DGPS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Differensiell GPS (DGPS) er ei utviding av GPS-systemet. DGPS brukar eit nett av landbaserte referansestasjonar til å kringkasta skilnaden mellom posisjonane angjeve av satellittsystemet og den faktiske posisjonen til stasjonane. DGPS var spesielt nyttig då GPS systemet vart degradert ved Selective Availability, sidan DGPS då kunne forbetra grannsemda til rundt +/÷ 5–10 meter. DGPS-nettverket har stort sett vorte utvikla av finske og svenske maritime styresmakter for å forbetra navigasjonsgrannsemda i kystfarvatn.

Selective Availability vart slått av i år 2000, og med det nye europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo som vart operativt i 2013 vart nytten av DGPS ytterlegare redusert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]