DS «Iris» (1901)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of the Netherlands.svg Nederland
Namn: DS «Ingerid»
Eigar: Naaml. Ven. Maats. Noorwegen (D. Burger & Zoon)
Verft: Gourlay Brothers & Co. i Dundee
Verftsnummer: 198
Jomfrutur: Mai 1901
Heimehamn: Rotterdam, Nederland
Kjennemerke: MDHL/LFHA
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Iris»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 2. april 1907 for 411 859 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste 1944
Generelle mål
Tonnasje: 1 213 brt, 670 nrt
Daudvekt: 1 020 tdw.
Lengd: 72,1 m
Breidd: 7,1 m
Djupgang: 4,7 m
Installert effekt : 1 110 iHk, 251 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Gourlay Bros.)
Fart: 13 knop

DS «Ingerid» (kallesignal MDHL/LFHA) var eit dampskip bygt i 1901 som passasjer- og lasteskip for nederlandske Stoomvaart Mij Noorwegen ved Gourlay Brothers & Co, i Dundee.

I april 1907 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Iris».

Historie[endre | endre wikiteksten]

I februar 1907 avgjorde Det Bergenske Dampskibsselskab å kjøpe ei nederlandsk linje, Stoomvaart Mij Noorwegen, som sidan 1857 hadde drive linjefart mellom Rotterdam og Vestlandet. Med selskapet fekk BDS tre kombinerte passasjer- og lasteskip, som vart ein del av flåten til BDS. Dei tre fartøya fekk namna DS «Flora», DS «Ceres» og DS «Iris». Sistnemnde var det nyaste og største av desse og var eit velutrusta passasjerskip. Skipet vart kjøpt for 411 859 kroner.[1]

Kort tid etter BDS tok over skipet havarerte det og grunnstøytte på Jæren og vart så ombygd. I 1908 fekk skipet ny donkeykjele og i 1912 vart det sett inn nye hovudkjelar og ein Telefunken-Marconi-radio ved Bergen Mekaniske Verksted.

Då første verdskrigen braut ut, var «Iris» blant fartøya som vart nytta til å frakte heim att franske og britiske turistar.

28. februar 1929 fekk ein lastearbeidar ombord i «Iris» ankelen broten. Ei sildetønne kom rullande mot beina til mannen, som ikkje såg tønna i tide.[2]

I 1929 fekk skipet straumlinjeror og i 1938 vart spise- og røykjesalongen ombygd. Året etter vart det sett inn ny radio og ekkolodd.

I april 1940, då andre verdskrigen braut ut, vart «Iris» disponert til Nortraship. Før krigen var over, 4. oktober 1944, grunnstøytte skipet og vart vrak ved innseglinga til Cape Harrison i Labradorkysten i Canada ved ankomst frå Hebron. Om ettermiddagen var skipet på veg inn til Cape Harrison med forsyningar og personell for den amerikanske vêrstasjonen der og det var dårleg vêr då skipet grunnstøytte. Ho hadde vore innom fleire hamner på nordaustkysten av Canada for den amerikanske hæren. Reisa hadde starta byrja i St. John's den 16. august og ho for ut frå Hebron mot Cape Harrison den 3. oktober. Skipet sprang lekk under grunnstøytinga og maskinrommet vart fylt med vatn. Innan kl. 22 var vatnet kome ein meter over hovuddekket. Alle lugarane var òg under vatn, men sidan fartøyet ikkje sokk djupare ned i vatnet, valde ein å halde seg ombord til morgonen etter då USCG «Laurel» kom fram, og ein gjekk frå «Iris». Mannskapet på 36 og dei 47 passasjerane vart alle berga, men skipet vart vrak., warsailors.com 

Det vart gjort høyringa i New York den 16. oktober 1944.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 213 bruttoregistertonn og 670 nettoregistertonn og lasteevna var 1 020 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 307  om sommaren og 1 439  om vinteren. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Gourlaay Bros. Oppgjeven yting var 1 110 iHk (indikerte hestekrefter) og 251 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 12-13 knop.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S Flora». Sjøhistorie.no. Henta 25. desember 2019. 
  2. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 1. mars 1929. s. 4. Henta 6. juni 2020.