DS «Bergensfjord» (1913)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnet «Bergensfjord» er brukt på ei rekkje skip. Sjå fleire tydingar
Bergensfjord i opplag, Oslo hamn 1938
Foto: Ukjent / Oslo Museum

DS «Bergensfjord» vart overlevert til rederiet Den norske Amerikalinje A/S i september 1913. Skipet var bygd av Cammell Laird i Birkenhead i England. DS «Bergensfjord» var søsterskip til DS «Kristianiafjord». Jomfruturen gjekk frå Bergen 28. september 1913 til New York.

Skipet fekk ein eksplosjon i motorrommet i juli 1924, med det resultat at skipet måtte strandast. Skipet vart reparert og var tilbake i trafikk i september same år.

DS «Bergensfjord» var troppetransportskip under andre verdskrig og levert tilbake til rederiet i 1946. Ho vart umiddelbart selt vidare til Panama Lines til bruk i emigranttrafikk til Sør-Amerika. Namnet vart endra til DS «Argentina». I 1952 vart skipet selt vidare til Zim Lines. Det vart då omdøypt til DS «Jerusalem» og sett inn i rute mellom Israel og New York. I 1957 vart namnet endra til DS «Aliya». Skipet vart hugge opp i 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Litteratur[endre | endre wikiteksten]