DS «Oscar» (1827)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samtidig gravering av DS «Oscar»
Karriere  Noreg
Namn: DS «Oscar»
Eigar: Interessentselskabet Oscar
Verft: S. Owen i Stockholm i Sverige
Sjøsett: 1827
Jomfrutur: April 1828 (første rutetur)
Heimehamn: Bergen
Generelle mål
Type: Kystruteskip
Framdrift: Skovlhjul

DS «Oscar» var eit norsk dampskip og det første skipet som gjekk i rutefart på Vestlandet.[1]

Dei første dampskiprutene i Noreg vart sette i gang av staten våren 1827 då hjuldamparane DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl» byrja å gå i rute mellom Oslo og Kristiansand. I 1825 vart det teke initiativ i Bergen om å skaffe eit dampskip som kunne trafikkere kysten på Vestlandet. «Oscar» vart bygt hos S. Owen i Stockholm og i april 1828 (andre kjelder seier hausten 1827[1]) vart skipet sett i rute mellom Bergen og Kristiansand av Interessentselskabet Oscar.[2] Dette vart det første privateigde dampskipet i landet. Ruta gjekk derimot dårleg og etter to år gjekk reiarlaget konkurs og måtte selje skipet.

Dei nye eigarane sette det i ruta mellom Christiania og Larvik, men denne ruta òg gjekk dårleg og «Oscar» vart selt i 1830 til Lübeck. «Constitutionen» gjekk nokre år to turar frå Christiania til Bergen kvar sommar frå 1829 til 1839, ein i juni og ein i august.[2] Utanom dette var det ingen dampskipsfart på Vestlandet mellom 1829 og 1841. I 1841 vart det statlege DS «Nordcap» sett inn i fart mellom Kristiansand, Bergen og Trondheim.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hermund Kleppa. «Fylkesbaatane - Rutetrafikk før 1858». Fylkesarkivet. Henta 23. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Kyst- og lokalfart under unionstiden med Sverige». Lokalhistoriewiki. Henta 23. april 2019.