DS «Irma» (1905)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Irma i pakkis.jpg
DS «Irma» i pakkis, 1911.
Foto: Oscar Holte
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Irma»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Sir Raylton Dixon & Company, Middlesborough
Byggekostnad: 570 684 kr.[1]
Verftsnummer: 510
Jomfrutur: April 1905
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MCHD/LDTP
Lagnad: Torpedert 1944
Generelle mål
Tonnasje: 1 322 brt, 760 nrt
Daudvekt: 920 tdw.
Lengd: 74,4 m
Breidd: 9,9 m
Djupgang: 8,4 m
Installert effekt : 1 800 iHk, 240 bHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (J. Dickinson & Sons Ltd, Sunderland)
Fart: 13,5 knop
Passasjerar: 144 (i europeisk fart) passasjerar
Mannskap: 34

DS «Irma» (kallesignal MCHD / LDTP) var eit passasjer- og hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i april 1905. Skipet var byggnummer 510 ved det britiske verftet Sir Raylton Dixon & Company i Middlesbrough, og kontraktsummen var 570 684 kroner. Skipet gjekk i Englandsruta mellom Trondheim, Vestlandet og Newcastle, i tillegg til i turisttrafikk i vestlandsfjordane om sommaren. DS «Irma» gjekk i fast rotasjon i hurtigruta frå 1931 til 1944. I februar 1944 vart det søkkt av to norske torpedobåtar ved Hestskjæret fyr i Møre og Romsdal. 61 menneske omkom.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Irma er ein asteroide som vart oppdaga i 1877.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Irma» ved Åndalsnes sommaren 1924
Foto: Anders Beer Wilse

Etter overleveringa i april 1905 vart skipet sett inn på Englandsruta Trondheim – Bergen – Stavanger – Newcastle, og erstatta DS «Mira». Denne ruta var eit samarbeidsprosjekt mellom Det Bergenske Dampskibsselskab og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) i Trondheim. I utlandet marknadsførte reiarlaga seg som B & N Line Royal Mail LTD.

I sommarmånadene vart DS «Irma» òg sett inn på turistruta frå Mellom-Europa til vestlandsfjordane. I oktober 1921 trekte Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab seg ut av Englandsruta, og samstundes trekte BDS DS «Irma» ut av ruta. I staden vart skipet sett inn som turistskip i sommarmånadane. Sommaren 1923 vart DS «Irma» sett inn på turistruta til Svalbard, og mellom 1927 og 1931 gjekk det i Hamburgruta.

I hurtigruten[endre | endre wikiteksten]

9. juli 1931 vart DS «Irma» sett inn i fast rotasjon i hurtigruten som erstatning for DS «Hera» som forliste 17. mars same år. I 1932 vart passasjerkomforten oppgradert og modernisert. I 1937 hadde skipet ei mindre grunnstøyting ved Kabelvåg i Lofoten.

Under åtaket på Noreg 9. april 1940 var DS «Irma» i hurtigrutetrafikk, men slapp uskadd frå krigshandlingane. Etter invasjonen vart alle hurtigruteavgangar innstilt, men sommaren 1940 starta DS «Irma» opp att seglingane i hurtigruten.

Senkninga[endre | endre wikiteksten]

Kvelden 13. februar 1944 var DS «Irma» på nordgåande mellom Molde og Kristiansund. Like sør for Hestskjær fyr passerte det lasteskipet DS «Henry» som òg var på veg nordover.

To norske torpedobåtar stasjonert på Shetland låg ved Averøy og venta på ein tysk konvoi. I og med at DS «Irma» segla for heimeflåten var det utstyrt med luftvernkanonar. Derifrå rekna torpedobåtane at DS «Irma» og lasteskipet DS «Henry» var ein del av konvoien dei venta på. Like nord for Hestskjær fyr vart det angripe av dei to norske torpedobåtane. DS «Irma» vart treft av to torpedoar og brakk i to og sokk i løpet av få minutt. DS «Henry» ilte til unnsetnad. Ikkje lenge etter vart òg DS «Henry» treft av to torpedoar og sokk. 61 menneske frå DS «Irma», og fire frå DS «Henry» omkom. Berre 25 overlevde det tragiske forliset.[2]

16. september 2002 avdekte kong Harald V eit minnesmerke i Sveggen i Averøy kommune. Steinskulpturen «Stille rom» av kunstnaren Geir Stormoen står med utsikt til staden DS «Irma» og DS «Henry» vart søkkt, og på ei bronseplate står namna på dei som omkom.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til DS «Irma» tonnasje var ved levering 1 322,36 bruttoregistertonn, 760,58 nettoregistertonn, og lasteevna var på 920 dødvekttonn. Det var bygt som eit kombinert gods- og passasjerskip med to gjennomgåande dekk og lasterom framme og akter. Det totale volumet til lasteromma i 1911 var 1 573 , og i 1940 hadde skipet 738 m³ kjølerom. Lasting og lossing gjekk føre seg med skipskranar ved lastelukene. Hovedmaskinen var ein kolfyrt trippel ekspansjon dampmaskin med arbeidstrykk 175 psi, bygd av J. Dickinson & Sons. Ytinga som var oppgjeven var 1 800 ihk (indikerte hestekrefter) og 245 nhk (nominelle hestekrefter), noe som gav ein toppfart på 13,5 knop. Ved levering hadde DS «Irma» 92 køyeplassar på 1. plass (1.klasse), 10 på 2. plass, og 45 på 3. plass. Det var i 1907 sertifisert for 144 passasjerar i europeisk fart. Etter ombygginga i 1932 vart DS «Irma» eit to-klasseskip med 39 køyeplassar på 1. plass, og 48 på 3. plass (2. plass vart kutta ut). I 1933 fekk DS «Irma» installert kjøleanlegg. I 1938 fekk det peileapparat, og i 1939 ekkolodd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Irrma». Sjøhistorie.no. Henta 25. desember 2019. 
  2. «Historien Irma» Arkivert 5. mars 2016 på Wayback Machine., frå nettsidene til Hurtigrutemuseet