DS «Constitutionen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjuldamparen Constitusionen ved Arendal hamn midt på 1800-talet. Frå Norge fremstillet i Tegninger frå 1848.

DS «Constitutionen» var ein hjuldampar og Noregs fyrste dampbåt. Eigar var Postverket. DS «Constitutionen» vart kjøpt inn frå England i 1826 i hovudsak for å betre postgangen, men båten tok og passasjerar og last. DS «Constitutionen» trafikkerte kystruta mellom Oslo og Kristiansand.

Same år kjøpte Postverket enda eitt skip, DS «Prinds Carl». Dei to skipa korresponderte i Stavern. DS «Prinds Carl» gjekk til København via Göteborg og var dermed den første danskebåt med motor som gjekk i fast rute.

Constitutionen vart hogd opp i 1871.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Då «Constitutionen» ankom Oslo den 17. mai 1829 byrja opptakten til det såkalla «Torgslaget» der blant anna Henrik Wergeland kjempa for å markere Noregs grunnlovsdag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Riksarkivet om posttransporten og DS «Constitutionen», med bilete av skuta. Arkivert 2009-05-09 ved Wayback Machine.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.