DS «Bergen» (1873)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Bergen (1873).jpg
Karriere Flag of the Netherlands.svg Nederland
Namn: DS «Bergen»
Eigar: D. Burger & Zoon
Verft: Coulson, Cook & Co. i Newcastle i Storbritania
Verftsnummer: 3
Jomfrutur: Februar 1873
Heimehamn: Rotterdam
Kjennemerke: JVRT
Lagnad: Grunnstøytte 1910
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergen»
Eigar: Claus S. Ellertsen m. fl.
Kjøpt: August 1883
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergen»
Eigar: Joh. Ameln m. fl. (M. Aug. Schjelderup)
Kjøpt: 1885
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergen»
Eigar: Johan C. Giertsen m. fl.
Kjøpt: 1888
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergen»
Eigar: Vestlandske Lloyd
Kjøpt: Oktober 1893
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergen»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1908
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bergen»
Eigar: A/S D/S Ryvingen
Kjøpt: Juli 1909
Heimehamn: Haugesund
Lagnad: Grunnstøytte 1910
Generelle mål
Tonnasje: 386 brt, 230 nrt
Daudvekt: 500 tdw.
Lengd: 48,5 m
Breidd: 6,5 m
Djupgang: 3,7 m
Installert effekt : 200 iHk, 50 nHk
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin (Thompson, Boyd & Co, Newcastle)
Fart: 8 knop
Passasjerar: 30 passasjerar

DS «Bergen» (kallesignal JVRT) var eit dampskip levert i februar 1873 som lasteskip for D. Burger & Zoon i Rotterdam i Nederland. I 1883 hamna skipet i Noreg hos Claus Eilertsen m. fl. i Bergen, og var sidan under fleire forskjellige reiarlag, mellom andre ein kort periode hos Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i 1908-1909. ¨

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Coulson, Cook & Co. i Newcastle i Storbritania og levert til D. Burger og Zoon i Rotterdam i februar 1873.

I august 1883 vart skipet selt til Claus S. Eilertsen m.fl. i Bergen. I 1885 vart Joh. Ameln eigar før det i 1888 hamna hos Johan C. Giertsen i Bergen. Han selde skipet vidare i oktober 1893 til Vestlandske Lloyd ved Erik Rusten i Bergen, som hadde skipet i fleire år. Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte i februar 1908 skipet for ein 54 276 kroner. Skipet vart ikkje verande lenge hos BDS, og alt i juli 1909 vart det selt til A/S D/S Ryvingen (Bernhard Amundsen, seinare Thv. Joh. Kyvig) i Haugesund.

12. desember 1910 grunnstøytte skipet ved Newton på austkysten av England på reise frå Altona til Dysart i ballast.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 386 bruttoregistertonn og 230 nettoregistertonn og lasteevna var 500 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylinda compound dampmaskin, levert av Thompson, Boyd & Co i Newcastle. Oppgjeven yting var 200 iHk (indikerte hestekrefter) og 50 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart 8 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]