DS «Aalvik»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Aalvik»
Eigar: HSD
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 61
Sjøsett: 1929
Teke ut av teneste: 1962
Jomfrutur: 8. juli 1929
Kjennemerke: LHGS/LCAN
Generelle mål
Type: Dampskip, lokalrutebåt
Tonnasje: 245 brt, 122 nrt
Lengd: 113,2 fot (34,5 m)
Breidd: 20,6 fot (6,3 m)
Djupgang: 9,7 fot (3,0 m)
Installert effekt : 39 nHK
Framdrift: Trippel ekspansjonsmaskin (Bergens MV)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergum»
Eigar: Kr. Dørheim P/R (O. H. Meling), Stavanger
Sett i teneste: 1962
Kjennemerke: LHGS/LCAN
Generelle mål etter ombygging i 1962
Tonnasje: 123 brt
61 nrt
Daudvekt: 203 tonn
Lengd: 120,5 fot (36,7 m)
Breidd: 20,7 fot (6,3 m)
Djupgang: 9,9 fot (3,0 m)
Installert effekt : 220 bHK
Framdrift: 3cyl. 2T DM (Br. Brunvoll Motorfabrikk, Molde)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Askheim»
Eigar: D/S A/S Audun (Jens Marcussen), Askerøen
Sett i teneste: 1964
Kjennemerke: LHGS/LCAN
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Hamo»
Eigar: 1968: Lars J. Austnes P/R, Haramsøy/Bergen.
1973: Sverre Vindenes P/R, Holmedal/Bergen
1977: Karl Totland, Tysnes/Bergen
1982: Statlandverftet A/S, Nord-Statland/Bergen
Kjennemerke: LHGS/LCAN
Lagnad: Sokk ved kai 1984

DS «Aalvik» var eit dampskip levert i juli 1929 som lokalrutebåt for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Den var konstruert spesielt for å kombinere turistfart med føring av tyngre gods for tungindustrien i Hardanger. Dette gav båten eit noko uvanleg utsjånad i flåten til HSD. I 1962 vart ho selt og ombygd til motordrive fraktefartøy. Den var sidan i fart på kysten under fleire namn før ho gjekk ut av fart på slutten av syttitalet. Etter nokre år i opplag sokk ho på grunt vatn ved kai på Nord-Statland. Der ligg vraket framleis.

DS «Aalvik»[endre | endre wikiteksten]

DS «Aalvik» vart levert frå AS Mjellem & Karlsen i, Bergen i juli 1929. 8. juli 1929 gjekk prøveturen og ho vart så sett inn i turistfart på Sørfjorden og Hardanger om sommaren og ekspressruta Bergen-Odda om vinteren.

I februar 1942 kolliderte ho med lokalruteskipet til HSD, «Rosendal», nær Granvin. «Aalvik» fekk skade i skrog og dekk og på grunn av krigen førte materialmangel til at det var vanskeleg å reparere skipet. I november 1943 rann «Aalvik» inn i hekken på ein mørklagt, tysk ubåt som låg på tvers av leia ved Knarrevik. 20. april 1944 låg «Aalvik» ved Holbergskaien i Bergen saman med HSD-lokalruteskipa «Stord» og «Ullensvang» då det nederlandske fraktefartøyet «Voorbode» lasta med dynamitt og fenghetter eksploderte ved Festningskaien på andre sida av Vågen. Det vart store skadar på skipet. Alt glas ombord, inkludert vaskar og toalett knuste. Trebygningane like ved tok fyr, men det lukkast kaptein Lund på «Ullensvang» og styrmann Fleten på «Stord» å ta båtane frå kai og ut i tryggleik på fjorden med «Aalvik» på slep. «Aalvik» kom i fart igjen så snart mannskapslugarane var nokolunde reparert.

MS «Bergum»[endre | endre wikiteksten]

I august 1962 vart skipet selt til Kr. Dørheim for O. H. Meling i Stavanger. Ho vart ombygd til fraktefartøy med dieselmotor ved Karmsund Verft & Mek. Verksted i AvaldsnesKarmøy (verftet høyrte til O. H. Meling). I juni 1963 vart ho levert og kom i fart som fraktefartøyet «Bergum».

MS «Askheim»[endre | endre wikiteksten]

I mars 1964 vart ho seld til DS AS Audun for Jens Marcussen i Tvedestrand for kr 335 000 og omdøypt «Askheim».

MS «Hamo»[endre | endre wikiteksten]

I mai 1968 vart ho seld til P/r ved Hans P. Berge i Bergen og omdøypt til «Hamo». Ho skifta eigarar fleire gonger dei neste ti åra: P/r ved Lars L. Austnes i Haramsøy (oktober 1968), Sverre Vindenes i Holmedal i Sunnfjord (september 1973) og Karl Totland i Tysnes (juli 1977). Ho vart etter kvart liggande uverksam og forfall noko. Ein gong i løpet av dei neste åra vart ho seld til ein ukjend eigar med tanke på å setje ho i stand til fraktefart att, men etter å ha vorte undersøkt ved Statlandsverftet AS i Nord-Statland i Namdalseid, men ein fann ut at det vart for dyrt å få ho i stand att. Eigaren ønska då kjøpe heva og det vart ein disputt med den førre eigaren. «Hamo» vart liggande ved verftet utan reparasjon.

I februar 1982 vart skipet overteke av Statlandsverftet AS i Nord-Statland i Namdalseid og vart liggande på same staden. I desember 1983 fekk «Hamo» slagside på grunn av mykje snø på dekk og ein open ventil kom ned til vassflata, båten vart då fylt med vatn, sokk og vart liggande med sida i vasskorpa og mastene ut frå kaien. Ein prøvde sidan å dra vraket ut på djupare vatn med ein taubåt, men dette mislukkast.

7. februar 2000 vart skipet sletta frå norsk skipsregister som kondemnert. Vraket ligg der framleis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «DS «Aalvik»» frå Wikipedia på bokmål, den 20. desember 2012.
  • «Fjordabåten» Dag Bakka jr. 1994
  • «Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980» Bård Kolltveit 1980
  • «Bergenske Fjordabåter» Dag Bakka jr. for Bergens Tidende 1974
  • Norsk Skipsfartshistorisk Selskaps blad «Skipet».
  • Trygve Eriksen jr. arkiv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]