Deutsche Tourenwagen Masters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DTM)
Logo
DTM billaup ved Hockenheimring i 2008.
Den danske føraren Tom Kristensen i ein Audi A4.
Tyske Bernd Schneider i Mercedes-Benz har vunne meisterskapen fire gonger

Deutsche Tourenwagen Masters eller DTM er ein bilsportserie med base i Tyskland, men som vert køyrd på baner over heile Europa. Ein nyttar standardbilar, bilar med karosseri som gatebilar, men tilpassa for billaup. Ein køyrer med Audi A4 og Mercedes C-klasse. Tidlegare satsa og Opel på DTM, men utan større framgang drog dei seg ut etter 2005 sesongen. Den store tyske bilprodusenten BMW satsar på WTCC og formel 1 istaden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Deutsche Tourenwagen Masters har historie frå opprettinga av Deutsche Tourenwagen-Meisterschaft i 1984, der ein konkurrerte med FIA sine Gruppe A reglar. Reglane vart endra etterkvart for å tillate modifikasjonar.

Ved den første sesongen var det nær berre tyske førarar, men med 1985 sesongen kom utlendingane og svenske Per Stureson vann meisterskapen med sin Volvo 240 Turbo. I 1988 deltok fire bilprodusentar, BMW, Ford, Mercedes-Benz og Opel. Berre Ford køyrde med turbomotorar og Klaus Ludwig kunne ta meisterskapssigeren tilbake til tyskland igjen.

I 1993 forlet ein Gruppe A reglane til fordel for ein meir liberal 2.5 liters serie kalla Klasse 1 og det første DTMlaupet i Storbritannia vart arrangert. I 1995 vart DTM halde i Italia, Finland, Storbritannia, Portugal og Frankrike, i tillegg til dei tyske laupa.

Etter å ha utvida horisonten mot utlandet, gjorde ein forsøk på å bli eit internasjonalt meisterskap som skulle ha namnet International Touring-Car Championship, Forkorta ITC. Ein søkte FIA om støtte til den nye serien. I bytte skulle FIA få kontroll over korleis serien vart halden. Ei stor del av inntektene skulle gå til FIA, med det resultatet at deltakarlaga klaga over at dei fekk mindre for å investere i serien, medan reiseutgiftene vart større med dei internasjonale rundane. FIA auka prisen for fjernsynsrettande, noko som gjorde at DTM forsvann frå skjermane over nesten heile Europa.

Ein var heller ikkje heldig med valet av baner til å køyre på. Rundane ved Magny-Cours, Frankrike og spesielt Interlagos hadde for få tilskodarar. Bilfabrikantane stilte dessutan også spørsmål om kvifor dei køyrde i land der bilane deira ikkje vart selde. Til dømes vart ikkje Alfa Romeo seld i Brasil og Japan. Det siste gjaldt og for Opel. Begge bilfabrikantane trekte seg difor ut etter 1996 sesongen og med berre Mercedes attende, vart DTM-serien lagt på is.

DTM returnerte i 2000 med nye reglar og utan status som eit internasjonalt meisterskap. Initialane DTM står no for Deutsche Tourenwagen Masters. Dei fleste rundane går i Tyskland.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1. plass 2. plass 3. plass
2009 Flagget til Tyskland Timo Scheider
Audi A4
Det britiske flagget Gary Pafett
Mercedes-Benz C-Class
Det britiske flagget Paul di Resta
Mercedes-Benz C-Class
2008 Flagget til Tyskland Timo Scheider
Audi A4
Det britiske flagget Paul di Resta
Mercedes-Benz C-Class
Flagget til Sverige Mattias Ekström
Audi A4
2007 Flagget til Sverige Mattias Ekström
Audi A4
Flagget til Canada Bruno Spengler
Mercedes-Benz C-Class
Flagget til Tyskland Martin Tomczyk
Audi A4
2006 Flagget til Tyskland Bernd Schneider
Mercedes-Benz C-Class
Flagget til Canada Bruno Spengler
Mercedes-Benz C-Class
Flagget til Danmark Tom Kristensen (1967- )
Audi A4
2005 Det britiske flagget Gary Paffett
Mercedes-Benz C-Class
Flagget til Sverige Mattias Ekström
Audi A4
Flagget til Danmark Tom Kristensen
Audi A4
2005 Flagget til Sverige Mattias Ekström
Audi A4
Det britiske flagget Gary Paffett
Mercedes-Benz C-klasse
Det nederlandske flagget Christijan Albers
Mercedes-Benz C-klasse
2003 Flagget til Tyskland Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
Det nederlandske flagget Christijan Albers
Mercedes-Benz CLK
Flagget til Sveits Marcel Fässler
Mercedes-Benz CLK
2002 Flagget til Frankrike Laurent Aïello
Audi TT
Flagget til Tyskland Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
Flagget til Sverige Mattias Ekström
Audi TT
2001 Flagget til Tyskland Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
Flagget til Tyskland Uwe Alzen
Mercedes-Benz CLK
Det britiske flagget Peter Dumbreck
Mercedes-Benz CLK
2000 Flagget til Tyskland Bernd Schneider
Mercedes-Benz CLK
Flagget til Tyskland Manuel Reuter
Opel Astra
Flagget til Tyskland Klaus Ludwig
Mercedes-Benz CLK

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: DTM