DS «Christoffer Ellingsen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS «Spica» (1915))
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Christoffer Ellingsen»
Eigar: Hindø Dampskibsselskab
Verft: Akers Mek. Verksted i Kristiania
Verftsnummer: 378
Jomfrutur: Juli 1915
Heimehamn: Sigerfjord
Kjennemerke: MLGT - LDUX
Generelle mål
Type: Passasjer- og l asteskip
Tonnasje: 500 brt, 213 nrt
Daudvekt: 550 tdw.
Lengd: 166,4 fot (50,7 m)
Breidd: 25,2 fot (7,7 m)
Djupgang: 12,9 fot (3,9 m)
Installert effekt : NHK 106 IHK 600
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Aker, Oslo)
Fart: 11 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Falkeid»
Eigar: A/S Falkeid
Kjøpt: Juni 1924
Heimehamn: Haugesund
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Spica»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Januar 1935 for 124 126 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Inger Lise»
Eigar: Alf Mortensen
Kjøpt: Februar 1951
Heimehamn: Oslo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Inger Lise»
Eigar: Govert Grindhaug
Kjøpt: Oktober 1955
Heimehamn: Åkrehamn
Lagnad: Forlis oktober 1956
Generelle mål Etter ombygging 1956
Type: Lasteskip
Tonnasje: 580 brt, 453 nrt
Daudvekt: 550 tdw.
Framdrift: 8 cyl. 2T dieselmotor (Crossley Brothers Ltd., 1944)
Fart: 11 knop

DS «Christoffer Ellingsen» (kallesignal MLGT - LDUX) var eit dampskip bygt i 1915 som lasteskip for A/S Hindø D/S i Sigerfjord.

Skipet var unikt då det vart bygt fordi lasteromma utelukkande bestod av kjølerom til å frakte fisk.[2]

I juni 1924 vart skipet selt til A/S Falkeid i Haugesund og vart omdøypt «Falkeid». I januar 1935 vart det selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), som gav det namnet «Spica». Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Spica er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Jomfrua.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Christoffer Ellingsen[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Akers Mekaniske Verksted i Kristiania og vart levert i juli 1915 til Hindø Dampskibsselskab under J.N.A. Ellingsen i Sigerfjord. Skipet gjekk i fart mellom Vesterålen og Vestlandet, og frå vinteren 1916 vart det sett inn i ilgodsrute mellom Stavanger, Bergen og Vesterålen for staten.[3] I mai 1919 gjekk skipet turar til Spitsbergen. Hausten 1919 vart det oppretta ei ny rute mellom Bergen og Tromsø, der Hindø D/S sette inn «Christoffer Ellingsen», [4] men det gjekk berre i denne ruta fram til januar 1920.[5] Sommaren juni leigde staten skipet til ei ny ilgodsrute mellom Trondheim og Tromsø.[6] Frå 8. februar 1922 gjekk «Christoffer Ellingsen» i timecharter for 1-2 månader for fersksildturar mellom Haugesund og England.[7] Seint i juni 1922 vart skipet chartra av eit spansk firma for å frakte kring 80 tonn fisk på is frå Vesterålen til Barcelona i Spania.[8] Turen var eit prøveprosjekt for å sjå om det var mogeleg å frakte ferskfisk på denne måten. Det var det ikkje. Då skipet var komen fram til Barcelona var det meste av fiske forderva, utanom kveitelasta. Sidan kveite ikkje tidlegare var innført i Spania, var det ikkje noko marknad for det, og denne vart òg dumpa på sjøen. Skipet returnerte til Noreg med fruktlast.[9] Vinteren og våren 1923 gjekk skipet igjen i timecharter med sild mellom Haugesund og England. Sommaren 1923 vart skipet leigd av ein del av sildeoljefabrikkar i Nord-Noreg til å drive forsøksfiske med posenot og garn etter sild i havet mellom Røst og Bjørnøya. Turen var rekna å ta ein og ein halv månad. Drifta var dels statsstøtta.[10] I august gjekk det i opplag i Sigerfjord, før det i oktober drog til Haugesund for å laste fisk for Lisboa.[11]

I februar 1924 vart det meldt at «Christoffer Ellingsen» var selt til Brødrende Tvedt i Haugesund for 250 000 kroner.[12] Det viste seg å vere ei mistyding, men skipet vart selt nokre månader seinare, i juni 1924 til A/S Falkeid, eigd av F.N. Nordbø i Haugesund, og det vart omdøypt «Falkeid».

Falkeid[endre | endre wikiteksten]

Som «Falkeid» gjekk skipet stort sett med sild eller isblokker frå Nord- og Vest-Norge til hamner i Nord-Europa og Storbritannia, og stundom kom det attende med kol i lasta.

Dei første turane skipet gjorde som «Falkeid» var i ferskfiskruta mellom Vest-Noreg og Hull i England for Ellerman-Wilsonlinjen.[13] Den siste turen for året i denne ruta var i byrjinga av september 1924.[14] Seinare på hausten gjekk skipet først i rute med sild frå Yarmouth og Hull til Hamburg, [15] og sidan mellom forskjellige hamner i England og Tyskland. Tidleg på vinteren 1925 segla skipet òg til Frankrike med sild.

5. mars 1926 grunnstøytte «Falkeid» like før innseglinga til Haugesund, men fekk ikkje noko skade og kunne halde fram sildefarta.[16] På veg til Stavanger frå Tyskland i slutten av juli 1926 kom skipet over eit søkkjeferdig finsk seglskip, SS «Ostrobotnia», utafor Helgoland. Mannskapet hadde vore tre dagar utan mat og vatn etter at skipet hadde sprunge lekk under ein storm som framleis rasa i området. Det vart sett ein livbåt på sjøen og frivillige frå «Falkeid» rodde over til seglskuta, som berre flaut på trelasta det skulle frakte til Frankrike. Ombord stod ti mann i ei klynge på ruffdekket med livbelte på. Ein mann frå seglskipet vart med livbåten attende til «Falkeid» for å hente vatn og proviantar, og planen deira vidare var å kome seg til Helgoland for eiga hjelp.[17]

I august 1927 gjekk skipet frå Bergen til SeydisfjordIsland for Det Bergenske Dampskibsselskab for å losse 1500 tønner sild.[18] Resten av året gjekk med til fart i Nord-Europa. I november 1927 var skipet involvert i ein dansk svindel, der ein mann hadde hevda at eit selskap i England kom til å ta opp konkurransen med danske reiarlag om frakt av kjøt til England. Mellom anna hadde han lova to nybygde skip, som skulle kunne frakte varene raskare enn vanleg fram til den engelske marknaden. Då det eine skipet ikkje kom som det skulle, fortalte han at det hadde fått motorhavari, men at han hadde skaffa eit norsk reserveskip, som då var «Falkeid». Skipet var på denne tida langsamt og lite, så dei danske slakteria som hadde klar fire jernbanevogner med flesk vart lang i maska, og svindelforsøket vart til slutt avslørt. Slakteria måtte gå til danske reiarlag om hjelp til å få frakta flesket.[19]

I september 1929 var skipet igjen ein tur til Island og frakta silda attende til Gøteborg. 18. februar 1930 gjekk «Falkeid» på grunn ved Nautøya i Sulen. Skipet hadde nettopp teke ombord fersk sild og var på veg til utlandet då ulukka skjedde. Ved flo sjø kom skipet av grunnen av eiga hjelp.[20]

Spica[endre | endre wikiteksten]

Utover i 1934 gjekk skipet i fiskefart for Det Bergenske Dampskibsselskab mellom Bergen og England, og i november 1934 vart det kjent at BDS kjøpte skipet.[21] Skipet vart overteke i desember 1934 og vart omdøypt «Spica». Det vart så sett inn i ruta til Newcastle med fisk, og kol attende til Bergen.[22] Prisen var 124 126 kroner.[1]

I juni 1938 vart skipet teke ut av Newcastleruta, då MS «Vega» kom til som ny Englandsbåt. Skipet segla ein tur til Frankrike med fisk same månad, og hadde ei overhaling på verkstad, men låg elles mykje i opplag utpå hausten, inkludert ein periode i Vaksdal som lager for korn fram til januar 1939. Skipet gjekk så nokre turar i rute mellom Vestlandet og Boulogne i Frankrike med fisk i januar og februar 1939, før det frå februar til mai 1939 igjen gjekk til Newcastle, då Vega og MS «Venus» var på verkstad for overhaling.[23] Det avløyste så DS «Ara» i ruta til Amsterdam i mai 1939[24] og fortsette i denne ruta til kort inn i september, då andre verdskrigen braut ut på kontinentet. Etter dette høyrer ein ikkje noko om skipet på ei stund, så det kan ha gått i opplag.

Tidleg i mars 1940 segla «Spica» til Newcastle med fersk fisk i lag med konvoien HN 17. Utanom ein kollisjon mellom to skip, gjekk denne konvoien fint. Skipet vende attende til Noreg med konvoi ON 21, og i slutten av mars var ho i konvoien HN 23A, igjen til Newcastle med fersk fisk.[25]

Då tyskarane invaderte Noreg 9. april, skal «Spica» ha vore på veg frå Newcaslte til Bergen, men fekk ordre om å snu attende til Storbritannia. Slik enda ho opp på alliert side og vart disponert av Nortraship. Det er mykje som tyder på at «Spica» segla ein tur til Tromsø i mai 1940, før Noreg kapitulerte.[25] Resten av sommaren og hausten vart skipet liggande i Tyne. 26. oktober segla ho ut via Methil og Kirkwall og kom fram til Reykjavik på Island 4. november.[25] Skipet gjorde fleire turar til Island i 1941. I juli 1941 segla frå Island og slo seg saman med den austgåande konvoien HX 134, og kom fram til Fleetwood den 11. juli. Ei ny reise vart gjort til Reykjavik i august og oktober 1941. Turane til Island heldt fram resten av krigen, særskild mange turar i 1944-1945 då ubåtfaren i Atlanterhavet var noko mindre. Òg etter krigen var over i mai 1945 fortsette «Spica» å segle mellom Island og Storbritannia. Den siste turen var i september 1945 og først 16. november 1945 kom skipet til Noreg. Skipet vart levert attende til BDS den 17. november 1945 etter utlossing i Leirvik på Stord. Den første turen gjekk så frå Lofoten til Antwerpen med fisk. I 1946 var det turar til Antwerpen, Newcastle, Hamburg og Bolougne, før det utpå hausten byrja å gå i fast rute til Amsterdam. Vinteren 1947 fekk «Spica» skadd propellen i isen i kanalen på veg inn til Amsterdam og måtte i slippen då det kom attende til Bergen.[26] Utpå våren var det ferdig i Amsterdam-ruta og hadde nokre turar til Hamburg, før det gjekk i opplag. Staten leigde så «Spica» for å frakte kjøt og anna fersk mat til Nord-Noreg.[27]

4. oktober 1947 vart det meldt i Bergens Tidende at BDS hadde selt «Spica» til Frankrike.[28] Truleg var dette ei misforståing. Skipet segla nokre turar til Le Havre, men fortsette å segle for BDS dei neste åra. Seint på året hadde det ein tur til Italia med ferskmat. I januar og februar 1948 hadde «Spica» eit par turar til Newcastle med ferskfisk, før det gjekk i opplag for ei lengre stund. Frå juni til oktober 1948 gjekk det i fast rute til Newcastle.

22. oktober 1948 var det uvêr i Bergen, der det vart store skadar ved Laksevåg verft og eit skip sokk ved Mjølkeråen. «Spica» låg ved Laksevåg verft for reparasjon då fortøyingane sleit seg og det hamna i drift på Puddefjorden. Skipet dreiv inn i fjøra i Kirkebukten og måtte ha hjelp av taubåten DS «Vulcanus» attende til Laksevåg.[29]

Vinteren og våren 1949 gjekk skipet nokre turar til England, men elles mykje til Hamburg, før det frå sommaren og ut året gjekk i rute til Newcastle. Vinteren og våren 1950 låg skipet i opplag, før det tok opp att fiskeruta til Newcastle på sommaren. I oktober 1950 gjekk det i opplag i Bergen. 17. februar 1950 var det meldt at «Spica» var selt til eit austlandsreiarlag.[30]

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

I februar 1951 vart skipet selt til Alf Mortensen i Oslo og fekk namnet «Inger Lise». Året etter vart det selt til Tjøme verft i Tønsberg og motoren vart teken ut. Skipet gjekk då i opplag.

I oktober 1955 kjøpte Govert Grindhaug i Åkrehamn skipet og i august 1956 vart det bygd om til motorskip ved Brødrene Lothe A/S i Haugesund. Nokre månader seinare, den 27. oktober 1956 kantra skipet og sokk i Nordsjøen, 30 nautiske mil sørvest av Lista fyr på reise frå Trondheim til Hamburg med kis. Besetninga gjekk i livbåtane og vart redda av MS «Blendheim».

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 500 brt, 213 nrt og lasteevna var 550 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 612 . Lasteromma var isolert ved hjelp av 12 centimeter tjukk impregnert korkstein og skulle isolere så godt at dei i praksis fungerte som kjølerom.[2] Lasterommet kunne lagre 3000 kassar fisk på 100 kg kvar.

Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Aker i Oslo. Oppgjeven yting var 600 iHk (indikerte hestekrefter) og 106 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11 knop.[1]

I 1956 vart skipet ombygd til motorskip med ein 8-sylindra 2-takts dieselmotor frå Crossley Brothers Ltd. frå 1944. Skipet vart då ommålt til 580 brt. og 453 nrt.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Spica». Sjøhistorie.no. Henta 3. august 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Hindø Dampskibsselskab fisketransportskip». Oslo: Norges Handels og Sjøfartstidende. 6. juli 1915. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  3. «Ilgodsrute Bergen-Vesterålen». Oslo: Norges Handels og Sjøfartstidende. 28. desember 1916. s. 3. Henta 3. august 2020. 
  4. «Ny godsrute Bergen - Tromsø». Trondheim: Nidaros. 7. oktober 1919. s. 7. Henta 3. august 2020. 
  5. «A/S Hindø Dampskibsselskab- Et dårlig driftsår». Bergen: Bergens Aftenblad. 21. oktober 1920. s. 8. Henta 3. august 2020. 
  6. «Ny ilgodsrute». Bodø: Nordlandsposten. 8. juni 1921. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  7. «D/S «Christoffer Ellingsen»». Bodø: Nordlandsposten. 11. januar 1922. s. 3. Henta 3. august 2020. 
  8. «Ferskfisk fraa Vesterlaalen til Spania». Kinn: Firda Folkeblad. 30. juni 1922. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  9. «Fisken som blev styrtet i sjøen utenfor Barcelona». Bergen: Bergens Tidende. 5. august 1922. s. 4. Henta 3. august 2020. 
  10. ««Christoffer Ellingsen»». Hadsel: Vesteraalens Avis. 8. juni 1923. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  11. «Fra Sigerfjord». Hadsel: Vesteraalens Avis. 2. oktober 1923. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  12. ««Christoffer Ellingsen» solgt». Hadsel: Vesteraalens Avis. 12. februar 1924. s. 2. Henta 3. august 2020. 
  13. «Ferskfiskruten Nord- og Vest-Norge - Hull». Bergen: Bergens Tidende. 13. juni 1924. s. 7. Henta 3. august 2020. 
  14. «Ferskfiskruteskibet «Falkeid» paa sidste tur iaar». Bergen: Bergens Tidende. 30. august 1924. s. 7. Henta 3. august 2020. 
  15. «Sildeeksporten». Haugesund: Haugesunds Avis. 7. oktober 1924. s. 4. Henta 3. august 2020. 
  16. «Haugesundsdamperen «Falkeid» grunnstøtt». Haugesund: Haugesunds Avis. 5. mars 1926. s. 4. Henta 4. august 2020. 
  17. «En norsk sjømannsdåd i Nordsjøen». Bergen: Bergens Tidende. 31. juli 1926. s. 7. Henta 4. august 2020. 
  18. «Islandsruten». Bergen: Bergens Tidende. 18. august 1927. s. 4. Henta 4. august 2020. 
  19. «En dansk svindelforetagende». Haugesund: Haugesunds Avis. 13. desember 1927. s. 8. Henta 4. august 2020. 
  20. «Haugesundsdamperen «Falkeid» på grunn i Sulen». Haugesund: Haugesunds Avis. 18. februar 1930. s. 7. Henta 4. august 2020. 
  21. «D.s. «Falkeid» solgt». Haugesund: Haugesunds Avis. 22. november 1934. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  22. ««Falkeid» - «Spica 2»». Bergen: Bergens Tidende. 8. desember 1934. s. 11. Henta 4. august 2020. 
  23. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 6. desember 1938. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  24. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 20. mai 1939. s. 9. Henta 4. august 2020. 
  25. 25,0 25,1 25,2 «D/S Spica». USA: Warsailors.com. Henta 4. august 2020. 
  26. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 28. februar 1947. s. 7. Henta 4. august 2020. 
  27. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 19. juli 1947. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  28. «Bergenske selger «Spica»». Bergen: Bergens Tidende. 4. oktober 1947. s. 3. Henta 4. august 2020. 
  29. «Bergenske «Spica» i drift på Puddefjorden». Bergen: Bergens Tidende. 23. oktober 1948. s. 1. Henta 4. august 2020. 
  30. «Bergenskes «Spica» solgt». Bergen: Bergens Tidende. 17. februar 1951. s. 2. Henta 4. august 2020.