DS «Great Eastern»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.


«Great Eastern»

D/S «Great Eastern» var eit dampfartøy konstruert av Isambard Kingdom Brunel. Det var med sina 211 meters lengd det største fartøyet i verda då det vart sett i service 1858 og vart verande det største fram til RMS «Oceanic» i 1899.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet Eastern Steam Navigation Company vart etabert 1851 for å finansiera og byggja skipet. Visjonane var store; «Great Eastern» skulle verta større, sterkare og meir imponerande enn alle andre fartøy som nokosinne har vorte bygd.

Som sjefingeniør og drivkraft i prosjektet vart briten Isambard Kingdom Brunel valt. Han var verdsett som tida si dugelegaste og mest visjonære ingeniør. Arkitekt for prosjektet var John Scott Russell.

Då Rusell i februar 1856 vart slegen konkurs stansar kreditorane bygginga. Etter tre månader i daudvatn kom kreditorane til ein minnelig ordning etter delbetaling, og bygginga forsette eit år til.

Jomfruturen byrja den 7. septemberen 1859. Veka etter etter å ha sett «Great Eastern» segla ut til hav sitt, daude Isambard Kingdom Brunel av hjerneslag.

Fartøyet var meint for 4 000 passasjerar i trafikk på ruta Storbritannia-Australia, men viste seg økonomisk ulønsam i linjetrafikk. Konstruksjonen til fartøyet førte til at ho rulla sterkt i sjøgang, noko som gjorde reisene ubehagelege. «Great Eastern», under kommando av kaptein James Anderson vart brukt på midten av 1860-talet til legging av den første transatlantiske telegrafkabel, Atlanterhavskabelen mellom England og USA.

A white flagpole in front of football ground
Masa redda frå S/S «Great Eastern», i dag flaggtong på Anfield stadion i Liverpool

Fartøyet vart opphugget i Rock Ferry 1889. Rock Ferry liggar ved munningen av elva Mersey. Det tok 18 månader å gjera skipet om til spikar. På Anfield stadion i Liverpool vart ein av flaggtengene på skipet sett opp.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Verdenens historie nr 5 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [1] SS «Great Eastern»] i Britannica