DS «Rags»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Rags»
Eigar: 1904-1911: A/S D/S Rags (Jacob Christensen)
A/S Borgen (G.E. Stoesen)
Verft: William Gray & Co. i West Hartlepool i Storbritannia
Verftsnummer: 693
Jomfrutur: oktober 1904
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MTQH - WLJC - LCIA
Lagnad: Opphogd 1936
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 3589 brt, 2296 nrt
Daudvekt: 5800 tdw.
Lengd: 340 fot (103.6 m)
Breidd: 48 fot (14.6 m)
Djupgang: 24.8 fot (7.6 m)
Installert effekt : NHK 291 IHK 1500
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin
Fart: 8,5 knop
Karriere Flag of Denmark.svg Danmark
Namn: DS «Vinland»
Eigar: A/S Grønland (A. Jensen)
Kjøpt: Mars 1915
Heimehamn: København
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Vela»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1916 for 2 266 095 [1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Zephyros»
Eigar: A/S D/S Zephyros (Johan C. Wiese)
Kjøpt: Februar 1929 for 309 000 kr.[2]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Zephyros»
Eigar: Harry O.Jacobsen & Co
Kjøpt: Juli 1932
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Fjeld»
Eigar: A/S D/S Fjeld (Anton Meidell)
Kjøpt: September 1932
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1936

DS «Rags» (kallesignal MTQH - WLJC - LCIA) var eit dampskip bygt i 1904 som lasteskip for A/S D/S Rags under Jacob Christensen i Bergen og verka i følgje skipsberetninga i Bergens Tidene i 1900-åra å ha gått i trampfart.[3]

I 1915 var skipet ein kort periode hos danske eigarar, før det i 1916 vart kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt «Vela». I 1919 gjekk dette inn i Sør-Amerikalinja. Mot slutten av karrieren sin hadde det andre eigarar og gjekk under namna «Zephyros» og «Fjeld».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved William Gray & Co. i Hartlepool i Storbritannia og vart levert til A/S D/S Rags i oktober 1904.[4] Den første turen gjekk til Karachi i India, før det på dei neste turane segla mellom hamner i Storbritannia, Tyskland og Nederland til hamner i Middelhavet og Svartehavet. Den 5. september 1905 kolliderte skipet i South Shields med skonnerten «Gravesends» av London og fekk skader på eit par plater på styrbord side. Skipet verka å ha gått mykje i fart mellom Storbritannia og India.[3]

I november 1913 fekk «Rags» nye eigarar då A/S Borgen under G.E. Stoesen tok over skipet. I mars 1915 vart skipet selt til A/S Grønland i København og omdøypt «Vinland».

Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte så skipet attende til Noreg i juni 1916 og gav det namnet «Vela». For dette betalte dei 2 266 095 kroner[1], det dyraste skipet deira til då. I 1919 gjekk skipet inn i Sør-Amerikalinja til BDS og på den første reisa si ankom det attende til Noreg med Stavanger som første anløpshamn.[5]. På veg til Noreg kom det ut for uvêr og mista aktermasta og alle lossebommane på akterdekket.[6] 21. april 1920 skreiv Bergens Tidende om «Vela» som var komen til Kristiania med linfrø og mais frå Argentina. Lasta skulle eigentleg til Danmark, men på grunn av streik blant hamnearbeidarane i København gjekk skipet til Kristiania i staden. Her ville heller ikkje hamnearbeidarane losse lasta fordi dei rekna det som streikebryteri.[7] 25. april vart kring 700 tonn mais lossa i Moss etter at norske styresmakter kjøpte lasta for å få skipet avstad att i ruta si.[8] I 1920 fekk «Vela» innlagt oljefyring, elektrisk lys og etter pålegg frå skipskontrollen nye folke- og offiserslugarar.[9] I 1922 byrja skipet i tillegg til Sør-Amerikalinja å stundom gå ruter mellom Nord-Amerika og Austersjøen. I juli dette året vart det sett i dokk i Laksevåg for å få skifta propell og propellaksling, i tillegg til reparasjon av maskin og kjelar. I tillegg vart det retta ut nokre buklar i botnen av skroget etter ei grunnstøyting i Austersjøen.[10] Skipet hadde vore oljefyrt sidan 1922, men no valte ein å gå over til kolfyring, då oljefyringa hadde vore mindre heldig.[11] I 1923 byrja skipet å gå ruter mellom Nord-Europa og Arkhangelsk med trelast, i tillegg til farten på Austersjøen. I desember 1923 låg skipet til reparasjon i Laksevåg og fekk botnstokkar under kjelane og ny bakbord forrigg.[12] Etter eit par turar til Svartehavet for å hente korn tidleg i 1924, gjekk det igjen inn Sør-Amerikalinja. I september 1925 låg skipet til reparasjon i København, men var elles dette året hovudsakleg i Den Norske Syd-Amerika Linje. I 1926 vart det fleire turar til Middelhavet og i trelastfarta til Kvitsjøen. I juni 1926 var skipet til overhaling i Laksevåg.[13] «Vela» vart i juli 1926 liggande i Antwerpen ei stund på grunn av streik blant hamnearbeidarane, som hindra skipet i å få lossa.[14]

Laurdag 25. februar 1926 grunnstøytte «Vela» ved Hjelteskjæret i Hjeltefjorden ved Bergen. Skipet var på reise frå Onega til Nikolajev i Ukraina, og var innom Bergen for mannskapsskifte. Om morgonen segla «Vela» ut og då det runda Kvarven på veg mot Vatlestraumen, mista skipet styringa. Det vart slått full fart akterover og ankeret vart kasta. Ankerkjettinga sleit seg og skipet dreiv inn på ei grunne. Det gjekk for eigen motor inn til Laksevåg, der dykkarar konstaterte bulkar i skroget og sju fot av slingrekjølen mangla. På grunn av naglar som hadde svikta var det ein liten lekkasje som vart tetta med tagl og drev. Mandagen etter vart det halde sjøforklaring.[15]. Dagen etter segla skipet vidare til Svartehavet.

I februar 1927 var skipet til reparasjon etter eit havari, og skulle segla via Hook van Holland til Cuba. 11. februar kolliderte det med ein lekter i innseglinga til Antwerpen. Lekteren fekk litt skade, medan «Vela» var uskadd.[16] 17. mars 1927 vart det meldt frå Boston i USA at «Vela» var sprunge lekk som av skade i isen. Forpiggen var full av vatn og noko av lasta vart skadd.[17] Medan skipet var i Boston vart kaptein Thorstein Lockert frå Vesterålen innlagt på sjukehus med lungebetennelse, som han så døydde av der.[18]. 30. mars same året var «Vela» igjen i ei ulukke då det i Boston kolliderte med den amerikanske, firmasta skonnerten «Doris Hamlin».[19] Berre ein månad seinare, 23. april, gjekk «Vela» på grunn i elva ved Pensacola i Florida. Ved assistanse kom skipet av grunn att. Det var uskadd og kunne segla vidare etter å ha betalt 750 dollar for berginga.[20] På denne tida gjekk skipet i fart mellom Nord-Amerika og Europa og på reise frå Montreal i Canada til Bremen i Tyskland med kornlast i desember 1927, fekk skipet ein del skade i uvêr over Atlanteren.[21]

I mars 1928 vart det meldt frå CardenasCuba at «Vela» hadde blitt påsegla av den danske damparen «M.C. Holm». «Vela» låg for anker og kollisjonen skjedde i tåke. Skaden vart stor og skipet måtte gå til Havanna for reparasjon.[22]

I februar 1929 vart skipet selt til A/S D/S Zephyros under Johan C. Wiese i Bergen. Prisen var 309 000 kroner.[2] 16. mai 1929 vart det meldt at «Vela» var kraftig forsinka i St. Johns i Canada på grunn av eld i bomullslasta. All lasta måtte lossas av og så lossas inn att, men dette tok tid på grunn av plassmangel på kaien. 75 bomullsballar var skadde av varmen, medan andre var vasskadde på grunn av sløkkingsarbeidet. Skipet kom frå Houston og for vidare Murmansk med lasta.[23] I juli same året vart det omdøypt «Zephyros». Wiese & Meidell tok over eigarskapet av A/S D/S Zephyros i desember dette året og skipet gjekk stort sett dei same rutene som før, mellom anna til Austersjøen, Kvitsjøen og Sør-Amerika.

Harry O. Jacobsen & Co kjøpte skipet i juli 1932, og i september 1932 vart skipet selt til A/S D/S Fjeld under Anton Meidell og det fekk namnet «Fjeld». Skipet vart til slutt selt til Tyskland, der det vart opphogd den 9. januar 1936.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 3 589 brt, 2 296 nrt og lasteevna var 5 800 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 8 128 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Centr. Marine Eng. Works, Hartlepool. Oppgjeven yting var 1 500 iHk (indikerte hestekrefter) og 291 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8,5 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Vela». Sjøhistorie.no. Henta 26. april 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Tegningsinnbydelse». Bergens Tidende. 18. januar 1929. s. 6. Henta 26. april 2020. 
  3. 3,0 3,1 Søk på "Rags" i arkivet til Bergens Tidene (krev abonnement)
  4. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 36. Henta 26. april 2020. 
  5. «Sydamerikalinjen». Bergens Tidende. 23. oktober 1919. s. 2. Henta 26. april 2019. 
  6. «Fra havnen». Bergens Tidende. 1. november 1919. s. 4. Henta 26. april 2019. 
  7. «"Vela" ligger i Kristiania med dansk last». Bergens Tidende. 21. april 1920. s. 5. Henta 26. april 2019. 
  8. «"Bayard" og "Vela"s danske last solgt til Norge». Bergens Tidende. 26. april 1920. s. 5. Henta 26. april 2020. 
  9. «Det Bergenske Dampskibsselskab virksomhet i aaret 1920». Bergens Tidende. 3. mars 1921. s. 2. Henta 26. april 2020. 
  10. «Bergenskes "Vela"». Bergens Tidende. 26. juli 1922. s. 5. Henta 26. april 2020. 
  11. «"Vela" skal gaa over til kullfyring». Bergens Tidende. 10. august 1922. s. 4. Henta 26. april 2020. 
  12. «Bergenskes "Vela" skal repareres her». Bergens Tidende. 10. desember 1923. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  13. «I dok». Bergens Tidende. 16. juni 1926. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  14. «Bergenske har to skib i Antwerpen». Bergens Tidende. 7. juli 1926. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  15. «"Vela"s grundstøting ved Hjelteskjæring». Bergens Tidende. 27. september 1926. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  16. «"Vela" kollisjon». Bergens Tidende. 14. februar 1927. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  17. «Bergenskes "Vela" er sprunget læk i isen». Bergens Tidende. 21. mars 1927. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  18. «Dødsfald». Bergens Tidende. 1. april 1927. s. 4. Henta 26. april 2020. 
  19. «"Vela" har været i kollision». Bergens Tidende. 4. april 1927. s. 4. Henta 26. april 2020. 
  20. «"Vela" har været paa grunn». Bergens Tidende. 28. april 1927. s. 4. Henta 26. april 2020. 
  21. «Bergenskes "Vela" har været ute i styggeveir». Bergens Tidende. 8. desember 1927. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  22. «Bergenskes "Vela" har været påseilet av en dansk baat». Bergens Tidende. 15. mars 1928. s. 7. Henta 26. april 2020. 
  23. «Bergenskes "Vela"s havari». Bergens Tidende. 6. mai 1929. s. 9. Henta 26. april 2020.