DS «Erling Jarl»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1895 - 1942: DS «Erling Jarl»

1942 - 1960: DS «Bodø»


DS «Erling Jarl» i 1895
Karriere
Type: Passasjerskip
Eigar: Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS)
Registreringshamn: Trondheim, Bodø
Verft: Trondhjems Mekaniske Værksted
Byggjenummer: 73
Sett i teneste: 1895
Jomfrutur: 1895
Kallenamn: JSNP / LDUK
Lagnad: Hogd opp i 1960
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 677 tonn
Lengd: 57,8 m
Dekkbreidde: 8,2 m
Djupgang: 4,6 m
Fart: 12 knop
Passasjerar: 200 (1907)
Mannskap: 27 (1907)
Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1895. For hurtigruteskipet frå 1949 med same namn, sjå MS «Erling Jarl».

DS «Erling Jarl» var eit kombinert passasjer- og lasteskip som vart overlevert reiarlaget Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) i 1895. Skipet var byggnummer 73 ved Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV). DS «Erling Jarl» var det første skipet som var spesialbygd for hurtigrutetrafikk, og gjekk i fast rotasjon i perioden 1895 til 1937. I 1941 forliste DS «Erling Jarl» og sokk. Vraket vart seld og heva, og etter reparasjonar vart skipet døypt om til DS «Bodø» og utleigd til Ofotens Dampskibsselskab (ODS). I februar 1943 grunnstøytte skipet nær Brønnøysund og sokk. Vraket vart heva i 1960 og hogd opp i Sandnessjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det Bergenske Dampskibsselskab vart det andre hurtigruteselskapet med DS «Sirius», vart Bergenske og Nordenfjeldske einige om å samarbeide om hurtigrutetrafikken. BDS skulle såleis ha seglingane det første og tredje året, medan NFDS skulle trafikkere ruta andre og fjerde året.

På generalforsamlinga i Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab den 4. oktober 1894, vart det vedteke at ein skulle kontrahere eit nytt skip til reiarlaget sitt komande inntog i hurtigruta. Ein akspeterte anbodet frå Trondhjems Mekaniske Værksted på 265 000 kroner. Skipet skulle tilfredsstille klasse 1.A.1 etter retningslinene til Det Norske Veritas. Skipet var planlagt å vere 1,7 meter kortare, men overingeniøren til NFDS endra teikningane. Fleire modifikasjonar vart gjort, og kjøpesummen steig til 295 000 kroner. Byggekontrakten vart underteikna i desember 1894. DS «Erling Jarl» var det første større skipet som vart bygd ved TMV.

NFDS[endre | endre wikiteksten]

DS «Erling Jarl» vart overlevert Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab den 9. desember 1895 og erstatta reiarlaget sitt eldre skip DS «Olaf Kyrre» i Hurtigruta.

Alt den 17. desember vart skipet levert attende til TMV for å utbetringar. To veker seinare var reparasjonen ferdig, og skipet kunne ta opp att hurtigrutefarta. 7. januar 1896 grunnstøytte DS «Erling Jarl» i Grøtsundet nord for Tromsø, og måtte i dokk for å få reparert propellen. Den 13. oktober same året, grunnstøytte skipet på ny ved Rolnæsholmen ved Harstad. Maskinrommet tok inn vatn, og skipet måtte slepast av DS «Haalogaland» til Harstad, der lekkasjen vart tetta, provisorisk. Fjorten dagar seinare vart «Erling Jarl» slept til Trondheim for reparasjonar. Den 17. april 1897 gjekk «Erling Jarl» på eit skjer ved Agdenesfjorden. Denne gongen greidde skipet å kome seg av skjeret ved eiga hjelp, men var ute av drift fram til den 1. juli same året.

29. juni 1908 vart DS «Erling Jarl» oppgradert ved Trondhjems Mekaniske Værksted. Skipet fekk ny hovudkjele, skorstein og fokkemast, dessutan vart skroget lengd med 4,5 meter. Ombygginga kosta om lag 200 000 kroner, og tonnasjen vart auka til 737 bruttoregistertonn. Den 23. februar 1909 var skipet tilbake i hurtigrutetrafikk.

I dårleg ver utanfor Vardø den 15. mars 1924, rende «Erling Jarl» i senk motorkuttaren MK «Sjøstjernen». To personar omkom i ulykka.

I juni 1937 vart «Erling Jarl» erstatta av DS «Prins Olav». Skipet vart lagt i opplag i Trondheim, men vart innimellom nytta som avløysarskip i hurtigruta.

Under det tyske åtaket på Noreg i 1940, vart «Erling Jarl» rekvirert av dei allierte styrkane i Noreg, og sett inn som transportskip i Nord-Noreg. DS «Erling Jarl» kom uskadd frå krigshandlingane, og i juli 1940 var skipet tilbake i hurtigrutetrafikk. 28. januar 1941, på nordgåande retning, grunnstøytte skipet og sokk utanfor Brønnøysund. Ein person mista livet i forliset.

ODS[endre | endre wikiteksten]

Vraket av DS «Erling Jarl» vart kjøpt av Erling Sannes i Bodø og heva. I april 1942 var skipet ferdig reparert og ombygd. Skipet vart døypt om til DS «Bodø» og leigd ut til Ofotens Dampskibsselskab, og skorsteinen fekk påmala ODS sine fargar. Den 27. februar 1943 grunnstøytte skipet ved Bogskjæra nord for Brønnøysund. Skipet sokk på djupt vatn, og vart liggjande heilt til 1960, då vraket vart heva. Båtvraket gjekk rett til opphogging i Sandnessjøen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]