DS «Folgefonden»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Folgefonden»
Verft: C. Mitchell & Co. i Newcastle
Verftsnummer: 324
Sett i teneste: 1875 (for I/S Folgefonden)
1878 (for Det Vestlandske Dampskibsselskab)
1883 (for HSD)
Kjennemerke: JQMH
Lagnad: Forliste 1908
Generelle mål
Tonnasje: 210 brt
119 nrt
Lengd: 120,5 fot (36,7 m)
Breidd: 19,1 fot (5,8 m)
Djupgang: 9,5 fot (2,9 m)
Installert effekt : 45 nhk, 215 ihk
Framdrift: 2cyl.Comp. (Thompson & Boyd)

D/S «Folgefonden» var eit dampskip bygt i 1875 for I/S Folgefonden som lokalrutebåt. Skipet kosta den gongen kr. 140 000.

I følgje Bergens Tidende ankom skipet Bergen 27. desember 1875 og overtok ruta til Stavanger og Hardanger etter DS «Vikingen». 17. februar 1876 gjekk skipet på grunn på ein holme ved Sunde i Kvinnherad, men kunne halde fram mot Stavanger og vart først reparert då ho kom til Bergen att.[1] Tidleg i november 1876 fall kapteinen på skipet, Ole Olsen, i mørkret ned i ei luke og vart hardt skadd. Ei veke seinare omkom han av skadane han pådrog seg.[2]

Alt i 1878 vart skipet selt til Det Vestlandske Dampskibsselskab, før det i 1883 vart overteke av HSD i Bergen. Det gjekk i teneste for HSD fram til 1908. Den 22. august dette året grunnstøytte skipet på Trøskenesfluen ved Skånevik og sokk på reisa mellom Bergen og Sunnhordland med post og passasjerar. 23 passasjerar og tre av besetninga omkom i forliset. Vraket vart sidan heva og opphogd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ingen tittel». Bergens Tidende. 24. februar 1876. s. 3.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  2. «Ingen tittel». Bergens Tidende. 18. november 1876. s. 2.  |access-date= requires |url= (hjelp)