DS «Vøringen» (1861)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Voringen by Fredrik Martin Sorvig.png
Måleri av Fredrik Martin Sørvig.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Vøringen»
Eigar: Brunchorst & Dekke
Verft: Hull i Storbritannia
Sjøsett: Våren 1861
Jomfrutur: 27. juni 1861 (første rutetur)
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1923
Generelle mål
Type: Lokalruteskip
Tonnasje: 158 bruttotonnregister, 108 nrt
Lengd: 109 fot (33,2 m)
Breidd: 15,6 fot (4,8 m)
Djupgang: 8,5 fot (2,6 m)
Skrogmateriale: Jarn
Installert effekt : 30 NHK
Framdrift: 2-sylinder lågtrykksdamp
Passasjerar: 216 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: D/S Vøringens I/S
Kjøpt: 1871
Heimehamn: Arendal
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: J. Hansen m.fl.
Kjøpt: 1873
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ny maskin 1873
Installert effekt : 35 NHK
Framdrift: 2cyl. Comp. (Laxevaag Maskin- & Jernskibsbyggeri, Bergen)
Fart: 7-8 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Chr. Magnus & P.G. Pettersen
Kjøpt: 1874
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Vøringens I/S (Laurvigens Dampskibsselskab)
Kjøpt: Januar 1875
Heimehamn: Laurvik
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: D/S Vøringens I/S (P. A. Johannessen)
Kjøpt: April 1881
Heimehamn: Skien
Generelle mål etter forlenging i 1886
Tonnasje: 178 bruttotonnregister, 123 nrt
Lengd: 119,3 fot (36,4 m)
Breidd: 15,6 fot (4,8 m)
Djupgang: 8,5 fot (2,6 m)
Passasjerar: 120 passasjerar
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Vøringens A/S (A. Johnsen)
Kjøpt: November 1892
Heimehamn: Skien
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: A/S Arendals Dampskibsselskab
Kjøpt: November 1903
Heimehamn: Arendal

DS «Vøringen» var eit norsk dampskip og det første skipet i fast rute frå Bergen til Sunnhordland og Hardanger på midten av 1800-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Vøringen» vart bygt i Hull og levert til skipsbyggeri og reiarlag Brunchorst & Dekke i Bergen i mai 1861. Det skulle gå ruta Bergen til Odda utan statsstøtte, eit resultat av Stortinget si avgjersle på 1850-talet om å privatisere kystrutene. Amtmannen for Søndre Bergenhus amt hadde då kontakta Dekke for å få dekt ruta Bergen, innover Hardangerfjorden, til Odda. Første tur gjekk 27. juni 1861 med Johan Jepsen som kaptein og Helge Aga (seinare DS «Hardangeren») bak rattet.[1][2][3] Det gjekk ein gong i veka på sommaren og annakvar veke på vinteren. Om sommaren tok ein rundtur to døger og åtte timar med overnatting i Eide og Terøy, sju timar kvar stad. Sidan det mangla fyr og sjømerke tok vinterruta tre døger og 11 timar. Ho låg då i ro i 12 timar frå femtida på ettermiddagen til femtida om morgonen i Bakka i Kvinnherad begge vegar og i Odda.[4]

Første sommaren gjekk ikkje ruta til Ulvik og Eidfjord, noko som den lokale folkesetnaden reagerte sterkt på. Vøringsfossen, som båten er kalla opp etter, ligg til dømes i Eidfjord og det var snakk om å boikotte båten. Sommaren 1862 vart ruta utvida med stopp i både Ulvik og Eidfjord og i juli same året vart ruta utvida til to turar i veka, den eine med Ulvik og den andre med Odda som endepunkt. Denne ekstraruta hadde òg ein tur innom Maurangerfjorden av omsyn til fotturistar over Folgefonna.[4]

8. mai 1865 opna «Vøringen» fast rute i indre Sunnhordland med stoppestader i Sund, Bakholmen, Færøysund, Laukhamar, Toftevåg, Skånevik, Birkenes og Ølen. I Ølen korresponderte «Vøringen» med DS «Ryfylke». «Vøringen» gjekk frå Bergen mandag morgon og var attende tysdag ettermiddag. Turen tok 34 timar med 14 timars overnatting i Ølen. Seinare vart dette flytta til Etne.[4]

Etter kvart kom det to konkurrentar, DS «Bjørnen» (1865) og DS «Vikingen» (1865),[5] men alt frå starten av kan det verka som det var samarbeid mellom «Vikingen» og «Vøringen».[4] Våren 1867 opna «Vikingen» ei ny rute Bergen-Stavanger-Hardanger-Stavanger-Bergen. Denne gjekk ein gang i veka og korresponderte med «Vøringen» i Terøy og Sunde til og frå Hardanger.[4] Konkurransen med «Bjørnen» gjorde derimot at «Vøringen» byrja å gå i ruta Bergen-Hardanger kvar veke gjennom heile året frå sommaren 1867. I november 1867 lyste staten ut nye anbod på ruta Bergen-Hardanger. «Vøringen» og «Vikingen» gjekk saman om å søkje og konkurrerte med Stavangerske Dampskibsselskab, som hadde bygd DS «Stavanger». Truleg på grunn av røynslene i 1867 fekk «Vøringen» og «Vikingen» ruta, men trass i det nære samarbeidet hadde dei kvar sine ekspeditørar i Bergen.[4]

I 1868 skipa Helge Aga Interessentskabet Hardangeren som fekk bygd DS «Hardangeren» i 1869. I 1871 starta ein Det Søndhordlandske Dampskibsselskab som tok over mykje av kystrutene der omkring. Siste tur for «Vøringen» på denne ruta var i mars 1869[6] og gjekk i fart til Indre Sunnhordland to ganger i veka i staden.

«Vøringen» vart av Brunchorst & Dekke utleigd i sommarmånadane 1876 til 1878, som forskingsfartøy til Den norske Nordhavsekspedisjon 1876–78 med Henrik Mohn og Georg Ossian Sars blant leiarane. Frå prosjektrapporten er det skildra at ho kunne nå 7,5-8 knop i roleg vêr. Før sommaren 1877 vart segla heva noko for å gje meir fart. Skipet vart lasta med 1400 tønner kol og det gjekk to tønner kol i timen. Det var seks fyrbøtarar om bord, i tillegg til to maskinistar. Skipet hadde ein sjef to skipsoffiserar, tre styrmenn, ein båtsmann, ein tømmermann i tillegg til åtte heilbefarne og like mange halvbefarne matrosar. Skipet hadde ein skipskokk med tenar og ein messekokk. I tillegg kom dei seks-sju forskarane.[7]

Fra 1903 til 1923 var det registrert hos Arendals Dampskibsselskab som kystruteskip (ei tid den såkalla «Breviksruta»), inntil det vart opphogd i Arendal i 1923.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar H. Spang (17.12.2008). «Tidlige tider - før Tide». Bergens Tidende. 
  2. Åsmund Lien (14.7.2007). «Då dampbåten var moderne». Bergens Tidende. 
  3. «Bergen Havn ca 1870, ukjente skip». 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Kolltveit, Bård (1980). Over fjord og fjell. s. 49-59. ISBN 8299061709. 
  5. «Privat og fylkeskommunal dampskipsdrift». Arkivverket. 2004. 
  6. O. Olafsen (1907). Ullensvang : en historisk-topografisk-statistisk Beskrivelse af Ullensvangs Herred. Bergen. 
  7. Henrik Mohn (1882). Den Norske Nordhavs-Expedition 1876-78.