DS «Thor»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thor (ship, 1867).jpg
DS «Thor»
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Thor»
Eigar: August C. Mohr m.fl.
Verft: Bergen Mek. Verksted i Bergen
Verftsnummer: 7
Sjøsett: 1867
Jomfrutur: Juli 1867
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPWL
Lagnad: Krigsforlis 1916
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 371 brt, 216 nrt
Daudvekt: 425 tdw
Lengd: 43,0 m
Breidd: 6,7 m
Djupgang: 5,3 m
Installert effekt : 54 NHk
Framdrift: 4cyl. Comp. (BMV)
Fart: 8,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Thor»
Eigar: W.D. & L.M. Krohn
Kjøpt: Januar 1868
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Thor»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Sett i teneste: Nov. 1871 til Des. 1898
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Thor»
Eigar: Wollert Konow
Kjøpt: Des. 1898
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Thor»
Eigar: P. Johnsen
Kjøpt: Okt. 1913
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Thor»
Eigar: P. Johnsen
Kjøpt: Okt. 1913
Heimehamn: Bergen
Generelle mål ombygging til motorskip
Type: Lasteskip
Framdrift: 2T Bolinder råoljemotor
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Thor»
Eigar: I. Wankels Rederi
Kjøpt: Des. 1915
Heimehamn: Moss
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Thor»
Eigar: A/S Thor (Stian Løvaas)
Kjøpt: Sep. 1916
Heimehamn: Moss
Lagnad: Krigsforlis i Nordsjøen 1916

DS «Thor» (kallesignal JPWL) var eit dampskip bygt i 1867 som lasteskip og levert for August C. Mohr & Søn med fleire i Bergen i juli 1867. Skipet vart bygd som det sjuande bygget til Bergen Mekaniske Verksted og fekk ein dampmotor frå BMV.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I januar 1868 vart det selt til Wollert D. Krohn med fleire i Bergen og i november 1871 vart det kjøpt som det sjette skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) for 20 000 spesidalar. Det vart då sett inn i ruta mellom Bergen og Kristiania, etter at DS «Bergen» hadde forlist utafor Mandal i oktober 1871. Det gjekk sidan i lengre tid ein gang i veka i Hamburgruta då ruta vart utvida til Tromsø og Vadsø. Skipet var kjend for å vere punktleg.[1]

I 1885 vart det bygd overbygg framme på skipet og det fekk ny indrekjel. I 1890 fekk det ny donkeykjel på 80 pund.[2]

I desember 1898 selde BDS skipet til Wollert Konow i Bergen, som hadde det til oktober 1913 då det vart selt vidare til P. Johansen i Bergen. I juni 1915 kjøpte Langesund Ophugn. Co. i Langesund skipet og bygde det om til eit motorskonnert med ein Bolinder-motor. Då det var ferdig ombygd, vart det selt til I. Wankel i Moss i desember 1915 og i september året etter tok A/S Thor (Stian Løvaas) i Moss over skipet. Heile tida beheldt det namnet «Thor».

I 22. oktober 1916 var «Thor» på fart mellom Skien og Grimsby i England med ferrosilisum, amoniumnitrat og tørr tremasse då det kl. 1530 vart stogga av den tyske ubåten UB-21 med kaptein Ernst Hashagen. Ubåten avfyrte to skot føre baugen på «Thor» og signaliserte at alle papira om bord måtte visast fram. Kaptein Hashagen erklærte at lasta var krigskontrabande og gav ordre om at skipet med last skulle senkast. Ubåten geleida så «Thor» til dei kom fram til eit anna fartøy som kunne ta opp mannskapet. Kl. 1715 nådde dei fram til skonnerten «Livlig» frå Kristiania og alle på «Thor» måtte gå i livbåtane. Heile mannskapet vart plukka opp og klarte seg. Kl. 1721 vart det siste skotet med kanoneld avfyrt mot «Thor», som sokk kl. 1750.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «D/S Thor». Sjøhistorie.no. Henta 1. mai 2019. 
  2. «D/S Finmarken». Sjøhistorie.no. Henta 28. april 2019. 
  3. [cite book|url= https://www.sjohistorie.no/api/file/56205 |title=Sjøforklaringer over krigsforliste norske skibe i 1916 | pp = 266-267| access-date = 1. mai 2019]