Hopp til innhald

DNB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DNB


Org.formAllmennaksjeselskap
Org.nr.984851006
BransjeFinansielle tenester
Skipa10. september 2002
Forgjengar(ar)Den norske Bank
EigarNærings- og fiskeridepartementet
DotterselskapDNB Livsforsikring
Eigenandel iVipps
HovudkontorOslo
LandNoreg
Produktbank
StyreleiarOlaug Svarva
Adm.dir.Kjerstin Braathen
Resultat25 721 000 000 norsk krone (2019)[1]
Nettstadhttps://www.dnb.no/ (norsk)

DNB Bank ASA (ASA tyder allmennaksjeselskap), eller DNB, er den største banken eller finanskonsernet i Noreg, og nest største i Norden etter den svenske banken Nordea. Hovudkontoret for DNB ligg i Bjørvika i Oslo.

Konsernet var skipa 4. desember 2003 ved at Den norske Bank (DnB) og Gjensidige NOR vart slege saman. Den norske Bank (DnB) hadde vorte skipa i 1990 ved at Den norske Creditbank med hovudkontor i Oslo og Bergen Bank med hovudkontor i Bergen vart slege saman. DnB kjøpte i 1996 Vital Forsikring, og 1. desember 1999 vart Postbanken fusjonert inn i DnB. I 2011 fekk konsernet det noverande namnet DNB. Dei største aksjonærane er den norske staten (34 prosent) og Sparebankstiftelsen DNB (10 prosent).

DNB-aksjen er notert på Oslo Børs, der konsernet er mellom dei største selskapa.

  1. "Årsrapport 2019"; side(r): 120; fulltverk tilgjengeleg på: https://www.ir.dnb.no/sites/default/files/%C3%85rsrapport_DNB_2019_final.pdf.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: DNB