DS «Santa Rita»
Utsjånad
DS «Ulvik» i Hardanger | |
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | DS «Santa Rita» |
| Eigar: | M. J. O'Sullivan |
| Verft: | Grangemouth Dockyard |
| Sjøsett: | 1886 |
| Sett i teneste: | 1920 |
| Heimehamn: | Cork |
| Generelle mål | |
| Type: | Yacht |
| Tonnasje: | 47 brt |
| Lengd: | 25,3 fot (7,7 m) |
| Breidd: | 4,0 fot (1,2 m) |
| Djupgang: | 2,1 fot (0,6 m) |
| Installert effekt : | 17 nhk |
| Framdrift: | Dobbelsylindra kompoundmaskin |
| Karriere | |
| Namn: | DS «Ulvik» |
| Eigar: | HSD |
| Sett i teneste: | 1922 |
| Heimehamn: | Bergen |
| Kjennemerke: | JQDR/LFEP |
| Lagnad: | Opphogd 1938 |
D/S «Santa Rita» er eit dampskip levert i 1886 for M. J. O’Sullivan i Cork i Storbritannia som yacht. Skipet vart i 1922 selt til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) for 30 000 kr. og omdøypt DS «Ulvik» for bruk som turistskip på fjordane i Hardanger.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
I 1892 vart skipet seld til St. J. E. Daubeny i Kingswear, og i 1894 til George B. Thompson i Dublin. Han døypte skipet om til «Thaïs». Skipet skifta eigarar fleire gonger dei neste åra: Thomas G. Hawley i Coventry (1897), A. W. H. Meyrick i London (1900), C. H. Palenthorpe i Birmingham (1901) og Ellert A. Wallendahl i Bergen i 1903. I april 1922 vart skipet kjøpt av HSD.
Skipet var i teneste for HSD til det vart selt til hogging i Stavanger i 1938.