DS «Kong Ring»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Ara» (1882))
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Ara (1913-1917).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Kong Ring»
Eigar: Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab
Verft: Kockums Mekaniske Verksted i Malmø i Sverige
Verftsnummer: 31
Jomfrutur: September 1882
Omdøypt: Mars 1913 til DS «Kong Trygve»
Heimehamn: Kristiania
Kjennemerke: HFGK - MTNV
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 124 brt, 679 nrt
Daudvekt: 1 055 tdw.
Lengd: 224,0 fot (68,3 m)
Breidd: 30,0 fot (9,1 m)
Djupgang: 22,4 fot (6,8 m)
Installert effekt : 650 iH, 126 bHk
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin (Kockums, Malmø)
Fart: 10 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ara»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1913 for 165 982 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ara»
Eigar: Chr. S. Hansen & Otto Rasmussen
Kjøpt: Juni 1917
Heimehamn: Porsgrunn
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Frisk II»
Eigar: D/S A/S Frisk (Harald Boe)
Kjøpt: November 1919
Heimehamn: Oslo, etter 1926 Brevik
Generelle mål Etter ombygging 1919
Tonnasje: 1 233 brt, 722 nrt
Daudvekt: 1 600 tdw.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Sailor»
Eigar: Skibs A/S Sailor
Kjøpt: Juli 1927
Heimehamn: Tønsberg
Karriere Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Namn: DS «Hoi Shui»
Eigar: F. Feld
Kjøpt: November 1927
Heimehamn: Canton
Lagnad: Ukjend, sletta frå registra i 1929

DS «Kong Ring» (kallesignal HFGK - MTNV) var eit dampskip bygt i 1882 som passasjer- og lasteskip for Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab i Kristiania.

I 1913 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Ara», etter at det ei kort stund i 1913 hadde namnet DS «Kong Trygve». Sidan hadde det fleire eigarar og namna «Frisk II», «Sailor» og til slutt «Hoi Shui» då det hamna hos kinesiske eigarar. Skipet er ukjend etter 1929.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Kockums Mekaniske Verksted i Malmø i Sverige og vart levert til SNDS i september 1882.[2]

Skipet segla for Det Søndenfjelds-Norske Dampskibsselskab i nesten 30 år. I mars 1913 fekk det namnet «Kong Trygve», før det i juni same året vart selt til Det Bergenske Dampskibsselskab for 165 982 kroner[1]. Det fekk då nye klyss og anker, før det året etter fekk nye master, rigg, skorstein, bommar og vinsjar.

14. juni 1917 låg skipet til kai i Porsgrun på reise frå Menstad til Trondheim med ammoniumtrat. Det braut ut brann i skipet og vraket vart selt til Chr. S. Hansen & Otto Rasmussen i Porsgrunn same månaden. Dei reparerte skipet og i november 1919 vart det selt til D/S A/S Frisk (Harald Boe) i Kristiania og det fekk namnet DS «Frisk II». Etter reparasjonen vart òg lasteevna utvida. I 1926 vart heimehamna flytta til Brevik, og i april 1927 var D/S A/S Frisk eigd av S. Halvorsen, som i juli same året selde det til Skibs A/S Sailor (Odd I. Loennechen) i Tønsberg. Det vart då omdøypt DS «Sailor». Skipet var ikkje lenge i Tønsberg og alt i november 1927 vart det seld til kinesiske eigarar, F. Feld i Canton. Året etter hadde det fått namnet DS «Hoi Shui». I 1929 var det utgått frå registeret til Lloyds og var ikkje kjend sidan.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 124 brt, 679 nrt og lasteevna var 1055 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 497 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound-dampmaskin, levert av Kochums. Oppgjeven yting var iHk (indikerte hestekrefter) og 126 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Ara». Sjøhistorie.no. Henta 2. januar 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 31–32. Henta 2. januar 2020.