DS «Haakon VII»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DS «Haakon VII»
Karriere i Noreg
Type: Kystruteskip
Kostnad: 750 000 NOK (1929)
Verft: Trondhjems mekaniske Værksted
Byggjenummer: 125
Sett i teneste: 1907
Jomfrutur: 7. mai 1907
Status: Grunnstøytte i 1929. Kondemnert og hogge opp i 1930
Generelle eigenskapar
Lengd: 76,3 m
Dekkbreidde: 10,1 m
Djupgang: 6,6 meter
Fart: 14,5 knop
Passasjerar: 532
Mannskap: 31

DS «Haakon VII» var eit passasjer- og hurtigruteskip som vart overlevert Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab i mai 1907. Skipet hadde byggnummer 125 ved Trondhjems Mekaniske Værksted i Trondheim og kosta 750 000 kroner. Etter levering vart skipet sett inn i englandsruta Trondheim–Bergen–Stavanger–Newcastle. I 1922 vart det sett inn i fast rotasjon i Hurtigruten om sumaren, og frå 1924 heile året. 29. oktober 1929 grunnstøytte DS «Haakon VII» ved Staveneset sør for Florø og velta 90 grader. Akterenden sokk, medan baugen låg langt inne på land. 18 personar omkom og 55 overlevde. I 1930 vart skipet slept til Bergen, og vart kondemnert og hogge opp.[1]

Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter norske herskarar. Haakon VII var konge av Noreg frå 1905 til 1957.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hurtigrutetragedien ved Staveneset» (på norsk). NRK Sogn og Fjordane. Henta 14. oktober 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]