DS «Nordcap» (1840)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Teikning av Knud Baade (1808-1879)
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nordcap»
Eigar: Den norske marinen
Verft: Karljohans værft i Horten
Verftsnummer: 4
Sjøsett: 25. januar 1840
Jomfrutur: 5. august 1840
Heimehamn: Horten
Lagnad: Forliste 1877
Generelle mål
Type: Hjuldampar/kanonbåt
Tonnasje: 158 1/2 cl
Deplasement: 484 tonn
Lengd: 40,2 m
Breidd: 7,3 m
Djupgang: 3,1 m
Skrogmateriale: Eik
Installert effekt : 120 nHk
Framdrift: Segl rigga som toppseglskonnert med to master. Seglareal: 467 m²
Lågtrykks 2 dampmaskin (Miller & Ravenshill, London)
Fart: 9,3 knop
Besetning: 75 mann
Utrusting: 2 stk. 60 pds bombekanonar, vekt ca. 3 040 kg.
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nordcap»
Eigar: Postverket
Sett i teneste: våren 1841 - april 1870
Generelle mål
Type: Kystruteskip
Utrusting: 4 stk. 30 pds falkonettar som signalkanonar eller til anna bruk
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nordcap»
Eigar: I.H. Christiansen
Sett i teneste: 1870-1877
Heimehamn: Tønsberg
Lagnad: Forliste 1877

DS «Nordcap» var eit norsk dampskip og det andre skipet som gjekk i rutefart på Vestlandet, frå Trondheim til Bergen og Kristiansand.[1] Skipet vart opphavleg bygt for Den norske marinen i lag med fleire andre, men behovet hadde vore overvurdert og skipet vart derfor stort sett overlate til Postverket når Marinen ikkje skulle bruk det.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at DS «Oscar» hadde gått i rute mellom Bergen og Kristiansand frå 1827 til 1829, hadde det ikkje vore regelmessig dampskipsfart på Vestlandet fram til «Nordcap» vart sett i rute i 1841.[2] DS «Constitutionen» gjekk derimot nokre år to turar frå Christiania til Bergen kvar sommar frå 1829 til 1839, ein i juni og ein i august.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Nordcap» vart bygt ved Karljohans værft i Horten for Den norske marinen. 5. august 1840 segla fartøyet til London for å få installert dampmaskinen, noko som var fullført 11. november 1840.[3] Kapteinen på toktet var O.W. Erichsen. Med seg hadde Marinen briggen «Lolland» og «No 1». Både reisa over til England og reisa heim att var prega av storm, og kommisjonen som skulle bedømme fartøyet roste sjøeigenskapane hennar.[3]

Våren 1841 tok Postverket over fartøyet og sette det i ruta mellom Trondheim og Kristiansand, via Bergen. Tre år tidlegare hadde DS «Prinds Gustav» byrja Nordlandsruta til Tromsø og Hammerfest, så for første gongen var det no samanhengande samband langs heile kysten frå Christiania til Finnmark. Staten hadde lite tru på at ruta på Vestlandet skulle bli noko suksess, så taksten vart sett lågare enn på dei andre statlege dampskiprutene. Taksten var 15 skilling per mil, medan tilsvarande takst på Sørlandsruta var 20 skilling.[4]

I september og oktober 1841 tok marinen fartøyet attende for å teste ut dugleiken hennar. Seglinga føregjekk i skjergarden på Sørlandet og i Hvaler-området. Då «Nordcap» ankom Fredrikshald salutterte fartøyet Fredriksten festning med fire reglementerte skot, men fekk berre to skot som svar. Ein offiser vart då send i land for å klage og korrekt svarsalutt på fire skot vart så avfyrt. Kommandanten på festninga kom personleg ombord for å be om orsaking.[3] Frå november same året var «Nordcap» attende i teneste for Postverket. I 1847 vart «Nordcap» teken ut av Vestlandsruta og sett inn i ei ny rute Oslo - Fredrikshavn - Nyborg - Kiel. Dei neste åra vart derfor strekningan Bergen - Trondheim dårleg dekt.[4] Ruta førte derimot til at postsambandet til resten av Europa vart langt betre.

På seinsommaren 1848 utførte Marinen ei ekstraordinær utrusting av skipet på grunn av første slesvigske krigen som Danmark var involvert i. Fartøyet vart då brukt som troppetransport mellom Christiania og Skåne, og som bukserfartøy for rokanonsjaluppar.

Frå september 1848 til april 1870 vart «Nordcap» verande i tenesta til Postverket og i løpet av åra gjekk ho i forskjellige ruter, mellom anna Nordlandsruta ei kort tid i 1849 og frå 1856 til 1865. Vidare gjekk ho i Østfinnmarksruta frå 1864 til 1868.[5]

7. april 1870 vart skipet seld på auksjon til konsul I.H. Christiansen i Tønsberg. Han rigga «Nordcap» om til eit barkskip. I april eller mai 1877 forliste «Nordcap» under lasting av mahogny utanfor Tunala i Mexico. Under ein storm dreiv skipet på land og totalhavarerte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hermund Kleppa. «Fylkesbaatane - Rutetrafikk før 1858». Fylkesarkivet. Henta 23. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Kyst- og lokalfart under unionstiden med Sverige». Lokalhistoriewiki. Henta 23. april 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Stein Moen (1992). Kgl Norske Marines Fartøyer - Hefte 19 - Hjuldampskipene. Henta 23. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 Jørn Berthelsen (1975), Innenlands samferdsel i Norge 1814-1974 - Del 1 - Demring (1814 - 1850-tallet), Transportøkonomisk institutt - Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Forskingsråd, s. 21-25, henta 23. april 2019 
  5. Tore Gjelsvik (1987). Statens postdampere i rute på Throndhjem 1838-1865. Filatelistisk Forlag AS. ISBN 8290272332.