DOSAAF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

DOSAAF (russisk skrift ДОСААФ), fullt namn 'Frivilljug samarbeid med Hæren, Luftforsvaret og Marinen' (russisk Добровольное Общество Содействия Армии, Авиации и Флоту) er ein paramilitær sportsorganisasjon i Russland. Organisasjonen er ført og fremst til for ungdomar som interesserer seg for våpen, bilar og luftfart. I 2017 var organisasjonen atter i vekst og vart leia av generaloberst Aleksandr Petrovitsj Kolmakov, som var sjef for Dei russiske luftlandestyrkane (VDV) frå 2003 til 2007.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen vart etablert i 1927 som OSOAVIAKhIM. Frå 1951 til 1991 bar han namnet eller forkortinga «DOSAAF».

Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart organisasjonen omdøypt til 'Det russiske forsvarets idrett-tekniske organisasjon', forkorta til ROSTO (russisk Российская оборонная спортивно-техническая организация – РОСТО).

I desember 2009 vart likevel ROSTO attdøypt til DOSAAF Russland.[1][2][3]

Organisasjon vart òg verande i nokre post-sovjetiske republikkar, til dømes Kviterussland, sjølv om desse brukar eit anna namn. I Ukraina, til dømes, er motstykket 'Samfunn av bistand til forsvaret av Ukraina'.

Det uttalte målet for samskipnaden er å få til «Patriotisk oppseding av folket og utarbeiding av moral til det å forsvara Moderlandet». Ein metode for å oppnå detta var utviklinga av paramilitær sport. På same tid er det òg ordinær idrett som vert støtta innanfor rama av DOSAAF sine fasilitetar som idrettshallar, stadion og symjebasseng.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. В России возродили ДОСААФ
  2. http://www.dosaaf.ru/about/history/
  3. https://lenta.ru/news/2009/12/07/dosaaf/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Heimeside: www.dosaaf.ru

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]