DS «Brant County» (1919)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Germany (1867–1919).svg Det tyske keisardømet
Namn: DS «Lennep»
Eigar: Deutsche Australische Dampfschiffs Ges.
Verft: A/G Neptun i Rostock i Tyskland
Verftsnummer: 344
Jomfrutur: januar 1919
Heimehamn: Hamburg
Kjennemerke: WNLR - LCFI - LDHS
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 5 001 brt, 3 054 nrt
Daudvekt: 7 875 tdw.
Lengd: 419,4 fot (127,8 m)
Breidd: 54,1 fot (16,5 m)
Djupgang: 26,3 fot (8,0 m)
Installert effekt : NHK 662 IHK 2 607
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Neptun)
Fart: 13 knop
Passasjerar: 12 passasjerar
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Brant County»
Eigar: 1919-1921: The Shipping Controller v/ F. C. Strick & Co
1921: John Coull & Sons
Heimehamn: 1919-1921: London
1921: Newcastle
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Brant County»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: September 1921 for 1 275 000 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Torpedert 1943

DS «Brant County» (kallesignal WNLR - LCFI - LDHS) var eit dampskip ferdigbygt i 1919 som lasteskipet DS «Lennep» for Deutsche Australische Dampfschiffs Ges. i Hamburg. Skipet vart teken av britane og underlagt The Shipping Controller ved F. C. Strick & Co.

Skipet vart i 1921 selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), som heldt på namnet britane gav det. Skipet gjekk i fart mellom Europa og Canada.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart sjøsett i november 1915 og skulle opphavleg ha namnet «Muhlhausen».[2] På grunn av første verdskrigen vart det lagt opp utan å bli ferdigbygt. I 1918 tok ein opp att bygginga og det stod klart i januar 1919 for Deutsche Australische Dampfschiffs Ges. i Hamburg med namnet DS «Lennep». Skipet vart i august 1919 overteke av britiske styresmakter i The Shipping Controller og vart drive av F. C. Strick & Co. i London. I 1921 gjekk skipet til John Coull & Co i Newcastle, som omdøypte skipet til «Brant County».

Same året, i september 1921 kjøpte Bergenske Dampskibsselskab, skipet for nesten 1,3 millionar kroner.[1] Det var på den tida det største skipet BDS hadde hatt i flåten sin til då. BDS heldt på namnet, og det var eit av få skip i flåten deira som ikkje hadde namn etter himmelobjekt. 14. september gjekk «Brant County» frå Liverpool til Rotterdam og gjekk så inn i fart mellom Europa og Canada. 1. desember vart det meldt at skipet var gått på grunn nær Quebec.[3] Skipet var på veg mot Europa og hadde fått ein lekkasje. Det måtte derfor snu og gjekk attende til Halifax, der det vart reparert. Skipet vart då 3-4 veker forseinka.[4] I september 1922 fekk Bergen politikammer melding om at tredjestyremannen på «Brant County», ein tromsøværing, hadde overfalt stuerten ombord, som fell fleire sår og ei kløyvd leppe.[5]

Kring 30. april 1924 berga «Brant County» mannskapet på den franske brigantinen «Boussussary» frå St. Malo. Dette skipet var på veg til St. Pierre med salt då det kom ut for ein storm, fekk riggen blåst overbord og sprang lekk. Før mannskapet gjekk ombord på det norske skipet, bora dei hol i skipet sitt og sette fyr på det.[6] 22. mars 1930 kom «Brant County» på grunn i hamnebassenget i Rotterdam. Ein av pillarane som stod i bassenget vart knekt og skipet fekk ein del skade på babord baug, og måtte returnere til hamna.[7]

I 1933 vart det arrangert ein fotballcup i Montreal for å kåre den beste båten i Norden. Kvar båt stilte med sitt eige fotballag. Dette året enda det med cupsiger til «Brant County», som vann ein pokal oppsett av skipshandlarfirmaet Keating og Wang. Den første kampen gjekk 6. mai mot DS «Topsdalsfjord» (2-1) og så mot DS «Idefjord» den 22. juli (5-1). I følgje eit skriv i Bergens Tidene stod det: «Så skjedde det verste som kunde hende, 2/3 av spillerne mønstret av i Europa og man måtte begynne på ny frisk.» 2. september spelte dei mot DS «Hada County» (0-0), med omkamp to dagar seinare (2-1). 7. september spelte B.C. mot engelske DS «Torr Head», men denne kampen måtte avbrytast etter 13 minutt fordi det vart for mørkt. Før det vart sjanse til omkamp vart «Torr Head» selt til Noreg. Den siste kampen vart spelt 22. september mot DS «Drammensfjord», som laget vann 5-2. Mannskapet spelte òg andre kampar i både Le Havre og Antwerpen dette året, som vart grundig omtalt i Bergens Tidende.[8]

Tidleg på sommaren 1934 var skipet i tørrdokk i Antwerpen etter eit havari og fekk nytt ror og ny hylse. Då det skulle forlate dokken skadde det dokkbrua på Siberia Dock. «Brant County» var tilsynelatande uskadd i samanstøyten.[9] I 1937 fekk skipet innreidd lugarar for ti passasjerar på øvre bru.[1] I desember 1938 kryssa «Brant County» Atlanteren i mykje uvêr og nådde fram til Antwerpen med ein del vatn i lasteromma.[10]

I juli 1939 kolliderte «Brant County» med det tyske dampskipet «Wachtfels» ved avgang frå Antwerpen på veg til Canada. Skipet fekk så stor skade at det måtte returnere til hamna for midlertidig reparasjon. Det tyske skipet fekk òg store skadar og måtte reparerast. Kollisjonen skjedde under manøvrering i roveret og begge skip hadde to slepebåtar til assistanse.[11]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Då Noreg vart invadert den 9. april 1940 var «Brant County» på veg frå Dartmouth til New York. Reisa hadde starta i Antwerpen og den endelege destinasjonen var Philadelphia. Som skip i utanriksfart vart skipet så disponert av Nortraship. I mai var det blant skipa i konvoien HX 42 frå Halifax til Storbritannia. Skipet frakta stykkgods og segla i stasjon 83 (åttande kolonne, tredje rad). Ordren var opphavleg å segle til Le Havre, men dette vart endra til Brest, der det nådde fram 26. eller 27. mai. Skipet segla så til St. Nazaire og det deltok så i Operasjon Aerial, der britiske og allierte soldatar vart evakuerte frå nordvestlege Frankrike til Cardiff. Skipet drog så til Milford Haven via Swansea. 11. juli 1940 segla det ut med konvoien OB 182, som starta frå Liverpool. Denne konvoien vart spreidd 14. juli og «Brant County» nådde fram til Montreal som sjølvstendig skip den 23. juli. 6. august var det komen til Sydney i Canada og med stykkgods segla det som ein del av konvoien HX 64 til Liverpool. Som dei to første konvoiane var overfarten utan dramatikk. I september segla skipet til Avonmouth og Swansea, før det frå Milford Haven slutta seg til konvoien OB 226 som segla ut den 9. oktober. 12. oktober vart konvoien spreidd og segla sjølvstendig til Montreal, der ho nådde fram 26. oktober via Port Alfred. Skipet drog attende til Storbritannia den 15. november frå Sydney som ein del av konvoien HX 87 med stykkgods. Skipet hamna bakpå i dårleg vêr natt til 23. november, men kom seg trygt fram til Liverpool via Greenock den 29. november, der det låg over ein månad. Båten «Charles F. Meyer» var òg hamna bakpå og forsvann sporlaust, truleg søkkt av ein ubåt.[12]

I byrjinga av 1941 reiste skipet frå Liverpool til St. John i Newfoundland, som sjølvstendig skip, og nådde fram 19. januar. Skipet drog attende til Storbritannia att med konvoi HX 108 med avgang 9. februar. Skipet kom fram til Avonmouth, via Barry Roads, den 28. februar. 23. mars deltok skipet i konvoi OB 301 frå Liverpool. Denne vart spreidd 27. mars og «Brant County» nådde St. John som sjølvstendig skip 5. april. 20. april deltok ho i konvoi HX 122 frå Halifax med stykkgods. Skipet nådde Avonmoutn 10. mai utan dramatikk. 28. mai segla konvoi OB 327 frå Liverpool og vart spreidd 1. juni. «Brant County» nådde Montreal som sjølvstendig skip 10. juni.[12] Fire skip frå denne konvoien vart torpederte og forsvann, tre britiske og ein nederlandsk. I tillegg vart eit britisk skip skadd av eit ubåtåtak.[13]

Etter to veker i Montreal, segla skipet til Sydney og kryssa igjen Atlanteren med avgang frå Sydney den 30. juni som ein del av konvoi HX 136 med stykkgods og krigsmateriell som lastebilar, fly, våpen og bomber.[12] Skipet nådde fram til Avonmouth 24. juli. Månaden etter bar det vestover att med konvoi ON 5, som starta frå Liverpool 6. august 1941. Skipet skulle igjen til Montreal og nådde fram 20. august, og vart så liggande der ei stund, før det drog til Halifax den 6. september. Frå her deltok det i konvoi HX 149 frå Halifax den 10. september. Skipet nådde Avonmouth 27. september. Konvoi ON 28 segla vestover 20. oktober. 29. oktober vart konvoien angripen av ubåtar og den britiske marinen gav ordre om at dei raskaste skipa skulle segle avstad, inkludert «Brant County». Skipet nådde fram til Montreal uskadd den 5. november. Det amerikanske skipet «Salinas» vart skadd av ubåt «U-106» den 30. oktober. Konvoi HX 162 segla frå Halifax 27. november. Via Belfast Lough og Barry Roads kom skipet fram til Avonmouth den 13. desember.[12]

I byrjinga av 1942 segla «Brant County» vestover att i konvoien ON 54. Konvoien starta i Liverpool 6. januar og vart oppløyst 17. januar. «Brant County» nådde St. John som sjølvstendig skip den 24. januar. Det returnerte så til Storbritannia med konvoi HX 175 frå Halifax den 13. februar og kom fram til Avonmouth den 28. februar. Det britiske skipet «Kars» var blitt ein stragglar frå denne konvoien og vart torpedert og søkkt av «U-96».[12] Skipet for så vestover med ON 79, austover med HX 186 og vestover att med ON 79 og nådde fram til Halifax den 5. juni. Skipet segla vidare til Montreal, der det låg i fleire veker, før det vende attende til Sydney og Halifax. 9. august var det tur att til Storbritannia med konvoi HX 202 med stykkgods for Belfast. Skipet fekk ein reprimande for å vere ein «bad roamer» i konvoien, men kapteinen meinte det måtte ha vore eit anna skip og rekna med det var gjort ein feil.[12] Det segla vidare til Avonmouth. 11. september segla skipet vestover att med konvoi ON 129 og det nådde St. John 29. september. Returen gjekk 10. oktober med konvoi HX 211 med stykkgods. Det nådde Avonmouth 23. oktober. Månaden etter segla det vestover med konvoi ON 145. Her var det vitne til at tre britiske skip vart torpedert den 21. november av ubåten «U-518». To av skipa vart skadde, mens det tredje sokk.[12] «Brant County» nådde St. John 25. november. Den siste transatlantiske konvoien for «Brant County» dette året var HX 291 med stykkgods og post for Holyhead og Avonmouth, der det nådde fram 1. januar 1943.

23. januar 1943 segla skipet vestover for siste gangen med konvoi ON 162. Det nådde fram til St. John 10. februar. 25. februar 1943 segla skipet ut med konvoien SC 121 frå Halifax. Det var ein langsam konvoi på 57 skip. Konvoien vart angripen av ubåtar og 13 av fartøya vart torpederte, inkludert kommodorefartøyet «Bonneville». «Brant County» snudde attende til Halifax. Seinare vart det med konvoi HX 228, som segla 2. mars med 84 fartøy. 10. mars oppstod det ein intens kamp mellom ubåtar og eskortefarøty, og den britiske destroyeren «Harvester» vart søkkt av «U-432». Den franske korvetten «Aconit» tok derimot hemn og søkkte ubåten. Samstundes vart fleire skip torpedert i konvoien. 36 mann, inkludert kapteinen og åtte passasjerar, omkom då «Brant County» vart råka av ein torpedo frå «U-86» tidleg på morgonen den 11. mars. Skipet var på veg til Newport med stykkgods og 670 tonn eksplosivar i lasterom nr. 1 og nr 2, og ei stor mengd karbid i lasterom nr. 3. Då torpedoen råka lasterommet med karbid vart det raskt sett i brann.[12]

Av fem mann på brua, klarte tre av dei å kome seg akter og kome seg ned i styrbord livbåt. Dei to andre på brua omkom, radiooperatørendå han hoppa overbord og forsvann. Kapteinen omkom i flammane ombord. Tre fyrbøtarar i maskinrommet vart drepen, medan tredjemaskinisten klarte å kome seg på dekk. Dei 23 som hadde kom seg ombord i styrbord livbåt såg at mannskap og passasjerar klarte å få to redningsflåtar på sjøen, og då båten hadde kome kring 200 meter frå skipet, hadde flammane ombord nådd dynamitten, som skapte ein enorm eksplosjon, som sende bitar av metall og anna avfall over heile området. Ingen i redningsflåtane klarte seg. Det kan òg ha øydelagd ein ubåt som framleis var på overflata.[12] I rapporten til commodoren vart det heile omtalt som eit «inferno» og at det vart lyst som dagen. Dei overlevande vart plukka opp ein halvtime seinare av den britiske «Stuart Prince», eit anna skip i konvoien. Fyrbøtaren Ferdinand Olsen var hardt brannskadd og døydde kort tid etter. Dei overlevande vart framta til Liverpool den 16. mars og sjøforklaringa vart halde 23. mars 1943.[12]

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 5 001 brt, 3 054 nrt og lasteevna var 7 875 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 12 585 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Neptun. Oppgjeven yting var 2 607 iHk (indikerte hestekrefter) og 662 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13 knop.[1] Skipet hadde rom til 12 passasjerar.[1]

I 1938 fekk skipet ekkolodd og i 1939 ny radio.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Brant County». Sjøhistorie.no. Henta 4. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 40. Henta 4. mai 2020. 
  3. «"Brant County" paa grund». Bergens Tidende. 10. desember 1921. s. 8. Henta 4. mai 2020. 
  4. «"Brant County" atter paa farten». Bergens Tidende. 6. januar 1922. s. 5. Henta 4. mai 2020. 
  5. «Overfald ombord i bergensbaaten "Brant County"». Bergens Tidende. 4. september 1922. s. 5. Henta 4. mai 2020. 
  6. «Bergenskes "Brant County" har bjerget et fransk skibsmandskap». Bergens Tidende. 15. mai 1924. s. 5. Henta 4. mai 2020. 
  7. «Bergensbåt på grunn». Bergens Tidende. 22. mars 1930. s. 5. Henta 4. mai 2020. 
  8. «Bergenske sjøgutter vinner fotballpokalen i Montreal». Bergens Tidende. 22. november 1933. s. 10. Henta 4. mai 2020. 
  9. «Bergensbåt i kollisjon med en dokkbro i Antwerpen». Bergens Tidende. Henta 4. mai 2020. 
  10. «Bergensbåt ute i styggevær». Bergens Tidende. 20. desember 1938. s. 17. Henta 4. mai 2020. 
  11. «Bergensbåt i kollisjon». Bergens Tidende. 26. juli 1939. s. 9. Henta 4. mai 2020. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 12,7 12,8 12,9 «DS Brant County». Warsailors.com. Henta 4. mai 2020. 
  13. «Ships hit from convoy OB-327». Uboat.net. Henta 4. mai 2020.