Dødslekene-serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Serien sin logo på engelsk.
Denne artikkelen handlar om Dødslekene-serien. For den fyrste boka i serien, sjå Dødslekene.

Dødslekene er ein science fiction[1] dystopisk eventyrtrilogi skriven av den amerikanske forfattaren Suzanne Collins. Den fyrste boka heiter Dødslekene (The Hunger Games) frå 2008, den andre Opp i flammer (Catching Fire) frå 2009 og den tredje Fugl Føniks (Mockingjay) frå 2010.[2][3][4]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Kvar bok i trilogien er delt inn i tre delar med ni kapittel kvar. Collins seier at ho skriv på denne måten grunna manusforfattar-bakgrunnen sin, som lærte henne å skrive i tre akter. Forfattaren sin førre serie, The Underland Chronicles, blei skriven på same måten. Collins er «veldig komfortabel» med denne strukturen. Ho ser på kvar gruppe med ni kapittel som ein eigen del av historia, og seier at ho fortsett kallar desse oppbrytingane «aktpausar.»[5]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Kart over Panem.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dødslekene-trilogien tek stad i ein uidentifisert framtidig tidsperiode etter øydelegginga av dagens nasjonar i Nord-Amerika, i ein nasjon kjend som "Panem". Panem består av eit enormt, rikt Capitol, som ligg i det som pla å vere Rocky Mountains, og tolv (tidlegare tretten) dårlegare distrikt rundt. Capitol er overdådig rikt og teknologisk futuristisk, men dei tolv distrikta er i varierande tilstander av fattigdom - trilogien sin forteljar og hovudperson, Katniss Everdeen, bur i det fattigaste, distrikt 12, tidlegare Appalachia, der mange døyr av svolt. Generasjonar tidlegare gjorde distrikta opprør mot Capitol, då tolv av distrikta blei slått ned av Capitol og det trettande vart øydelagt. Som straff må det kvart år loddtrekkjast éin gut og éi jente mellom tolv og atten år frå kvart av dei tolv distrikta, som så blir tvinga til å delta i "Dødslekene". Leikane er ei TV-hending der deltakarane, kalla "tributtar", må kjempe til døden i ein farleg utandørs arena til det berre står éin igjen. Formålet med Dødslekene er å gje underhaldning til Capitol sine innbyggjarar og for å åtvara distrikta mot Capitol si makt og minna dei på si mangel på anger.

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå filmserien Dødslekene.

Rettane til Dødslekene-filmane tilhøyrer Lionsgate Entertainment. Dødslekene kom ut 23. mars 2012,[6][7] og Opp i flammer kjem ut 22. november 2013.[8][9] Den siste boka vil bli delt inn i to filmar.[10]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Dødslekene-serien


Dødslekene-trilogien
Dødslekene

Film

Opp i flammer

Film

Fugl Føniks

Film 1 | Film 2

Hovudpersonar
Katniss Everdeen | Peeta Mellark | Storm Hawthorne
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.