DS «Hordaland»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosendal, Ullensvang, Søndhordland and Hordaland at quay in Leirvik, Stord.jpg
Frå hamna på Leirvik på Stord i 1930. Inst ligg DS «Rosendal», DS «Ullensvang», DS «Søndhordland» og DS «Hordaland»
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Hordaland»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Kockums mek. Verkstads AB i Malmö
Verftsnummer: 22
Sett i teneste: 1880 (for HSD)
Teke ut av teneste: 1936
Kjennemerke: JQVS/LEDF
Lagnad: Opphogd 1936
Generelle mål
Tonnasje: 144 brt
99 nrt
Lengd: 111,4 fot (33,95 m)
Breidd: 18,6 fot (5,7 m)
Djupgang: 9,5 fot (2,9 m)
Installert effekt : 50 nhk
Framdrift: 2cyl.Comp

D/S «Hordaland» var eit dampskip bygt i 1879 for Det Søndhordlandske Dampskibsselskab. Skipet kosta den gongen kr. 80 000 og den første kapteinen var kaptein Simonsen.

Skipet vart overteke av Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) i 1880. 25. mai 1915 vart skipet rekvirert av Den norske marinen (Bergensavdelinga) og vart nytta under første verdskrigen. 19. desember 1918 vart skipet returnert til HSD og var i teneste fram til 1936, då det vart seld til hogging ved Stavanger Skips-Ophugnings Co.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]