DS «Ursa» (1911)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ursa»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Bergen Mekaniske Verksted i Bergen
Byggekostnad: 239 741 kr[1]
Verftsnummer: 169
Jomfrutur: juni 1911
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MGRC - LFET
Lagnad: Opphogd 1960
Generelle mål
Tonnasje: 945 brt, 635 nrt
Daudvekt: 1430 tdw.
Lengd: 214,3 fot (65,3 m)
Breidd: 32,2 fot (9,8 m)
Djupgang: 13 fot (4,0 m)
Installert effekt : 106 nHk, 552 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (BMV)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Renvik»
Eigar: Ola T. Flakke
Kjøpt: november 1948
Heimehamn: Kristiansund
Karriere Flag of Germany.svg Vest-Tyskland
Namn: DS «Leerort»
Eigar: Willy Burns
Kjøpt: mars 1957
Heimehamn: Leer

DS «Ursa» (kallesignal MGRC - LFET) var eit dampskip bygt i 1911 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygd ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og kosta 239 741 kr[1] då det vart levert i juni 1911.[2]

I 1917, under første verdskrigen, vart skipet rekvirert av Shipping Controller i Storbritannia og Temple, Thomson & Clark tok over som operatør. Det vart levert attende til BDS i 1919.

I 1940 vart det sett inn kjølerom i stor- og akterrom, men alt same året braut det ut brann i storrommet medan skipet var i København. Skipet vart reparert i Helsingør.

I november 1948 vart skipet selt til Ole T. Flakke i Kristiansund og fekk namnet «Rensvik». Skipet vart selt vidare til Willy Burns i Leer i Vest-Tysklan i mars 1957 og fekk då namnet «Leerort». I 1960 vart skipet selt til Belgia for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 945 brt, 635 nrt og lasteevna var 1430 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1751 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 552 iHk (indikerte hestekrefter) og 106 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

I 1930 fekk skipet straumlinjeror og i 1939 vart det sett inn radio og peileapparat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Ursa». Sjøhistorie.no. Henta 29. desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 28. Henta 29. desember 2019.