DM 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DM 4
Remiksalbum av Tangerine Dream
Utgjeve November 2003
Innspelt 1972 - 2003
Sjanger Elektronisk musikk, ambient
Lengd 69:32
Selskap TDI International
Produsent Edgar Froese, Jerome Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Mota Atma
(2003)
DM 4 Rockface
(2003)


DM 4 er det 78. albumet og det fjerde remiksalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i november 2003.[1]

Det var det fjerde remiksalbumet i Dream Mixes-serien deira, som så langt består av fem utgjevingar. Den første kom i 1995 og den siste så langt, DM V, kom i 2010.

Plateomslaget nemner ikkje Tangerine Dream, og for første gongen på mange år var det eit fotografi av Monique Froese[1], kona til Edgar Froese og mora til Jerome Froese, som var dei to medlemmane i bandet på denne tida. Ho døydde eit par år tidlegare.

Utanom tre nye komposisjonar for dette albumet, inneheld det remiksar av klassiske Tangerine Dream-komposisjonar heilt attende til 1972, inkludert materiale frå Zeit (1972), Ricochet (1975), Cyclone (1978), Force Majeure (1979), Tangram (1980), Exit (1981) og Risky Business (1984). Alle dei ti spora er miksa saman til ein 70 minuttar lang samanhengande komposisjon, liknande mange av konsertframføringane til Tangerine Dream. Album som vart tinga gjennom nettbutikken til Tangerine Dream på 2000-talet kom med ein eksklusiv bonus-CD med to ekstra spor som ikkje fanst andre plassar, ein remiks basert på musikk frå Tangram og eit heilt nytt spor.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Losing the Perspective»1:12
2.«World of the Day»5:29
3.«Perplex Parts»8:06
4.«Cosmic Merriment»9:05
5.«Messenger»7:09
6.«Rebound 03»8:56
7.«Floating Higher»5:48
8.«From Kiev with Love»6:51
9.«Meta Morph Magic»7:44
10.«The Metropolitan Sphere»9:12
Total lengd:69:32
Bonus-CD
Nr.TittelLengd
1.«Frenetic»4:34
2.«A Nautical Night»6:26

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «DM 4». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.