Dørstokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein dørstokk i tre

Ein dørstokk eller terskel er eit tverrtre i botnen av ein dørkarm.

I folketru og mytologi markerer dørstokken den fysiske grensa mellom inn- og utsida. Dørstokken har spesiell symbolikk i mange kulturar. I Polen, Ukraina og Russland er det sagt at å gje handa eller kysse over ein dørstokk vil bringe ulukke. I mange land er det sett på som lukkebringande at brudgommen ber brura over dørstokken i den felles heimen deira etter vigselen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]