Dønnesfjord kapell
| Dønnesfjord kapell | |||
| Kapell | |||
Foto: Oddbjørn Sørmoen | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Finnmark | ||
| Kommune | Hasvik | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Alta | ||
| Sokn | Hasvik | ||
| Fellesråd | Hasvik | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1888 | ||
| Sitjeplassar | 120 | ||
![]() Dønnesfjord kapell 70°38′55″N 22°37′46″E / 70.6486°N 22.6295°E | |||
| Wikimedia Commons: Dønnesfjord kirke | |||
Dønnesfjord kapell, også kalt Galten kapell, er eit kapell frå 1888 i Hasvik kommune i Finnmark. Kapellet er bygd som ei langkyrkje og stod opphavleg i fiskeværet Galten, men vart flytt til Dønnesfjord i 1951.
Byggverket er i tre og er bygd med 120 sitjeplassar. Det er den eldste bygningen i Hasvik kommune, alle andre bygningar gjekk med då tyskarane brente av Finnmark i 1944-45.
Kyrkja er bygd med ein ruvande silhuett ytst mot Lopphavet ytst i Dønnesfjorden på Sørøya. Kyrkja vart freista sett fyr på av tyskarane då dei trekte seg attende frå Finnmark i 1944, men elden ville ikkje ta tak og ho stod att som det einaste huset i kommunen etter krigen. No er det ikkje lenger fastbuande som brukar kyrkja om vinteren. Det er berre gudsteneste i kyrkja ein gong årleg, midt på sommaren. Dåverande sokneprest Paul Skuland i Hasvik foreslo å selje kyrkja for ei krone, men Riksantikvaren sette seg imot dette og la fram forslag om freding. Det vart løyvd 750 000 kroner til å pusse opp kyrkja, og dette vart gjort i 2005.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Dønnesfjord kyrkje hos Hasvik kommune Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Artikkel i Aftenposten med bilete av kyrkja før oppussing
- Om renoveringa av kyrkja med bilete av kyrkja etter oppussing Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Fagleg rapport frå renoveringa (pdf)
- Dønnesfjord kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Dønnesfjord kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
