DS «Tyssedal» (1912)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS Tyssedal (1911))
Hopp til navigering Hopp til søk
SS Tyssedal.jpg
DS «Tyssedal» i Hardanger som bilferje.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Tyssedal»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Mjellem & Karlsen
Verftsnummer: 44
Sjøsett: 1911
Teke ut av teneste: 1941
Kjennemerke: MHCT/LFEG
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 232 brt
120 nrt
Lengd: 113,2 fot (34,5 m)
Breidd: 22,1 fot (6,7 m)
Djupgang: 9,8 fot (3,0 m)
Installert effekt : 28 nhk
Framdrift: 2 cyl. kompoundmotor (M&K)
Fart: 8 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bjørungen»
Eigar: A. F. Bjørnestad i Oslo/Tvedestrand i 1945 A/S Bjørungen i Oslo
Generelle mål etter ombygging i 1951
Tonnasje: 255 brt
170 nrt
Installert effekt : 300 bhk
Framdrift: 6cyl. 2T DM (H. Widdop & Co. Ltd., Keighley, b.1942)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Elsi»
Eigar: Sivert Rundhaug, Kopervik i 1953
Generelle mål etter ombygging i 1954
Tonnasje: 266 brt
170 nrt
Lengd: 137,6 fot (41,9 m)
Breidd: 22,1 fot (6,7 m)
Djupgang: 9,8 fot (3,0 m)
Installert effekt : 300 bkh
Framdrift: 6syl Widoop (1942)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Budal»
Eigar: Alf Sætre m.fl., Bergen i 1955
Generelle mål ny motor 1959
Installert effekt : 280 bhk
Framdrift: 4cyl. 2T dieselmotor (Alpha-Dieel A/S, Frederikshavn, 1957)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Skudebu»
Eigar: S/E Skudebu (Knut Larsen), Skudeneshavn i 1962
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Bente»
Eigar: Sverre Koch, Skien i 1967
Gudmund Hansen, Trondheim/Skien frå 1975
Heimehamn: Trondheim (frå 1978)
Lagnad: Forliste 1. november 1978

DS «Tyssedal» var eit dampskip bygt for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1912. Fram til 1942 var båten ein godsrutebåt for selskapet. Det var tiltenkt føring av gods for tungindustrien i Hardanger, men enda likevel i ulike bilferjeruter på 1930-taøet som enkelt innretta «bilferje» med bilene på tvers av lasteluka. Etter at HSD selde skipet i 1941 skulle ho få ein lang karriere som fraktefartøy i kystfart under fleire namn og for ulike eigarar fram til ho forliste ved innløpet til Straumsjøen i Vesterålen 1. november 1978.

DS «Tyssedal»[endre | endre wikiteksten]

«Tyssedal» vart levert i januar 1912 frå AS Mjellem & Karlsen i Bergen godsrutebåt til Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab, Bergen. Byggeprisen var 78 000 kroner. Den første kapteinen var D. G. Dietrichson og ho gjekk i godsrute Bergen-Odda, særleg for å tene tungindustrien i Hardanger. Båten hadde stor tilgang på gods den første tida. Ho gjekk òg i vanleg kystfart ved sidan av godsrutefarten, men låg i lengre periodar ``og i opplag i Bergen.

17. mars 1924 segla «Tyssedal» på reise i kystfart Slemmestad-Ølen med sement, då ho grunnstøytte ved ObrestadJæren. Laste- og maskinrommet var fylt med vatn og båten fekk botnskadar. Skipet vart reparert. Hausten 1924 gjekk «Tyssedal» ein periode i fast godsrute mellom Oslo og Odda med fleire stopp undervegs, men dette varte berre ein kort periode. I 1925 frakta «Tyssedal» demonterte bygningar frå Nestunet i Mundal til Oslo for oppføring ved Norsk FolkemuseumBygdøy.

Skipet vart i 1932 noko ombygd og vart tilpassa føring av bilar på tvers av lastelukene, og same året vart ho sett inn i «ferjeruta» Øystese-Ringøy-Eidfjord, saman med motorkutteren til HSD, MK «Kinsarvik». Dette var inga praktisk løysing og styret i HSD fekk derfor fullmakt til å kontrahere ei dedisert bilferje. I 1938 vart ruta nedlagd då den nye ferjeruta Ålvik-Kinsarvik i Hardanger opna med den nybygde HSD-ferja MF «Folgefonn» (1938). «Tyssedal» vart no ombygd og ytterlegare tilpassa bilføring og sett inn i ferjerute Kyrping-Fjæra i Åkrafjorden.

Då krigen braut ut låg skipet i opplag i Bergen. Tyske styresmakter sette krav om rekvisjon fleire gonger, men HSD kom seg stadig unna ved å vise til pågåande ombygging frå bilferje til lastebåt. Tyskarane trua då med å ta MF «Folgefonn» i staden. Då HSD mottok eit god bod på «Tyssedal», valte ein derfor å selje for kome ut av dilemmaet.

DS «Bjørnungen»[endre | endre wikiteksten]

I november 1941 vart skipet seld til DS AS Bjørnungen / v. A. F. Bjørnestad i Oslo for kr. 181 000. Det vart då omdøypt «Bjørnungen» og sett i kystfart. I 1943 vart skipet angripe av allierte fly ved Lista, men kom uskadd frå åtaket. I oktober 1943 tok Andreas Stoltenberg i DS AS Bjørnungen i Oslo over skipet.

«Bjørungen» låg i opplag i Trondheim frå hausten 1949 til mars 1951.

MS «Elsi»[endre | endre wikiteksten]

I mars 1951 vart skipet seld til Sivert Rundhaug i KopervikKarmøy for kr. 110 000. Ho vart ombygd ved Br.Lothe AS Flytedokken i Haugesund. og fekk ny motor. I september 1951 vart det levert og sett i fart som fraktefartøyet «Elsi» (fiskerinr. R-45-SL). Det vart nytta i både kyst- og Nordsjøfart.

1. oktober 1953 var «Elsi» på reise Slemmestad-Tromsø med 5600 sekker sement då ho gjekk på land ved Pirholmen fyr vest av Austevollshella i regn og skodde. «Elsi» vart assistert det andre fraktefartøyet til eigaren, «Busta», inn til Austevollshella med tydeleg lekkasje. Bergingsbåten «Uller» kom til og fekk retta opp og lensa «Elsi». Etter at 800 sekker sement var heva over bord, vart «Elsi» slept til Bergen. Lasten var da vasskadd og resten vart hive over bord på Byfjorden. «Elsi» vart reparert ved AS Mjellem & Karlsen, Bergen.

I 1954 vart skipet forlenga ved Br.Lothe AS Flytedokken i Haugesund.

MS «Budal»[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart i april 1955 selt til Alf Sætre m.fl. i Bergen for kr 420 000. Det fekk då namnet «Budal» og fortsette i kyst- og Nordsjøfart. I denne tida vart skipet på ny ombygd med nytt styrehus, rigg, vinsjar og radar montert, og i 1956 vart skipet overført til P/r Budal ved Alf Sætre i Bergen. Ny motor vart montert i 1959 i Århus i Danmark, ein 4 sylinders 2tev Alpha dieselmotor.

MS «Skudebu»[endre | endre wikiteksten]

«Budal» vart i desember 1961 seld til Sameiet Skudebu ved Kurt Larsen, Jacob Risdal & Johs.Solstad i Skudeneshavn på Karmøy for 375 000 kroner. Ho fekk då namnet «Skudebu».

MS «Bente»[endre | endre wikiteksten]

I mai 1967 vart ho seld til Sverre Koch i Tollnes ved Skien for 330 000 kroner og omdøypt «Bente». Ho vart seld vidare i desember 1975 til Gudmund Hansen i Trondheim og nytta i kystfart. I 1978 vart skipet registrert i Trondheim.

1. november 1978 var «Bente» på veg frå Namsos til Nord-Noreg med trelast og jern då ho grunnstøytte ved innløpet til Straumsjøen i Vesterålen og sokk. Mannskapet på fem vart redda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skipet.no
  • «Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980» Bård Kolltveit 1980
  • Dag Bakka jr.
  • Trygve Eriksen jr. arkiv