Dønnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dønnes er ein gard og eit tidlegare maktsentrum i Dønna kommune på Helgeland. Alt i sagatida høyrer vi om Grankjel på Dønnes som stridde med Hårek på Tjøtta. Frå 1400-talet var garden sentrum for Dønnesgodset. Per dags dato vert Dønnes Gård drive som ein gjestegard, og tilbyr overnatting, servering og aktivitetar.

Dønnes var frå 1888 til 1962 ein kommune i Nordland fylke, skild ut frå Nesna 1. juli 1888 1 348 innbyggarar. Dønnes omfatta norddelen av øya Dønna og halve Løkta. Kommunesenteret låg på Glein.

1. januar 1962 vart Dønna-delen av Herøy kommune, Nordvik kommune og den delen av Løkta som høyrde til Nesna slått saman til ein kommune.

Dønnes har og vore eit sokn, først i Nesna prestegjeld, frå 1962 i Dønna prestegjeld. På slutten av 1990-talet vart alle sokna i Dønna slått i hop til eitt. Dønnes kyrkje vart bygd på slutten av 1100-talet.

Mellom Dønnes og Nordvik går eit dialektskilje mellom ranværing i nord og vefsnmål i sør, dette er tydelegast i svake hokjønnsord - i Dønnes seier folk tia og klokka, i Nordvik seier dei tiæ og klokko.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]