DS «Sirius»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

DS «Sirius» i Molde om lag 1890
Foto: Axel Theodor Lindahl
Karriere  Noreg
Namn: DS «Sirius»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Flensburger Schiffbaugeschellschaft i Flensburg
Byggekostnad: 350 435 kr.[1]
Verftsnummer: 76
Jomfrutur: 1885
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JVTL/LEUS
Lagnad: Søkkt av tyske bombefly i 1940
Generelle mål
Tonnasje: 877 brt, 536 nrt
Daudvekt: 600 tdw.
Lengd: 58,3 m
Breidd: 8,7 m
Djupgang: 6,1 m
Installert effekt : 150 nHk, 750 iHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (BMV)
Fart: 11 knop
Mannskap: 27 (1907)
Generelle mål etter ny motor 1908
Tonnasje: 962 brt, 534 nrt
Daudvekt: 820 tdw.
Lengd: 63,3 m
Installert effekt : 950 iHk
Framdrift: 3exp. (Laaxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri)
Fart: 10 knop

DS «Sirius» var eit dampskip bygd i 1885 av Flensburger Schiffbau Gesellschaft i Tyskland som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. Då Bergenske fekk kontrakt på hurtigruta i 1893 vart DS «Sirius» det skipet som vart valt til å ein gong i veka gå rundturen Trondheim-Tromsø i vinterhalvåret og til Hammerfest i sommarhalvåret. Den 3. juli 1894 gjekk DS «Sirius» sin første tur nordover.

I 1927 fjerna ein alle lugarane i skipet og nytta det som lastebåt i godsruta Oslo-Finnmark.

Den 18. mai 1940 vart «Sirius» senka av tyske fly utanfor Dyrøy. Sju av mannskapet som var om bord omkom, medan folk på land greidde å redde elleve personar som hadde klamra seg til diverse vrakgods.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Sirius» i Bergen om lag 1890.
Foto: Axel Theodor Lindahl

DS «Sirius» vart overlevert i april 1885 til ein kostnad på 350 000 kroner,[1] og starta karrieren som turistskip i Bergenske si Hamburg-rute. Den 3. juli 1894 vart DS «Sirius» sett inn i hurtigrutetrafikk og vart dermed det andre skipet i hurtigruta si historie. I 1896 fekk skipet innlagt elektrisk lys, og i 1899 vart innreiinga i akterskipet forandra. I 1901, 1909 og 1920 vart nye donkeykjelar lagt inn.

I 1908 vart DS «Sirius» bygd om ved Laxevaag Maskin & Jernskibbyggeri i Bergen. Skroget vart forlenga med 5 meter, og ein ny tresylindra trippel ekspansjonsdampmaskin vart installert. I 1912 hadde skipet lugarplass til 60 på 1. plass og 22 på 2. plass.

Mellom 1921 og 1925 gjekk skipet i rutetrafikk til Island. I 1927 vart DS «Sirius» ombygd til lasteskip for 108 000 kroner.[1] Etterpå vart skipet sett inn i godsrute mellom Oslo og Finnmark. I 1930 vart det sett inn straumlinjeforma ror.

Under det tyske åtaket på Noreg den 9. april 1940, var DS «Sirius» i Nord-Norge og vart sett inn i forsyningsteneste for dei norske forsvararane. Den 18. mai 1940 var DS «Sirius» på veg frå Tromsø til Risøyhamn, då skipet vart angripe av tyske bombefly. DS «Sirius» vart treft fleire gonger forut og midtskips, og brekte i to og sokk ved Finnlandsnes. Dei overlevande vart skoten etter med maskingevær. 11 personar redda seg i land, men kapteinen, styrmannen og fem av besetninga omkom da skipet gjekk ned.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019.