DNB Arena i Ranheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°25′42″N 10°31′26″E / 63.428376°N 10.52401°E / 63.428376; 10.52401

Ranheim Arena

Adresse Ranheimsveien 166,
7053 Ranheim
Brukarar Ranheim Fotball (fotball)
Underlag Kunstgras
Kapasitet 3000
Historiske årstal
Påbegynt
1939
Opna
1939
Stengd

Ranheim Arena (tidlegare Ranheim stadion, DnB NOR Arena og DNB Arena) er ein fotballstadion som ligg i Trondheim, i bydelen Ranheim, og er heimebanen til Ranheim Fotball. Ein uoffisiell publikumsrekord er på rundt 8 700 då Ranheim slo det tsjekkiske Viktoria Plzeň med 3–1 den 18. juli 1947. Den offisielle rekorden er på rundt 7 500, frå då Ranheim spelte ein avgjerande kamp for å vinne førstedivisjon i Trøndelag 30. mai 1949 mot Kvik Trondheim. Trass uavgjort 0–0 vann Ranheim serien, og vart dermed klar for kvalifisering til Hovedserien. Ranheim vann vidare kvalifiseringa med sigrar over Molde og Kapp, slik at opprykket vart eit faktum.[1]

Grasbanen på stadionet vart ferdigstilt i 1939 for 8 000 kroner, noko som gjorde han til den billigaste banen i Noreg. Etter andre verdskrigen måtte banen derimot byggast opp att. 5 000 kom på den første offisielle kampen på den nyrestaurerte banen som vart spelt mot Vålerenga i 1946.[2]

Dagens stadion ligg i det større idrettsanlegget Ranheim idrettspark. Idrettsparkens førre utforming vart klar i desember 2005, men i og med at Ranheim Fotball rykte opp i Adeccoligaen etter 2009-sesongen, ville Trondheim kommune finansiere ei utbetring av idrettsparken med mellom anna nytt kunstgrasdekke og undervarme for alle banane. Dette ville vore eit ledd i den vidare utviklinga for Ranheim Fotball av stadionet for å imøtekomme NFF sitt krav for fotballarenaer i toppfotballen. Ranheim Fotball sjølv vil stå for utbygging av tribuneanlegg med rundt 1000 sitjeplassar under tak, i tillegg til flaumlys tilrettelagt for TV-overføringar. Alt dette skulle etter planen vere ferdig innan 10. juli 2010, då første heimekamp etter sommarpausen i Adeccoligaen skulle spelast,[3] men var ikkje heilt ferdigstilt på det tidspunktet. Det vart sett opp provisoriske tribunar med ein kapasitet på 750 sitteplassar, noko som gav 2000 plassar totalt, klargjort for bruk ved hjelp av dugnad.[4] 5. juli 2010 vart DnB NOR (no DNB) presentert som ny generalsponsor, samtidig som det nye stadionet vart døypt DnB NOR Arena.[5] Arenaen vart teke i bruk første gong 11. juli 2010 då Ranheim tok imot Løv-Ham i Adeccoligaen, ein kamp som vart følgd av 656 betalande tilskodarar. Kampen sette likevel ein dempar på opningsfesten i og med at Ranheim tapte 1–3.[6] Den offisielle opninga av arenaen fann først stad 26. september 2010.[7]

Før 2016-sesongen vart eit nytt tribuneanlegg sett opp. Den nye tribunen har ein kapasitet på 1500 sitjeplassar, og i tillegg til den provisoriske tribunen får stadionen ein kapasitet på 3000. Dette er òg kravet for spel i Tippeligaen. Den totale kostnaden for tribunen er 80 millionar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «DNB Arena (Ranheim)» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2013.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
  1. «Høyest registrerte tilskuertall på stadion». Stadionsiden. Henta 1. desember 2009. 
  2. En eim av Petterøe's Blå. Adresseavisen 10. april 2010. Lest 10. april 2010.
  3. «Ranheim stadion - ny nummer 2 arena i Trondheim». RanheimFotball.no. 23. februar 2010. Henta 24. februar 2010. 
  4. «Ranheim Stadion blir nye DnB NOR Arena». RanheimFotball.no. 6. juli 2010. Henta 7. juli 2010. 
  5. «Ranheim Fotball innkaller til pressekonferanse». RanheimFotball.no. 5. juli 2010. Henta 7. juli 2010. 
  6. «Ranheims åpningsfest ble avlyst». Adressa.no. 12. juli 2010. Henta 12. juli 2010. 
  7. «Åpning av DnB NOR Arena, meld deg på skytterkongen». RanheimFotball.no. 25. september 2010. Henta 3. oktober 2010.