosjekt for å redde området frå total utturking ved å føre inn havvatn ved hjelp av ein røyrleidning frå Raudehavet (Akababukta). Røyrleidningen vil bli 200 km lang og er kostnadsrekna til 800 millionar USD.

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Ein turist les avis mens han flyt på Daudehavet.

Det spesielle miljøet ved Daudehavet har gjort området til eit reisemål for vanlege turistar, men også for helsereiser. Det salte vatnet kombinert med høg luftfukt, lufttemperatur og den spesielle solstrålinga 400 meter under havoverflata gjev spesielle føresetnader for behandling av mellom anna psoriasis og andre hudsjukdomar. Dokumentasjonen for effekten av ei slik behandling er dårleg. Også norske pasientar vert sende på kur til Daudehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Virtual Israel Experience: The Daudehavet». Jewish Virtual Library. Henta 29. september 2014. 
  2. Daudehavet Data Summary 2012.Water Authority of Israel. The World Bank - 'The Raudehavet - Daudehavet Water Conveyance Study Program' - 2013.
  3. Goetz, P.W. (ed.) (1986). «The New Encyclopaedia Britannica (15th ed.)» 3. Chicago: 937. 
  4. «Monitoring of the Daudehavet». Israel Marine Data Center (ISRAMAR). 
  5. R W McColl, red. (2005). Encyclopedia of world geography. Facts on File. s. 237. ISBN 9780816072293. 
  6. «The Dead Sea - Composition of The Dead Sea Water». 
  7. «Springs and quicksand at the Dead Sea». Henta 29. september 2014. 
  8. «Daudehavet». Exact Me.org. Arkivert frå originalen 20. januar 2013. Henta 29. september 2014. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Mordechai Stein. «The limnological history of late Pleistocene – Holocene water bodies i Daudehavet basin» (PDF). 
  10. Groundwater Base Level Changes and Adjoining Hydrological Systems - Uri Kafri, Yoseph Yechieli - Google Books
  11. Geochemical Society; Meteoritical Society (1971). Geochimica et cosmochimica acta. Pergamon Press. Henta April 12, 2011. 
  12. «Natural Resources». Dead Sea Research Center. Arkivert frå originalen 6. oktober 2013. Henta 29. september 2014. 
  13. «Lowest Elevation: Dead Sea». Extreme Science. Henta 29. september 2014. 
  14. Kramer, MR; Springer C; Berkman N; Glazer M; Bublil M; Bar-Yishay E; Godfrey S (March 1998). «Rehabilitation of hypoxemic patients with COPD at low altitude at the Daudehavet, the lowest place on earth» (PDF). Chest 113 (3): 571–575. PMID 9515826. doi:10.1378/chest.113.3.571. Arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2013. Henta 29. september 2014. «PMID 9515826» 
  15. «Climatological Averages for Daudehavet». IMS. Henta June 9, 2011. 
  16. «Averages and Records for several places i Israel». Israelsk meteorologiske institutt. June 2011.