DS «Stord»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS Stord (1913))
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Stord 2016.jpg
D/S «Stord 1» på veg til Bekkjarvik, våren 2016
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Stord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Laxevaag Maskin- & Jernskibsbyggeri
Verftsnummer: 110
Sjøsett: 1913
Teke ut av teneste: 1969
Kjennemerke: MJHS/LEYT
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 376 brt
192 nrt
Lengd: 144,5 fot (44,0 m)
Breidd: 23,8 fot (7,3 m)
Djupgang: 9,1 fot (2,8 m)
Installert effekt : 470 ihk
Framdrift: Trippel ekspansjonsmaskin (LM&JSB)
Fart: 11
Generelle mål etter forlenging i 1934
Tonnasje: 465 brt
267 nrt
Lengd: 155,8 fot (47,5 m)
Breidd: 23,8 fot (7,3 m)
Djupgang: 9,1 fot (2,8 m)
Generelle mål etter ombygging i 1949
Tonnasje: 469 brt
256 nrt
Installert effekt : 1000 bhk
Framdrift: 2x 12 cyl. 4T EV dieselmotor (Davey, Paxman & Co. Ltd., Colchester, b.1945)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «O. T. Moe»
Eigar: Oslo Krets av Det Blå Kors, Oslo
1980: Norsk Veteranskipklubb i Oslo
Overdratt: 1969
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Stord I»
Eigar: Foreningen Fjordabåten, Rommetveit/Bergen
Overdratt: 1984
Generelle mål etter ombygging i 1986
Installert effekt : 500 ihk
Framdrift: Trippel ekspansjonsmotor (Cammell Laird & Co. Ltd., b.1942)

DS «Stord» er eit dampskip som vart bygd i 1913 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Skipet kosta den gongen 220 000 kroner. Etter ein periode med dieselmotor, vart det i 1980-åra igjen sett inn dampmotor og han vart restaurert som DS «Stord 1» til slik ho såg ut i 1931, men vart totalt utbrend i mai 1987. Skipet vart igjen restaurert av Veteranskipslaget Fjordabåten i Bergen og var ferdig restaurert i 2006. 22. oktober 2007 vart skipet overtført til Stiftelsen D/S Stord I i Bergen og er i dag i fart som veteranskip.

Historie[endre | endre wikiteksten]

DS «Stord» i Ulvik. Foto frå Hardanger og Voss Museum.

DS «Stord» vart bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin- og Jernskibsbyggeri for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Skipet gjekk i rute i området mellom Bergen, Hardanger, Sunnhordland og Stavanger fram til 1969.

eksplosjonen i Vågen i Bergen skjedde den 20. april 1944, låg «Stord» ved Holbergskaien i lag med DS «Ullensvang» og DS «Aalvik». For å kome seg bort frå brannfaren som utvikla seg i bygningane ved kaien, tok førstestyrmann Fleten på «Stord» og kaptein Lund på «Ullensvang» skipa ut på fjorden med «Aalvik» på slep. Alle dei tre skipa (og mange andre) vart hardt skadde av eksplosjonen og måtte reparerast.

Frå 1947 til juli 1949 vart skipet ombygd ved Bergens Mekaniske Verksteder i Solheimsviken. Ho fekk ny skorstein og dieselmotor. Ho vart levert 13. juli 1949 og sett i ruta Bergen-Odda. 2. oktober 1962 kolliderte ho med Fred.Olsen sitt «Bravo» nær Knarrevik og fekk mindre skadar. Ho låg i opplag og vart i september 1969 seld til Blå Kors og nytta det som losjiskip i Oslo under namnet «O. T. Moe».

Veteranskipslaget Fjordabåten overtok skipet i 1981 og etter omfattande restaurering, der dieselmotorane vart skifta ut med dampmaskineri igjen, gjekk DS «Stord 1» sin andre jomfrutur i mai 1987. 20. mai 1987 braut det ut brann i maskinrommet i Langenuen og skipet vart totalskadd. Etter ein nye runde med omfattande restaurering gjekk skipet for eiga maskin igjen 6. august 2005. Det står framleis att omfattande arbeid med innreiing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]