DS «Jonas Lie»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mannskap og passasjerer på "Jonas Lie" - no-nb digifoto 20151214 00171 blds 07582.jpg
Mannskap og passasjerar på «Jonas Lie»
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Jonas Lie»
Eigar: Wollert Konow m.fl.
Verft: Bergen mek. verksted i Bergen
Verftsnummer: 33
Jomfrutur: Juni 1875
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JQLW
Lagnad: Opphogd 1927
Generelle mål
Tonnasje: 614 brt, 366 nrt
Daudvekt: 500
Lengd: 50,7 m
Breidd: 7,6 m
Djupgang: 6,2 m
Installert effekt : 83 nHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (BMV)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Døscher & Co
Kjøpt: 1877
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab
Kjøpt: 1878
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Overtatt: 1884 for 165 000 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter hovudreparasjon i 1902
Tonnasje: 619 brt, 379 nrt
Framdrift: Comp. (BMV)
Karriere Flag of Poland.svg Polen
Namn: «Danzig»
Eigar: Nord Ostzee Rederei
Kjøpt: 1922
Heimehamn: Danzig
Karriere Flag of Poland.svg Polen
Namn: «Warta»
Eigar: Sarmacaja SS Co. Ltd
Kjøpt: 1923
Heimehamn: Danzig
Lagnad: opphogd 1927

DS «Jonas Lie» (kallesignal JQLW) var eit dampskip bygt i 1875 som eit passasjer- og lasteskip for Wollert Konow Ltd. og Krohn-linjen. Skipet vart bygt for fart mellom Bergen og Tromsø.

I 1906 var det lugarplass til 21 passasjerar på 1. plass og 18 passasjerar på 2. plass.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1871 overtok ei rekkje kjøpmenn og andre parthavarar DS «Michael Krohn» i Bergen, som vart sett inn i fart mellom Bergen og Nord-Noreg. Det første året gav dette eigarane eit utbytte på 30 %, og dei sette derfor i gang med å få bygt eit nytt skip. DS «Præsident Christie» vart bygt i 1872 og året etter kom «Jonas Lie». Samstundes hadde Arent Schønings Sønner starta fart i same ruta med DS «John Schøning». Då sildeboomen var over i 1878 kom det til eit fast samarbeid mellom Schøning og Krohn-linjen, som i lag skipa eit nytt selskap, Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab. I 1883 hamna både «Michael Krohn» og «John Schøning» i alvorlege havari. Begge skipa vart berga, men selskapet hama i så store økonomiske problem at dei byrja å forhandle med Det Bergenske Dampskibsselskab om ei overtaking. Sidan Bergenske samarbeidde tett med Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab på denne tida, var det naturleg å ta dei med i forhandlingane. Ved loddtrekning fekk Bergenske overta «Jonas Lie» i april 1884 for 165 000 kroner.[1] Dei fekk òg eit anna skip, «Johan Schøning», medan Nordenfjeldske tok over to andre skip.

I 1899 fekk skiet ny donkeykjel og mannskapsseksjonen vart utbetra. I 1902 vart det utført ein større reparasjon ved verftet til Bergenske på Lakesvågsneset. Det fekk då ny innreiing, ny stocklessanker og ny compoundmotor. Ein annan, ny donkeykjel vart sett inn i 1913 og i 1915 vart skipet ombygd til eit reint lasteskip.

I 1922 vart skipet selt til Nord Ostsee Rederei i Danzig og det fekk namnet «Danzig». Alt året etter vart det selt vidare til Sarmacja i Danzig og det vart omdøypt «Warta». Skipet vart opphogd i første kvartalet i 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «D/S John Schnøning». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.